torsdag 28. februar 2013
Ein smakebit
Hyllene mine byrjar å fyllast opp, det blir mykje dobbeltplassering for tida. Bakdelen med å jobbe der eg gjer er den spennande butikken. Eg må gå forbi den kvar dag både til og frå kontoret. Eg endar gjerne med å kjøpe litt for mange bøker der.
Bibliotekar, sa du?
onsdag 27. februar 2013
Slik heng vi i hop
Foten henger fast i leggbeinet
og leggbeinet henger fast i lårbeinet
og lårbeinet henger fast i hoftebeinet.
Ja,slik heng vi i hop.
Refreng:
./. Dei beina, de beina, dei rare beina/
(3 ganger)
Ja,slik heng vi i hop.
Det er mange ting eg uventa har måtta uroa meg for. Visste ikkje at det kunne vere så mykje problemar i ein liten menneskekropp, men når alt heng i hop og ingenting jobbar på lag, då er det ikkje greitt. Beina er jo litt rare, men det raraste av alt er tarmane. I alle dagar, kan dei ikkje berre samarbeide snart?
Me har prøvd veldig mykje forskjellig men stort sett så er det ikkje betre enn det var for nokre månadar sidan. Jodå, me har forstått at det er nokre allegiar ute å går, men mykje av det ser rett og slett ut til å skuldast dårleg kommunikasjon mellom hjerne og tarm. På mørke dagar lurer eg på om dette er noko ho kjem til å slite med for alltid? All den smerta, for alltid?
Håpar som alltid at FHC skal redde verda og magen.
*Hjartesukk*
lørdag 23. februar 2013
Unge mødre
Ikkje at eg er i den kategorien. Ikkje at eg likar slike seriar heller. Men altså, har sett sesongstart av Unge mødre på torsdag fordi det er med ei knalltøff jente der. Pia, som trener sonen sin Nicho, trener etter FHC. Eg må seie ho imponerer. Ho er aleine med sonen sin, bur heime hjå far sin og trener den vesle sonen sin intensivt. Eg lurer på om eg hadde vore moden noko til å ta eit slikt val som 21 åring? Eg har tenkt å følgje med framover også.
Same dag gjekk det ein dokumentar på TV2, Mitt lille land, som denne veka handla om Preben som også trener FHC. (Kva passar vel betre enn at slike program kjem på TV no, like etter den nedslåande rapporten?) Eg såg den på nett i går, det kan de også gjere om de er interesserte. Synest det var fint og trist, eg grein gjennom heile dokumentaren. Er så utruleg emosjonell når det gjeld barn med knallharde utfordringar, eg set vesla vår i same situasjon med eingong. Eg likte forresten ikkje at assistenten hans skulle gi Preben korreks på at det blir for vanskeleg for han å bli politi. Dersom Preben trur det, så må han få lov å draume og jobbe mot det målet. Det fine med denne dokumentaren er at det viser at ein hjerneskade ikkje er det same som at ein ikkje er intelligent. Det er viktig at folk forstår!
Eg elskar å lese om / høyre om / sjå andre som trenar same metode som oss, eg er alltid på jakt etter andre sine sigrar. Dei gir meg pågangsmot og styrke, eg gøymer dei i hjarta og kjenner håpet smitte over på meg.

torsdag 21. februar 2013
Godgjering til påskeferien
Me er byrja glede oss til påskeferie, tanken er byrja godgjere seg. Alltid same stad, hytta i Hardanger og heile familien er samla. Gler meg veldig til å få vere i lag med dei. Påska er jammen den finaste høgtida eg veit. I dag har eg bestilt nytt akebrett til snella, eit der setet er passeleg og nakkestøtta ikkje er langt nedpå ryggen. (Ho er blitt lenger, ja.)
