For tida er eg så proppfull av hormonar og kjensler at det er vanskeleg å vite kor eg skal byrje å skrive. Det kom ein liten gut til oss for tre veker sidan, det var eit fint keisersnitt og bobla eg gjekk inn i i etterkant har gjeve meg ein del rom til å tenkje. Svangerskapet har vore tungt kjenslemessig, det ser eg først no. Fokuset mitt har vore fødselen som skulle kome, forbi det har eg ikkje klart å tenkje. Tanken på framtida med endå eit lite menneske i hus fekk ikkje sleppe til, glede seg for tidleg det må ein ikkje gjere. Eg har smerteleg erfart kor vondt det kan gjere. Difor kjøpte me vogn to veker før planlagt keisersnitt, då endte me opp med ei som var ein heil del dyrare enn planlagt. Butikken hadde ikkje så mykje på lager og blei litt satt ut av kor seint ute me var. Det er visst ventetid på å få den riktige vogna, lærte eg. Eg har brukt mest energi på redsla mi og har ikkje hatt rom for dei heilt store draumane om den perfekte vogna.

Då dagen kom var eg passe hysterisk, men eg overlevde visst. Og då guten blei lagt på brystet mitt snudde alt seg. Eg kjende ein enorm lettelse og glede, og var kanskje også litt overraska. Ein gut? Eg trudde det var ei jente inni magen. Den mjuke, dunete, deilige babyen. Alt ved dette vesle menneske er så overveldande. Bollekjakar. Trutmunn. Likskapen med systra. Gleda over eit kvart rart lite ansiktsutrykk og dei små gryntande lydane.
Kor fantastisk heldige kan ein eigentleg vere? Eg kjenner meg så audmjuk over at eg har fått eit barn til. Audmjuk for at han er frisk og eg veit at det ikkje kjem med garanti.
Me er heimattkomne og det kjennes som me er ein komplett familie.
Det kjennes så riktig å vere fire, det er nok slik det eigentleg alltid har vore meint.
Oss fire mot røkla - i all æve.