Viser innlegg med etiketten Osteopati. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Osteopati. Vis alle innlegg

tirsdag 16. april 2013

Berg- og dalbane

Livet mitt kjennes ofte som ein berg- og dalbane, det svingar mellom gode og dårlege periodar for jenta mi. Og me to andre, me heng på! Det blir til at motet går opp og ned hjå oss også. Spesielt har det vore utfordrande med mageproblematikken. Kvar gong me får nye tips og idèar må me vere optimistiske og tru at det kjem til å hjelpe.

For tida skjer det ei spennande endring hjå vesla, den er ikkje så god å peike på, den berre er der. Kvar månad køyrer me to timar for å ha ein time hjå barneosteopat og deretter dreg me heimatt. Me starta med osteopatibehandling allereie då ho var seks månadar og har alltid følt at det hjelper ho. Men det er ikkje godt å seie kva som skjer, dei jobbar med hjernen og veskene rundt nervesystemet, i tillegg til alt anna vi tilfører av trykktank og trening så endrar ho seg.

Dei siste to gongane hjå osteopat har han vore veldig nøgd. Det er skjedd ei endring i kroppen, der systemet tidlegare nekta å ta i mot behandling er det no blitt mottakeleg. Det jobbar ikkje i mot. Denne gongen fekk han tilogmed til å jobbe med tarmane.

Eg håpar; kryssar alt eg har, bankar handa i bordet og hovudet i veggen:

Eg håpar dette kan hjelpe ho.

tirsdag 18. mai 2010

She's a saint



Italia - Sveits på tre døgn er overstått, og me er framleis litt døgnville etter den hektiske helga. Sjukdom og søvnlause ramma oss i det me skulle reise, så det var "løpande" vurdering heilt fram til innsjekk på Gardermoen. Me tok ei sjefsavgjerdsle, og hadde vondt i foreldrehjarta  resten av turen.


Behandling på klinikken, fire osteopatar og sju hender

Trass feber, oppkast og gråt - alt var verd det då me sundagsføremiddag var på klinikken og vesla fekk ein god time behandling. Foreldre er vel alltid svake for smiger, men det kjendes spesielt når den amerikanske superhelten / osteopaten konkluderte: "She's a little saint, isn't she?! "

Han har heilt rett, ho er nemleg akkurat det.
Vår vesle helgen.

torsdag 13. mai 2010

Sveits II



Me står på farten til å reise utanlands igjen, me skal nok ein tur til Sveits. Denne gongen skal me overnatte i Milano fyrst, mannen i huset set sin lit til meg når det gjeld språket. Eg for min del har friskt i minnet den gongen eg kjøpte hummar til 80 kr, eg trudde me gjorde eit kupp. Då rekninga kom på bordet, forstod eg at eg hadde bomma med ein null. Akk ja, ein må jo berre betale når ein sit på ein restaurant som er fylt til randen av suspekte mafiosos midt i Palermo. Denne gongen har eg ikkje tenkt å leggje ut på liknande italienske røvareventyr, det er eg på langt nær god nok til. Men eg gler meg over moglege pinlege samtalar, på stammande italiensk.

Planen er å reise til ein fjellandsby i Sveits på laurdag, Frøken Dings skal ha osteopatibehandling på ein barneklinikk og me er spent på kva det vil bringe denne gongen. Me ventar mannen med det klingande namnet, Mr.Jealous, vil gjere underverk med vårt vesle gull.

onsdag 21. oktober 2009

Switzerland


Kan det vere eit teikn frå oven?
Slik såg alpane ut den dagen vesle jenta vår fekk behandling.



Roomservice, på 5.stjerners....
akkurat slik det skal vere !



Under behandlinga, trulte var nøgd :0)


Me er tilbake, med fornya håp og entusiasme. Turen til Sveits har vore fin, me fekk ein deilig pause i frå alt. Det vart tid til litt lesing, ein del turar med vogna, leite etter matvarebutikk (slett ikkje så enkelt som ein skulle tru) fomling med fransk og masse god mat.

