Kjære vakre vennar og familie -
jolehelsing for 2011 legg eg ut på bloggen, i staden for å sende det i posten. Hausten har nemleg vore meir enn hektisk nok for oss.
Me kjøpte oss hus og flytta frå Oslo til Vestlandet i september. Me har funne oss godt til rette blant familie og vener i området. Med flyttinga har det også fulgt ny jobb for mor og litt tid i barnehage for vesla, me trives båe to. Assistenten flytta med frå aust til vest, ho har hjelpt oss gjennom ein periode med mykje endring, og me er glade for at ho kunne vere ein stabil faktor i kvardagen for oss. No har ho takka for seg, og er attende i storbyen. Me kjem nok til å sakne ho ein heil del.
Jola er straks her, og me er ikkje spesielt godt førebudde. Fyrste delen av desember var me i Oslo, og den siste veka har det vore sjukdom hjå heile familien. Eg trur det vert ei fin jolehøgtid her vest, sjølv om kakemenna er kjøpte, jolehorna er brente og edelgrana litt skakk.
Alle gode ynskjer for jolehøgtida og det nye året, kjære dere!
torsdag 22. desember 2011
søndag 11. desember 2011
Hu hei, kor tida går
Er attende i frå travle Oslo.
Me har vore på kommunikasjonsteam, og fekk mykje utav det oppholdet. Ti dagar vekke frå hus og heim like før jol, betyr også at me er langt bakpå når det gjeld joleførebuing. Altså har me hektiske dagar, då me prøver å redde jolestemninga, jolegåvehandelen, jolekorta og jolejola! De forstår ?!
Bloggar meir ein dag eg har noko fornuftig å kome med...
Godo joleførebuing, så lenge!
Abonner på:
Innlegg (Atom)