- Det nydelege,rare veret. Skodde og mørkt, sol og varmt. Herleg blanding.
- Dei litt kaldare og klåre kveldane.
- At eg er så himla flink med maten for tida.
- Og at eg er ørlitegranne betre på å ta vare på meg sjølv.
- Norske epler, sjølv om dei er kjøpt i butikken og ikkje plukka heime i Hardanger.
- Guten min som seier google- google heile tida. Eg lurer på om han googlar / scannar alt han kjem over for å forstå kva det er han ser?
- Jenta mi som har det ganske bra for tida.
- Mannen min.
- At minsten klarer å leggje seg litt betre enn han har gjort.
- Alle telefonane og mailane eg har ordna i dag - og pågangsmotet dei har gitt meg.
- Assistentar som er nye, men alt har vore her lenge nok til å ha gangen i ting.
- At mammo og pappen kjem til helga.
tirsdag 9. september 2014
Dette gjer meg glad
Dette gjer meg glad ein tysdag i september :
mandag 8. september 2014
I dag:
Mykje kunne vore sagt om tida som er passert sidan sist eg har blogga. Raskt oppsummert vil eg berre seie : me har hatt ein god sommar og no er jammen meg veslebroren vår blitt 1 år alt.
Eg sit her og funderer på korleis ein forklarer førskuleungar dette med å vere annleis. Det slår meg, at det kanskje er me vaksne som lagar så stort fuzz ut av slikt. Ikkje borna. Dei stiller spørsmåla dei lurer på, ærleg, utan filter. Og det må me tole å høyre. Og gi ærlege svar attende til dei.
I bunn og grunn er me jo alle forskjellige. Me er gode på forskjellige ting og har ulike kvalitetar.
Eg skriv ei lita bok som jentungen kan ha med seg i barnehagen, slik at dei kan få litt svar på det dei lurer på. Limer inn bilete også, så kan dette vere hennar måte å fortelje om seg sjølv på. Det er ikkje alltid så lett å svare når ein ikkje har språk. Sjølv om eg til stadig tek meg i å tenkje at ein får uttrykt uendeleg mykje likevel.
Sukk, gode jenta mi. Kor eg tenkjer og tenkjer på deg.
Suss frå mammo

tirsdag 17. juni 2014
Tida
Kor blir ho av, tida?
Vesleguten vår veks seg så stor og er blitt 10 månedar alt. Korleis har det gått til? No må me passe på han heile tida. Han et alt han kjem over (også kveps!), klatrar over alt (også i trapper!) og er generelt ganske søt.
No skal han straks leggje ut på sin første amerikatur. Det blir spennande!

onsdag 21. mai 2014
Kva er eit menneske verd?
Kva er eit menneske eigentleg verd?
Det er ein sak eg har fundert på mange gongar etter me fekk jenta vår.
Eg sit og jobbar med ein rapport som skal inn i forbindelse med anka vår. Det er 17 månedar sidan saka blei vidaresendt til nemda for anke. Saka kjem opp antan før eller etter sommarferien. No har me fått beskjed om å ta video av at ho liker ting, ikkje er likegyldig til det som skjer rundt seg. Det er tipset advokaten vår gir. Det blir gjort store forskjellar ut i frå kognitive ferdigheiter i forhold til erstatning.
Filmen skal ikkje vare lenge, maks to minuttar og kommentarane våre kan ikkje vere lange. Det blir behandla noko og 30 saker på same møte. Dei har mykje papir om vesla, mest av alt er dei opptekne av diagnosa hennar. Ein diagnose som ut i frå gamle tankesett ikkje høyrer saman med intelligens, kan ein kanskje seie. Vel, det er ikkje noko tvil om at frøkna her i garden gjer dei tankane til skamme. Men frustrasjon blir det likevel. Kvifor skal ein måtte bevise ting som at ho koser seg i basseng? Er ho meir verd om ho koser seg i basseng enn om ho ikkje gjer det? Kva med dei som gleder seg over ting, men som manglar mimikk. Er dei mindre verd? Er mi jente mindre verd fordi ho er seint i gang med kommunikasjon? Ei påført skade som har gjort språk og syn utfordrande er hennar store problem i denne samanhengen. Er andre med godt syn meir verd enn ho?
Kvifor skal ein få meir i erstatning om ein har vore utsett for same type skade, men skada har gitt ulike utslag? Kvifor er ikkje det ein samanheng mellom større skade = meir erstatning? Ikkje mindre skade = større nyttiggjeringsverdi, slik sakane er i dag. Eg tør påstå at det er meir utfordrande dess meir omfattande skade ein har fått. Det betyr ikkje at det ikkje er moglegheiter, men det betyr at det må jobbast ekstra mykje for. Det er vel kanskje der erstatninga og nemnda bommar, dei meiner gjerne at det ikkje er vits i.
Det er eit skammeleg menneskesyn Pasientskadeerstatninga og Pasientskadenemda har.