Fekk også komla meg til å bestille pulk. Er du klar onkel J? Det er du som må ta ho med deg, mannen min kan ikkje bremse, det hugsar du sikkert. Rekna med du har så lyst til at vesla skal vere ute på ski at du ordnar opp. Hoho!! Draumen er at me skal kome oss meir ut og gå på ski denne påska enn det me har fått til tidlegare. Det har ikkje vore så lett etter den vesletausa kom til verda.
| Kjekt med søskenbarn som tek seg godt av den minste! |
Fekk også komla meg til å bestille pulk. Er du klar onkel J? Det er du som må ta ho med deg, mannen min kan ikkje bremse, det hugsar du sikkert. Rekna med du har så lyst til at vesla skal vere ute på ski at du ordnar opp. Hoho!! Draumen er at me skal kome oss meir ut og gå på ski denne påska enn det me har fått til tidlegare. Det har ikkje vore så lett etter den vesletausa kom til verda.
tirsdag 19. februar 2013
Ny dubeditt
Har brukt 18.000 DKK på ein ny sak til vesla sin trening i dag. Det er ein pustevest. Den skal koplast til kompressoren (som me kjøpte til trykktanken) og har ein slange på 10 meter. Vesten har luftlommer som bles inn og ut dei skal hjelpe frøkna med å koordinere pustinga.
På ein måte er det slik som når ein var liten. Kraup oppi senga til mammo og pappen, låg og lytta til pappen sine snork slik at eg kunne puste samstundes som han til eg sovna. Dette skal koordinere hennar pust og håpet er at det skal gjere at ho kjem til å svelje mindre luft når ho et. Det er nemleg eit stort problem for ho som slit sånn med magen. Spennande om dette har ein god effekt!
Vidunderet blir produsert akkurat no og kjem til oss om 2-4 veker.

mandag 18. februar 2013
Ein ting og to om motstand
Det er komen oss i hende ein norsk/dansk rapport som undersøkjer effekta av Doman og Family Hope Center sitt intensive treningsprogram. Det var ikkje noko lystig lesing. Rapporten er ein del av ei studie laga på Rikshospitalet. Eg har ein del innvendingar. Kanskje ikkje så interessant for dykk, men eg blir så forbanna når eg les slikt makkverk. Forbanna og så inderleg redd for at den stønaden me har for å kunne gjennomføre vårt program skal forsvinne. Det er det viktigaste tilbodet me har. Først kjempa me for pleiepengane og no kjem altså denne rapporten. Skal dei ta vekk denne stønaden også?
Det har vore tre grupper med i studie, ei har fungert som kontrollgruppe, altså har det vore ei gruppe som nyttar vanleg habiliteringsteneste. I tillegg har det vore med to grupper med ulike samansetningar av familiar / born som trener etter FHC / Doman prinsippa. Me veit at mange familiar som trener ikkje har ønskja å vere ein del av denne studien, difor er det kanskje litt få som er representert. I rapporten ser me at fleire familiar har trekt seg frå studien undervegs, me veit at mange reagerte på fokuset hjå dei som gjorde undersøkjingane. Det er kanskje ikkje så rart. Dei har berre målt såkalla milepælar, som å gå og snakke. Borna som trener har særs omfattande skader, det er kanskje ikkje så rart at dei ikkje har byrja å gå eller snakke to år etter Riks møtte dei første gong. Men kva med alle andre positive endringar ein har oppnådd?
Studie har gått over to år og mange av borna hadde byrja trene ei tid før dei deltok. Det krevjer meir enn to år å kome nokon veg sjølv om ein trener intensivt, difor burde dei ha fulgt barna over lenger tid. Det er ikkje sagt noko om kor intenst borna trener, er det dei som trener nokre timar for dag eller dei som målretta jobber seg gjennom programmet i løpet av dagen. Me veit at barn som har gode kommunikasjonsferdigheiter gjennom "Snakkebrett" m.m ikkje blei telt som relevant. I tillegg har dei barna som har hatt best framgang tatt ut av studien. Kvifor?
Klart eg blir sint og lei meg. Eg kjenner meg redusert til ei hysterisk mor som ikkje klarer å sjå at det me driv med er fånyttes, me bør berre innsjå at vesla vår aldri kjem til å utvikle seg. Hjernebarna har samla saman historiar frå fleire familiar som trener. Forskarar veit lite om korleis kvardagen med eit sterkt hjerneskada barn er. Dei reknar med det er enklare å lene seg tilbake og ta i mot godane frå habiliteringstenesta og kommune. Altså fysioterapi 1 time i veka. Litt spesped i barnehagen. Kvar 6 mnd. på kontroll hjå hab. (Dei sjekkar om ho er stivare i kroppen, "ja det er ho." "Jaha". "Medisinar er det einaste vi kan tilby").
