Litt fram og tilbake i tankar og innlegg i det siste. Eg har tenkt mykje på om eg vil fortsetje med bloggen, og kvifor eg såfall skulle gjere det. Eg starta den for at nær familie og vennar skulle kunne følgje oss, etterkvart har eg følt at det kan vere viktig å formidle både dei kjenslene me har kring livet og den utfordringa det har vore å få ei jente med hjerneskade. Utfordring med helsevesenet, valg og gjennomføring av trening, og vise at det nyttar å gjere ting på sin eigen måte. Det vanskelege er å la vere å eksponere vesla for mykje, det er også det eg tenkjer mest på. På ei anna side var det ei slik side eg sakna mest sjølv når me vurderte moglegheitane våre, og det var ei lukke kvar gong me fann noko som kunne bekrefte at det var grunnlag for håp, og for ei betre framtid.
Tenkjer difor at eg held det gåande og kjenner litt etter på vegen kor grensene går.
Me har hatt mykje sjukdom hjå oss dei siste månadane. Me har rukke å vore innom både matforgifting, influensa og snørr / gørr. Treninga har gått så som så, og denne veka skal me eigentleg evaluere dei månadane som er gått sidan me sist var i Philadelphia. Me har fått til mykje av det me har ynskja oss, og er straks klare for å leggje ut på ei ny reise over dammen.
Kva me har fått til?
Det får du vite om du sjekkar innom igjen i morgon. Forsetjing følgjer..