onsdag 14. mai 2014
Elektrodresstest
Elektrodressen blei programmert på fredag. Den er så tøff! No er me superspende på dei langvarige resultata, like etterpå er vesla i alle høve mjuk og fin. Det er så kjekt å vere i gang med noko me ha tenkt på så lenge.
Heng godt etter på oppdateringsfronten på bloggen, har drukna i papirarbeide i det siste. Då blir blogg nedprioritert. Me kavar med å finne ei god økonomisk løysing for å få i havn huset vårt. Det er ikkje så lett å få gjennomslag på søknadar tydlegvis. Meir om dette ein annan dag.
God natt!

søndag 4. mai 2014
Vel overstått påske og 1.mai
Jadå, her har me hatt nokre laaange rundar med sjukdom. Først mageproblem for storesyster, igjen. Det varte ganske lenge. Så blei veslebroren sjuk. Deretter blei mammo sjuk. Og pappen har stort sett hengt i strikken og jobba på.
Men me er her altså ;
og alle er byrja kome seg til hektene igjen.
Og snart er me klare for våren og kanskje litt betre blogging ?! Det er målet!

mandag 7. april 2014
Bestemorbesøk
Hei der!
Har hatt det så travelt den siste veka. Me har hatt besøk av bestemor i fleire dagar og har kosa oss masse. Me var på premietur til byen og gjekk på akvarium, sidan storevesla har vore så superflink i det siste.
Synd eg ikkje kunne vise fram eit bilete av kveita på 80 kg, men dykkaren var omlag like stor og gjorde like mykje av seg. De får nøye dykk med eit bilete av han!

mandag 31. mars 2014
Den berømte songen
Songen som var omtala i førre innlegg har vore til stor munterheit for heile familien den siste veka.
Melodien blei spelt inn på xylofon på mobilen min, deretter sendt over til nokre vennar som har ein son som også trener som vesla mi. Denne fine karen lagde ein feiande flott tekst til melodien. Han fekk beskjed av frøkna her kva den skulle handle om : mamma og pappa.
Teksten er blitt følgjande:
Pappaen min - best i verda
Følgjer meg trygt på ferda
Han er min
Mammaen min - best i verda
Følgjer meg trygt på ferda
Ho er mi
Og eit nydeleg vers om dei to syskjena -
alt vil vi gjera
hand i hand ut i verda
Ein ting er at eg blei rørt når jenta mi laga melodien. Men når teksten kom til blei det jammen endå meir rørande. Deretter fekk me den tilsendt ferdig innspelt - og i helga har det skjedd noko som overgår det.
Me besøkte desse flotte folka og trur du ikkje ungane sette i gang med musikkvideo-innspeling? Den blei sendt til oss seint i gårkveld via dropbox og eg stortuta. Så mykje det bur i dei!
Eg er så stolt at eg trur eg sprekk!

onsdag 26. mars 2014
tirsdag 25. mars 2014
The 60s
Sundag køyrde me ein liten tur mens vesleguten vår sov.
Fekk 60-tals vibbar då me kom køyrande bak denne bilen.
Herleg eller hur?
mandag 24. mars 2014
Elektrodress
torsdag 20. mars 2014
Rosa prinsesse, vel!
Me har lenge jobba med lesekort, men i det siste har me auka intensiteten og lagt til fleire kategoriar. Kor deilig er det ikkje når ein går gjennom fargane og femåringen ler av glede når me snur kortet "rosa"? Jentete, sa du?
I dag måtte eg avgarde på butikken og kjøpe nokre skikkeleg jenteblad som me kan skrive kort i frå og lese historiar frå i etterkant. No blir det mykje klissete kjærleik framover, hildrande du!
"Askepott er kjempeforelska" stod det i eine historia.
Eg hadde nok elska det bladet på hennar alder. Ho var strålande nøgd med gåva som følgde med bladet, ringar, smykke og ein heilt vassekte prinsessebutton. No gler eg meg til å tilby spennande kort som ho kan glede seg over!