Eg veit med meg sjølv at vår kvardag ville sett fullstendig annleis ut om det ikkje hadde vore for Family Hope. Me blir møtt med moglegheiter, aldri fokus på kva vesla ikkje kan få til. Dei trur intenst på familien og me kjenner oss sterkare for kvart møte med dei, me kan og me vil. Og dei gjev oss verktøy slik at me kan hjelpe ho fram. Eg har sagt det før, betre livskvalitet er ei av dei tinga me har oppnådd. Godane ved å ta vekk epilepsimedisin blir ikkje målt. Det å sleppe medisinar i aust og vest (ja, det ballar på seg når du først får ein, må jo ha noko for biverknadane også). Ta ut knappen, gleda ved å kunne ete sjølv. Å plutseleg klare å sparke seg rundt i ring. Lære og sjå betre, bli interessert i bileter og mennesker rundt seg. Roe ned kaoset kring lydar. Få balanse. Bevege seg i vatn. Byrje le. Me har ikkje hatt dei mest fantastiske resultata så langt, men me har komen eit godt stykke på veg. Eg ser stadig at ting endrar seg og eg veit det kjem til å skje mykje framover. Det er fantastisk! Ikkje berre for veslemoren, men for oss også. Det å kunne hjelpe barnet sitt er mykje betre enn å sitje hjelpelaus og sjå at ingenting skjer.
Så fuck you,rapport-rapportørar!
De skulle skamme dykk som berre leiter etter fadese og undergrev den jobben me gjer. De burde endre kriteria dykkar og sjå heilskapen. Viss de ikkje hadde vore så innihelvetes dårleg på jobben de gjorde i utgangspunktet så hadde det vore ein del ferre som trente FHC og Doman. Kanskje de skal lage ein studie på dårlege tilhøve ved fødeavdelingar i Noreg i staden? Mykje pengar å spare viss dei gjer jobben sin skikkeleg!
Eit lite tips til neste studie:
Køyr over ungane dykkar og sjå kor nøgde de er med tilbodet de får hjå norsk helsevesen i etterkant.
Oppdatering: veit eg er drøy. Men av og til må ein berre få ut all driten som byggjer som seg opp!

søndag 17. februar 2013
Svosj!
Helga gjekk som ein røyk! Me har hatt besøk av foreldra mine og det syntes den vesle pasienten at var storstas. Litt praktisk blir alltid gjort når me får dei oppover på våre kantar, tre kjekke karar har saga ned den gamle eika i hagen. Me klargjer for eit større husprosjekt i den leia.
Ps! Eg har sendt mannen min avgarde på rekreasjon i helga, det trengte han. Diverre var han ganske sliten når han kom tilbake til meg også. Trur eg set han på ein tran-kur snart.
Håpar de har hatt ei fin helg også, kjære lesarar!
onsdag 13. februar 2013
tirsdag 12. februar 2013
Husplanar
Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men her står det altså to karar som peiker og måler og tenkjer og pratar.
Hus, hus, hus. Skal det byggjast bakover (attover), bortover eller oppover (ovapå)? Det er neimen ikkje lett å bestemme seg og alle tenkelege løysingar blir vurdert no. Godt med hjelp!
Me har nokre dyre teikningar frå arkitekt, han har sprengt budsjettet vårt med ca. 4 millionar i første skissa og 3 i skissa etterpå. Han er flink til å teikne, men det anar meg at han ikkje er så stødig i matematikk. For tida prøver me (les: min gode ektemann) å ta utgangspunkt i dei første skissene og teikne dei litt om. Så får me sjå kor me endar til slutt. Det er mange ting som skal takast hensyn til i vårt tilfelle.
Me må ha eit hus som er tilpassa rullestol og tenkjer å gjere første etasje om til ei leiligheit. Der tenkjer me at all intensiv trening skal føregå, vi skal knytte bassenget med eit stort bad til den etasja. Vi skal ha soverom slik at ho kan ha avlastning der dersom det blir periodar med søvnvanskar, slik ho har innimellom. I tillegg er det tanken at ho kan bu i den leiligheita når ho blir 18, dersom det er aktuelt. Me har også tenkt at det kan vere aktuelt å skilje den ut i frå vår bustad og eventuelt leige ut eller selje den. (Mange år fram i tid, vanskeleg å tenkje så langt når vesla er 4 år...)