Fyrste dagane var me utanfor hovudstaden. Me passa på å skjemme oss sjølve litt vekk, budde bra og spiste godt. Om kveldane sat me i glaskarmen og såg ut vindauga på alle flya som letta. Det var ein flott plass å sitje og filosofere, og draume om framtida. Som vanleg når me er ute og reiser skal alt vere så praktisk, det endte med at me gjekk rundt i jeans midt blant alle dei oppdressa folka på hotellet. Eg kjenner meg alltid så urnorsk i slike samanhengar, me var to gode fjosnissar på tur. Angrar alltid på at eg ikkje klarer å tenkje betre når eg pakkar. Neste gong, skal eg vere flinkare!

Deretter drog me med tog tre timar inn i landet. Togreisa var fin, fekk sett mykje og vesla var nøgd. Det var i grunn det viktigaste. Hotellet var ein stor nedtur etter det vidunderlege 5-stjerners me hadde i Geneve. Det var knappast plass til oss på rommet, kloakklukta var heller ikkje eit pluss.

Det mest kuriose var i grunn matsalen. Me hadde bestilt middag på hotellet, og skulle ete der kvar kveld. Me var dei einaste i heile salen, og spiste kvar for oss sidan trultemor sov. Det var ein kokk og ein kelner på jobb for å varte oss opp. Kvar kveld diska dei opp med 5 (!) middelmådige rettar, radioen på full guffe, ukveikte stearinlys og ein trippande kelner. Det burde ikkje overraske oss at kokken skrudde av lyset og gjekk med eingong siste rett var servert. Dermed sat me att og funderte på om det var meininga at me skulle rydde opp etter oss...

mandag 12. oktober 2009

Stikk i taren om litt..


Eit nassenøff lys for eit lite bursdagsbarn......
som var særs nøgd med dagen!


Min gode sambuar brukar utrykkjet "å stikke i taren" tidt og ofte. Det er eg jammen glad han ikkje har gjort. Men no prøve me oss på akkurat det i nokre dagar. Taren, i form av Sveits, vert eit spennande turprosjekt. Kanskje eg rekk å få skrive ein bloggkommentar eller to frå eit hotell, viss ikkje er eg attende om litt.

Det er viktig at alle de som les bloggen min sender oss positive-vibbar, slik at den godaste Verner får gjort underverk med veslegullet vårt. På førehand; riktig tusen hjartleg takk.

Og forresten!
Gratulerar med ballongar og hurramegrundt jubel til kjære Geitrams som vart mamma i går! Håpa du har det aldeles fantastisk. Eg gler meg til å få treffe vesle nurket.

onsdag 12. august 2009

Eit halmstrå, 3 macaroonar og to nys

Herre Jemini! Mens eg sit å skriv dette innlegget, slår det meg at eg oppfører meg som eg er 70 år. Berre sjå: I dag hadde me macaroonar frå Pascal til kl.18 kaffien. Ja, me har faktisk fast kaffitid kl. 18. Lenge leve spontaniteten ;0) Kaffien drikk eg av det nye settet mitt, Daisy, Turi design frå Figgjo flint. Ahhh... 160 kr betalte eg for heile det nydelege settet, eit riktig varp på ferieturen.

Eg har ikkje berre brukt dagen på kaffi og kaker. Heile familien Flint var til byen i dag, veslegull har hatt behandling hjå osteopat (les: halmstrå). I oktober skal me reise på behandling i Sveits, og venter i spenning på å sjå om det kan gje oss nokre gode resultat. No er i allefall reisa booka, og hotellet i boks. Vesletrulta sjølv avslutta dagens siste måltid med å nyse graut over ein radius på 1 meter. Eg var like full i graut som ho og vippestolen. Kan ikkje anna enn å le når ho gav meg "verdas-mest-forskrekka" utrykket etterpå.