Det har vel ana meg at vesla vår kan vere litt vekksjemd. Slik ein lite smule meir enn det som er vanleg.
I Danmark byrja me å jobbe med å plukke av ho skrikinga, og fekk hjelp frå Carol som jobbar mest med den sosiale kompetansen til borna. Det er heilt ufatteleg og sjå kor utspekulert vesla er. Eg har verkeleg ikkje sett det før me gjorde denne testen. Carol la ho ned på golvet, og som vanleg starta sirena med ein gong. Me skulle ikkje plukke ho opp før ho slutta å skrike. Ho prøvde med ulike grader av sutring og hylskriking, og innimellom kikka ho rundt seg og lurte på kvifor me sat der utan å ta ho opp. Då ho til sist gav seg og fekk kome opp, byrja ho å teste oss med ein gong. Fornerma-leppa kom fram og sutring gjekk over i grining for å seie at det ikkje var greit at ho måtte liggje nede slik. Me skulle straffast litt. Kvar gong ho skreik, la me ho ned. Då ho vart roleg fekk ho kome oppatt.
Som me sa til Carol: God, we`ve created a monster.
Carol: A very smart monster though
Hehe, det har ho rett i...
Det viser seg altså at ho har lurt oss, og no er det innstramming. Me vil ikkje ha ein skitvott av ein unge heime, ho må kunne oppføre seg. Eg har høyrt at born med ekstra utfordringar ofte kan vere skikkeleg ufordragelege, dei vert ikkje sett grenser for på same måte som andre. Det er ikkje så vanskeleg å forstå, det er ofte "synd" i dei. Her skal det ikkje verte slik, det har me bestemt oss for.
Viser innlegg med etiketten Danmark. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Danmark. Vis alle innlegg
lørdag 14. juli 2012
mandag 9. juli 2012
Centrumsplassen - me møtes igjen!
Hu og hei, me har susa oss avgarde til Svendborg i Danmark i dag. Kvart halvår reiser me for å møte Family hope, antan det er i Danmark eller USA. Dei siste gongane har me vore på hotell Svendborg i Danmark. Same hotell, same rom og same buffet til middag. Greit å vite kva ein får.
Har alt møtt nokre frå teamet tilfeldig, vert alltid glad av å sjå dei. Spent på kva dei seier denne gongen, både om vidare progresjon og planar - og om medisineringa me har gjort for at vesla skal sove litt.
Me får sjå i morgon. Her i Danmark er det natt no.
søndag 28. februar 2010
Tusen takk
Me er heimattkomne etter ei hektisk veke i vårt flate naboland. Etter høgintensive seminardagar og reise, kjenner eg meg ganske tom, men glad. Det har vore eit gjevande kurs, me boblar over av inspirasjon og tankar. No skal det roast ned i nokre veker før me bestemmer oss for vegen vidare.
Tusen tusen takk til alle som har kryssa tær i Kongsberg, fingrar på Voss, sendt gode tankar frå Møre og Romsdal samt støtte rundt om i Hordaland! Det varmar, og eg trur jammen meg det hjalp.
Med ei slik støtte skal de sjå me klarer oss heilt til vegs ende, kor enn det måtte vere!
Tusen tusen takk til alle som har kryssa tær i Kongsberg, fingrar på Voss, sendt gode tankar frå Møre og Romsdal samt støtte rundt om i Hordaland! Det varmar, og eg trur jammen meg det hjalp.
Med ei slik støtte skal de sjå me klarer oss heilt til vegs ende, kor enn det måtte vere!
Etiketter:
Danmark,
Family Hope,
Intensiv trening
fredag 19. februar 2010
Danmark

Me reiser til Danmark i morgon.
Sommarfuglar i magen og ei lita høns i baksetet, dette vert spennande.
Send oss gode tankar.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)