I andre etasje er planen å heve taket slik at det blir flatt og vi får full ståhøgde. Det er i denne etasjen me skal bu og ha vår stove, kjøkken og soverom. Her får me fin utsikt utover mot fjell, fjord og dei andre husa i nabolaget.
Problemet for oss er at me driv med treninga og har tre tilsette, me har behov for bassenget vårt. Korleis skal me få til ein kortast mogleg periode vekke i frå vårt eige hus? Også er det sjølvsagt eit poeng at me skal halde oss innanfor dei økonomiske rammene me har.
Det er tankane me har om hus så langt. Så får me sjå korleis det ser ut tilslutt. Me skal tenkje og teikne ein del til (les: sikkert min gode ektemann som skal teikne), så skal me kontakte nokon som vil gjere jobben med å lage arbeidsteikningar og bygging.
mandag 11. februar 2013
Hjelpemiddel overkill
I Oslo budde me i ein treroms på 72 kvaderat. På slutten holdt eg på å bli gal av den vesle plassen. Uansett kvar og kva tid eg snudde meg rundt var det eitt eller anna å kome borti. Det var ein del hjelpemiddel og ein del utstyr til trening, i tillegg til alt anna ein treng i eit husvære.
No har me kome i same situasjon igjen. For nokre veker sidan kom det fire (!) - 4- stykker for å ordne med nye og gamle hjelpemiddel heime hjå oss. Dei var der i tre timar. Eg set pris på hjelpa, men eg byrjar å kjenne meg som eg snart bur i ein hjelpemiddelsentral. Denne gongen kom dei med nytt ståstativ, dostol, posisjoneringsutstyr til seng. Dei gjorde endringar på stolen og skulle gjerne gjort noko med vogna også, men det blei ikkje.
Hallo! Frå før har me benk, ståskall, innowalk, vogn, stol, rullestol, akebrett, sykkelvogn og maaaaaange posisjoneringsputer. Og no har eg sikkert gløymt noko.
Også er det utstyret i forbindelse med FHC. Basseng, trykktank, matter, ei tre meter lang sklie som står midt i stova. Og no har eg sikkert gløymt noko.
Eg har byrja samle ein del utstyr på eit rom i første etasje, men no kan ein knapt gå inn der og gjennom til badet utan at ein går i noko. Ja, me treng større hus og det er eit presserande problem.
lørdag 9. februar 2013
Årets første!
Etter ei veke inne fekk vesla endeleg kome ut ein tur.
Det var topp å få sjå noko anna enn tapeten på stova og puste inn frisk luft.
Den første aketuren i år! Hoho!!
Kosing i sola
Å bli båre rundt av farfar når ein er sliten, det er det beste!
tirsdag 5. februar 2013
Korleis kan nokon som er så søt når ho søv sove så lite?
Sånn går no dagane og nettene no for tida.
Det har vore veldig lite søvn i det siste.
Den vesle pasienten vil berre sove oppå nokon
- i sitjande stilling.
Det er ikkje så lett å ha med seg tolmod når ein har vore vaken heile natta,
sjølv om eg forstår at opplevinga og operasjonen har vore tøft for ho.
Er tøft.
Men når magen ikkje spelar på lag og vesla er meir uthaldane enn sovemedisinen ho får,
er det berre å ta seg saman.
Gjesp! Helsing to jenter som høyrer på sovemusikken no, glad den vesle pasienten er så kul at ho elska Leonard Choen!
mandag 4. februar 2013
Eit lite stykke Italia
Lite søvn, dårleg bekken og dritvêr ute.
Gir dykk nokre bileter frå
vakre Nemi, eit stykke sør for Roma slik at de også kan drøyme dykk vekk.
Eg var besøkte Nemi i 2007 og kunne ikkje gløyme den turen.
I haust var eg tilbake på dagstur. Det er framleis like fantastisk!
Her sat me og åt på ein balkong som hang over ein stupbratt skråning og
kikka ned på den vakre vulkaniske innsjøen, Lago di Nemi.
Eg simpelthen elskar Italia!
Gler meg til å besøke landet fleire gongar.
søndag 3. februar 2013
Dei vanskelege dagane
Det blei berre tre dagar på sjukehuset. Det er meir enn nok for meg. Vesle tøffa mi tek det heile mykje betre enn meg, ho er i relativt fin form. Me leikar sjukehus heime med smertestillande, mykje tøying og strekking og endå meir kos. Beina er rett ut i ortose stort sett heile dagen (og natta), slik skal det vere i seks veker framover i første omgang.
