søndag 25. september 2011

Halvvegs på plass

Me har brukt mykje tid på huset vårt den siste veka. Det har stort sett gått i nedvasking, det har vore ein stor jobb. Det var nesten så det hang rotter fast i spindelveva... berre nesten.



I helga byrja me måle stova, me har måla med Sens frå Jotun, med ein lys farge og to ulike bruntonar (som ikkje er så lett å sjå på bileta.) Heldigvis er det godt med hjelp, elles hadde me nok ikkje flytta inn før til jol.

Er litt spent på korleis peisen kjem til å sjå ut med nokre lag til med måling, 
håpar eg vert nøgd. 

I morgon er det nokre strøk til, 
finne ut av kva me gjer med rommet til vesla og 
korleis gangen skal sjå ut. 
Deretter tenkjer me å starte innflytting sakte men sikkert, 
heldigvis har eg tolmodige svigerforeldre. 

Fin sundag til dere! 

søndag 18. september 2011

Me pakkar ned livet i Oslo





- og set kursen mot vest i morgontidleg. 

Eg og Mr. Sambuar drøymde aldri om å bu i Oslo, 
før me plutseleg var her. 
Me drøymde aldri om å vere lenger i byen enn 
å ha tid nok til å fullføre utdanninga. 
Plutseleg hadde me kjøpt leiligheit, 
fått ei jente og byrja jobbe her. 
Plutseleg var det her me levde livet,
seks år. 
Me har opplevd mykje her, 
både lått og tårer.  
No er det over. 
Det kjennes vemodig. 
Eit nytt kapittel skal skrivast i våre liv-
ein annan stad i landet.



fredag 16. september 2011

Siste dag


Radiohuset. Bilete lånt frå nrk.no

I morgon er min siste dag på jobb i Norsk Rikskringkasting. 
Det har vore nokre spennande år, 
eg har lært mykje og eg synes eg er heldig som fekk jobbe 
i hjarta av norsk media. 

Litt vemodig at det heile er over, 
eg har vandra inn og ut av radiohuset sidan 2006. 

No er eg klar for ny eventyr på 
Vestlandet. 

Skal berre feire litt med gode kollegaer fyrst. 

tirsdag 13. september 2011

I eit hus med hage..


skal me bu - 
og leve lukkeleg 
alle våre dagar ?! 

Flyttar straks inn i eige hus, 
jøss kor vaksen ein kan verte.