Her i gården har det virkeleg vore ei spesiell veke. Ikkje berre har eg fått meg nytt vikariat på den aller kjekkaste jobben, me har jammen fått fleire gode nyhender.
Ein av dei var å prøve nedtrapping av medisinar, det har vore ein del uheldige bieffektar i det siste.
Det andre er at frøkna vår har fått medhald, og vil få erstatning, eit slag mindre som skal kjempast. Ei sikrare framtid og kanskje litt enklare ?!
Og i dag kom det endå ein beskjed som me har venta på i spenning: Me får støtte til intensiv trening frå hausten av og Family Hope prøver å finne ein ledig plass i boka til oss.
Jubel, jubel for absolutt alt!
Desse beskjedane har letta litt på det trykket som har vore i det siste. Eg kjenner det slit på meg når alt er så usikkert, eg liker å vite kva eg gjer nokre månedar fram i tid. Det er framleis ei heil raus med spørsmål som ikkje er svart på, men me kjenner oss tryggare på at våre framtidsplanar kan realiserast no.
Dei positive tankane er gode å ta med seg inn i helga!
fredag 25. juni 2010
fredag 18. juni 2010
Brokkolilukt
I karmen på kjøkkenglaset står det friske urter, oregano, basilikum og mynte. Det er fantastisk godt å ha friske urter i maten og dei pyntar fint opp. Kontrasten frå den gode myntelukta vert stor når me på ny har utforska verda av dårlege duftar. I nokre månedar lot me det ligge ein brokkoli og kose seg i karmen, den var riktignok innepakka i ein tett boks. Det fungerte faktisk ikkje så godt, den rotna jo ikkje, slik vår plan var. Me fekk ikkje brukt den i luktetreninga og Tupperwareboksen er merka for livet, sjølv etter 5 vask i oppvaskmaskina luktar den rart.
Altså kan det ikkje anbefalast å leggje brokkoli i tette boksar, eg foreslår heller at de lar den liggje fritt i karmen og la prosessen gå sin gang. Luktar det stygt, syns eg de skal ta det som me gjer her i huset, luktetrening for å stimulere hjernen. Det kan vel alle ha godt av ?!
God helg

mandag 14. juni 2010
Små ting
Det ujamne innleggsfrekvensen på bloggen er kanskje litt forvirrande for dere som prøver å følgje meg jamnt. Ei veke fem innlegg, andre veker ingen. Saka er at eg bruker bloggen min når det kjennes rett ut. Når eg kjenner at eg må skrive frå meg litt lukke eller ulukke. Meininga var at eg skulle prøve å snu dårlege dagar ved å kjenne på dei små og lukkelege stundene. Sjølv om alt til tider rasar rundt meg, har eg klart å halde fast ved at eg må tenkje ut noko fint å skrive. Det gjer godt.
No sit eg på kontoret og ser ut på ein flott sommarkveld. Eg har stått på kjøkkenet og kokkelert til veslefrøkna i mange timar. No har me både fiskekraft og laksemiddagar for ei stund framover. I dag er det lukke med tystnad.

søndag 13. juni 2010
Ruskande gal klokke
Sundag igjen, og eg har ikkje prioritert blogging spesielt høgt på lista mi denne veka heller. Her går det for seg, me er opptekne med å ta eit skritt framover og tre attende. Det er litt sjukdom på gang igjen, kursing på jobb og nye spennande arbeidsoppgåver som eg snart tek fatt på.
Nokon har byrja vakne midt på natta og drive med skråling for at dei andre i huset også skal stå opp. Me har hatt noko lunde kontroll på det, og det har skifta litt frå tid til anna om ho sovnar att. Det merkelege er at ho er tidsinnstilt. Det speler visst ikkje noka rolle om ho sovnar klokka åtte, (det skjer nesten aldri) eller om ho sovnar klokka ti (det skjer nesten alltid). Ho vaknar likevel klokka fire på natta. "Juba juba, folkens!", seie ho liksom. Det trur eg i allefall.
Eg tenkjer med meg sjølv at det er noko riv ruskande gale med den indre klokka hennar. Den går for fort, og er feilinnstilt, i allefall når det gjeld søvn. Rykta seier at ho har nokon å slektast på ?!

mandag 7. juni 2010
Stinkeost
Dei siste månadane har me hatt for oss eit spennande prosjekt her i heimen, me har dyrka fram ein heilt ny ost. Me har tatt ein Coeur de Lion (eller "Stinkeost", som tanteborna mine kallar den..) og latt det gå ca 4 månadar over siste forbruksdato. Stinkeosten har fortent namnet sitt, og hadde allereie før den var utgått ein kraftig nok lukt til at mor mi vaska kjøleskapet i jakta på det som var øydelagt. Dei siste dagane har osten solbada seg også, det må ein kunne kalle siste finpuss av verket.
Eit ledd i Family Hope er stimulering av luktesansen til vesle snella. Me pakkar ut prosjekt- osten frå ein boks og så av ein pose, deretter ein ny pose. Det renn litt damp frå posen. Så til saken: Far held osten innåt nasa hennar, mens han sjølv held pusten. Mor kjenner lukta heilt i frå balkongen og inn på kjøkkenet, umiddelbart opnar ho vindauga og startar utlufting.
Kva gjer snella?
Ho gliser... Ahhh, seier ho.
Av og til, er ho verkeleg den raraste eg veit om!

søndag 6. juni 2010
Nær himmelen
Nydeleg.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)