Tre dagar på sjukehus. Alle lydane, luktane og tankane set meg heilt ut. Tydeleg at det eg opplevde for nokre år sidan sit sterkt i meg enno. Eg relaterer alt til noko som er skjedd før. Denne gongen enda det med at eg til slutt blei så dårleg sjølv at eg ikkje kunne sitje, stresset sat seg bekken og halebein. Eg klarte berre ikkje å sleppe dei vonde kjenslene og angsten som sit i meg, sjølv om eg veit at det ikkje gjer opplevinga av å vere der betre. Hjernen min kverna heilt underbevisst på alt som har skjedd ein gong.
På oppvaking sov vesla mi i mange timar etter narkosen, ho skalv av gassen og eg blei engsteleg med ein gong. Vaka ein gong over ei seng der ei nyfødd jente plutseleg byrja å krampe, blei blå i ansiktet og heilt stiv. Livredd for å oppleve det igjen. Det er jo ingen logikk i at det skal skje no, likevel trur eg at alt kan skje. Sånn har eg drive på heile dagane. Når me kom heimatt kjende eg meg heilt kjenslemessig tappa. Trøsta er at ting gjekk mykje betre enn frykta og at vesla ikkje har store smerter slik eg hadde venta.

lørdag 2. februar 2013
Stimulering av syn
Det er eg som har ansvar for å lage bileta til treninga, så eg googlar mykje og bruker litt tid på å forstørre dei. Me har tre bileteseriar i tre ulike kategoriar for tida.
Vesla sitt syn er ikkje heilt optimalt, difor trener me det opp, blant anna med desse bileta.
Me har ein kategori som er svart / kvit med ein fargedetalj på. Den andre kategorien er bilete av ting i hennar kvardag, som ho kan få kjenne på fysisk i etterkant av bilete. Type fatet hennar, koppen, stolen, leiker, badeleiker, symjering osb. Den siste kategorien er spennande bilete som kan trigge ho til å ville sjå. Ofte koplar ho ut synet, sidan ho er sterkast på høyrsel og då er det lettast.
Desse fine bileta står er på programmet denne veka.
Me har tenkt at det er kjekt å ha nokre bilete å relatere til lydbøkene ho høyrer på og
bøker me les.
Dei siste dagane har eg kome over ein del nettstader der dei seljer fototapet, mange av desse har faktisk veldig gode bilete av dyr. Eg klipper og limer det eg er god for!
fredag 1. februar 2013
Program vår 2013
Family Hope Center
For oss har dei vore redninga, teamet har snudd mykje av frustrasjonen og angsten vår til noko positivt. Det kjennes godt ut å kunne gjere noko for å hjelpe den vesle hønsa vår i riktig retning. Programmet krevjer mykje av oss som foreldre, me driv på stort sett heile tida. Det er ein vanesak og eg trur me oppfattar det mindre som trening no, enn den gongen me starta.
No er det berre ein naturleg del av kvardagen.
Sjølv kor slitne me var i slutten av desember og sjølv om det blir operasjon av hofter, det me hadde håpa at me skulle klare å unngå med trening, er både eg og ektemannen min (!) samde om at verda ville ha sett heilt annleis ut dersom me aldri hadde starta med FHC.
For tida ser programmet hennar slik ut:
Reflex bags- 35 stk
Basseng - 40 minuttar dag og 20 kveld
Trykktank - 90 minuttar ->
skal auke til 2 timar
Lys- 20 gongar
Bilete- 15 gongar
Tracking- 10 gongar
Sensory- 10 gongar
Lukt- 8 gongar
Koordinasjon- 30 minuttar
Sklie- 8 gongar
Truncal- 12 minuttar
Det er også tanken at me skal veksle mellom trykktank og ein vest som skal "programmere" ho til å puste jamnt. Det vil hjelpe for eting blant anna.
Ting me har lagt til sjølve, prøver å veksle annakvar dag mellom:
Innowalk - 30 min
og
Elektrodress- 90 min
Også følgjer me sjølvsagt dietten og prøver å vere ute ein time dagleg!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)