Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.
Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.
Eg har sett krigaren i deg, og er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt.
Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.