Plutseleg helg igjen.
Helga starta med husrydding og vask i går, litt gjenstår framleis, men det er ikkje like ille som ein vanleg fredag i alle fall. Tidleg ferdig på jobb i dag, og det vert fint. Har planar om å handle inn nokre fine tulipanar, og litt ekstra god kvelds. Også te - litervis med te, skal konsumerast. Så skal me benke oss framføre TVen utover i dei mørke timane.
I dag skal nemleg nokre av tøffingane frå "Ingen grenser" på Skavlan. Og det har eg tenkt å sjå! Eg har venta på serien lenge, og må seie det er imponerande å sjå kor steintøffe desse folka er. Ekstra moro å sjå den blide bibliotekaren som utdanna seg samstundes som meg, han er ein riktig fin fyr. Å sjå muligheiter i staden for begrensningar er noko me prøver på sjølve også, då varmar det hjarta å sjå "Ingen grenser".
Ynskjer alle søtingane der ute ei riktig god helg, håpa de kjenner på fredagslukka, de også.
To arbeidsdagar att før det er påskeferie.. Åh, herlege tid!