tirsdag 29. mai 2012

17. mai

Me har feira 17.mai i år også, 
bileta vert blogga fleire veker etterpå.

Me hadde ei fin feiring med besteforeldrene frå Hardanger på besøk. 
Stas!

onsdag 23. mai 2012

Tru, håp og kjærleik



Augestyrt kommunikasjon.
Eit håp for vesla mi for framtida. 

søndag 6. mai 2012

Meir hus

Me må bestemme oss for arkitekt snart, og det er så spennande.
Planen er å gjere noko med romløysingane i huset vårt. Eg må innrømme at eg har lettare
for å henge meg opp i detaljane enn dei store linene.
Som her:

Bibliotekarhjarta mitt bankar for desse hyllene.

Detaljar i frå nok eit Steven Holl hus.


http://www.stevenholl.com/project-detail.php?type=houses&id=57&page=0


fredag 4. mai 2012

Eit hus i vente

I går starta me med prosessen kring endringar av huset vårt. 


Planen er å byggje ein ny del til Vesla, der skal det vere mogleg å gjennomføre treningsdagane og ha avlastning. Det skal vere praktisk tilpassa dei behova ho har no, og dei ho kan ha om 20 år. 
Eg elskar funkishus, og har ein draum om at hennar del kan vere funkis og firkanta. Vårt hus skal det også gjerast noko med, og eg vonar det kan vere mogleg å byggje desse husa saman utan at det vert enorme stilbrot. Kanskje fasadane kan tilpassast.




I dag har eg hengt litt på nettstaden til Steven Holl. Den New York baserte arkitekten teikna Hamsunsenteret på Hamarøy. Eg var der på studietur i vinter og vart veldig begeistra for arkitekturen.  Holl er bruker lys som verkemiddel i bygg, og det likar eg.



 Bill Timmermann har teke bileta eg lånte frå Holl si heimeside.
http://www.stevenholl.com/project-detail.php?type=houses&id=57&page=0


torsdag 3. mai 2012

Ferien i år

Eit lite stykke av italiensk lukke

Her skal me nyte livet ei veke i september,
hoho!

onsdag 2. mai 2012

Late hyttedagar

Her har me brukt fridagane vår i det siste

tirsdag 1. mai 2012

Bestevennar

To fine bestevennar 

Me hadde besøk av ei kjekk jente i helga, ho kallar seg både storesøster og bestevenn - eigentleg er ho vel ein god blanding. Den tidlegare assistenten vår fulgte oss gjennom tjukt og tynt i Oslo eitt år, og vart deretter med vidare til Sunnmøre i fjor haust. No er ho attende i storbyen, heldigvis har ho ikkje gløymt oss.  Me gløymer ikkje ho heller, kjekkaste jenta!