Ut med korta om sofa og kjøleskap,
inn med korta om Rapunsel og evig kjærleik.
Det er trass alt viktigare å halda den rosa motivasjonen levande!
onsdag 19. mars 2014
Magi
Først og framst, tusen takk til dere fine vener som skriv kommentarar på bloggen min og sender sms om at de har lese innlegg. Takk for at de oppmuntrar til å forsetje blogginga. Set stor pris på det! Legg gjerne att kommentarar, det er så hyggjeleg!!
Det har kome mange sigrar vår veg dei siste to vekene. Ein del av bøkene me les har spørsmålsark til sist, plutseleg har ho fått sjansen til å vise om ho forstår kva me les. Kjennes magisk når ho då kan seie at "ein må vere 18 år for å ha stemmerett i Noreg". Ho forstår!!
Det er jo noko eg har sagt heile tida, men når ein er den som skal dra lasset og ha steinhard tru på det utan å vike så er det tungt i periodar. Ein kan ikkje miste motet og ikkje miste den draumen som er langt der framme. Draumen om at ho ein dag kan ha augestyrt kommunikasjonsverkty og seie dei raraste ting.
Kanskje at ho er klin forbanna på meg fordi eg er streng og ikkje så grei alltid, men at ho elskar meg likevel fordi eg aldri har gitt ho opp? Det drøymer eg om.
I dag blei den draumen litt meir verkeleg. Eg hadde ein telefonsamtale med ei som inspirerer meg veldig, som har mykje erfaring og som har trua på den store vesle jenta mi. Kor fantastisk kjensle det er når ho seier at det sjølvsagt må gå an at ho får til dette verktyet. Eg skal be om utprøving så snart det let seg gjere, har høyrt det kan ta oppimot eitt år før ein får hjelpemiddelet og er i gang med testing. Eitt år er lang tid!

mandag 17. mars 2014
Attende frå tystnaden
Eg har hatt meg ei god pause frå bloggen, så god at ingen les den lenger, kanskje?!
Ein dag sat eg og kikka igjennom nokre av dei tidlege innlegga eg hadde skrive. Då såg eg kor mykje eg ville ha gløymt om eg ikkje hadde skrive det ned. Eg trur eg må ta til å blogge litt innimellom, slik at eg ikkje gløymer alt det gode som skjer i kvardagen.
Det gode i kvardagen er den vesle sjarmøren vår. Han er til å ete opp der han kryp rundt, reiser seg overalt og smiler dagen lang. Han er sju månedar og har sju tenner. Me lærer han stadig betre å kjenne, og ser stadig likskapen med systra, både i utsjånad og i sinn. Fine ting å oppdage. Den andre goden i kvardagen er den flotte jenta vår. Ho har det betre for tida, det kjennes på alle sitt humør og energinivå.

Desse to finingane gjer kvardagen god og travel!
onsdag 18. desember 2013
Det nærmar seg jol
Med stormskritt nærmar det seg jol.
Har ikkje spesielt kontroll på noko som helst i
det høve. Har vore på sjukehuset kvar dag denne veka.
Ho er innlagt igjen.
4. gongen på tre veker me er på sjukehuset no.
Magen finn me ikkje heilt ut av,
sjølv om det kjem opp nye ideèar jamnt.
I dag har ho ete liggjande over fanget mitt,
strekt som ein planke.
Legane snakka om at ho er betre og vil sende ho heim i morgon.
Eg vil ikkje ta med meg heim ein unge som ikkje kan sitje
i stolen sin fordi ho er stiv av stress
og har det vondt.
Ho skjærer tenner og det er tydeleg at forma er langt frå topp.
I kveld kom det kirurg og såg på ho,
han var stressa og likte ikkje det han såg.
Jol blir det sjølv om me ikkje ventar på den.
I morgon skal eg prøve å få kjøpt inn noko av
jolestemninga,
reknar med frøkna får kome heimatt før jolafta.
Best å handle før ho kjem sidan eg ikkje anar korleis forma hennar er.
Er ikkje sikkert det er så lett å forlate huset når ho er heimattkomen.
Sjukemeld assistent har me også,
så eg trur ikkje me har ekstra hender i helga.
Dei som ikkje har sjuke ungar,
eg trur ikkje dei veit kor godt dei har det.
Normaltid i adventsmånaden -
eller kva tid som helst -
det skulle eg gitt mykje for!
Abonner på:
Innlegg (Atom)