Viser innlegg med etiketten Kvardag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardag. Vis alle innlegg

tirsdag 9. september 2014

Dette gjer meg glad

Dette gjer meg glad ein tysdag i september :


  • Det nydelege,rare veret. Skodde og mørkt, sol og varmt. Herleg blanding. 
  • Dei litt kaldare og klåre kveldane. 
  • At eg er så himla flink med maten for tida.
  • Og at eg er ørlitegranne betre på å ta vare på meg sjølv. 
  • Norske epler, sjølv om dei er kjøpt i butikken og ikkje plukka heime i Hardanger. 
  • Guten min som seier google- google heile tida. Eg lurer på om han googlar / scannar alt han kjem over for å forstå kva det er han ser? 
  • Jenta mi som har det ganske bra for tida.
  • Mannen min. 
  • At minsten klarer å leggje seg litt betre enn han har gjort. 
  • Alle telefonane og mailane eg har ordna i dag - og pågangsmotet dei har gitt meg. 
  • Assistentar som er nye, men alt har vore her lenge nok til å ha gangen i ting. 
  • At mammo og pappen kjem til helga. 




søndag 4. mai 2014

Vel overstått påske og 1.mai

Jadå, her har me hatt nokre laaange rundar med sjukdom. Først mageproblem for storesyster, igjen. Det varte ganske lenge. Så blei veslebroren sjuk. Deretter blei mammo sjuk. Og pappen har stort sett hengt i strikken og jobba på.

Men me er her altså ;
og alle er byrja kome seg til hektene igjen.


Og snart er me klare for våren og kanskje litt betre blogging ?!  Det er målet!

mandag 31. mars 2014

Den berømte songen

Songen som var omtala i førre innlegg har vore til stor munterheit for heile familien den siste veka.

Melodien blei spelt inn på xylofon på mobilen min, deretter sendt over til nokre vennar som har ein son som også trener som vesla mi. Denne fine karen lagde ein feiande flott tekst til melodien. Han fekk beskjed av frøkna her kva den skulle handle om : mamma og pappa.

Teksten er blitt følgjande:

Pappaen min - best i verda
Følgjer meg trygt på ferda
Han er min

Mammaen min - best i verda
Følgjer meg trygt på ferda
Ho er mi

Og eit nydeleg vers om dei to syskjena -

alt vil vi gjera
hand i hand ut i verda

Ein ting er at eg blei rørt når jenta mi laga melodien. Men når teksten kom til blei det jammen endå meir rørande. Deretter fekk me den tilsendt ferdig innspelt - og i helga har det skjedd noko som overgår det.
Me besøkte desse flotte folka og trur du ikkje ungane sette i gang med musikkvideo-innspeling? Den blei sendt til oss seint i gårkveld via dropbox og eg stortuta. Så mykje det bur i dei!

Eg er så stolt at eg trur eg sprekk!


mandag 17. mars 2014

Attende frå tystnaden

Eg har hatt meg ei god pause frå bloggen, så god at ingen les den lenger, kanskje?!

Ein dag sat eg og kikka igjennom nokre av dei tidlege innlegga eg hadde skrive. Då såg eg kor mykje eg ville ha gløymt om eg ikkje hadde skrive det ned. Eg trur eg må ta til å blogge litt innimellom, slik at eg ikkje gløymer alt det gode som skjer i kvardagen.

Det gode i kvardagen er den vesle sjarmøren vår. Han er til å ete opp der han kryp rundt, reiser seg overalt og smiler dagen lang. Han er sju månedar og har sju tenner. Me lærer han stadig betre å kjenne, og ser stadig likskapen med systra, både i utsjånad og i sinn. Fine ting å oppdage. Den andre goden i kvardagen er den flotte jenta vår. Ho har det betre for tida, det kjennes på alle sitt humør og energinivå.



Desse to finingane gjer kvardagen god og travel!

mandag 11. november 2013

Oktober 2013

Eg har grine mykje i det siste.
Eg har skrive mykje i det siste, det viser berre ikkje att her. 
Det har vore notatar til meg sjølv, meir som dagbok, eigentleg.
Nokon held tak i hjarta mitt og knip hardt.
Eg skriv, slik at eg kan puste. 

Det kjennes ut som alt raknar.
Jenta vår er dårleg igjen. Veldig dårleg.
Eg er heilt fortvila over magen og slimet. Me er heilt fortvila båe to eller eigentleg alle tre. Det er søren ikkje lett å vere ho om dagen. Dei siste tre vekene har det berre gått nedover. Det kjennes som det aldri skal sleppe taket med alle desse problema. Me glimtar ein stad i det fjerne det eigentlege jenta, ho som har det godt, som kan le masse og nyte livet. Men stort sett ser me ein frykteleg stiv kropp og smerter som ein stor del av kvardagen. Eg kjenner meg til tider motlaus og er redd for kva som ventar oss lenger framme. Kan det forsetje slik mykje lenger? Eg har ikkje hatt så mange tankar om døden tidlegare, men i det siste sveiper dei innom kvar dag. Kva om me mister ho? Er dette opptakta til noko som berre skal bli endå verre, som endar med at ho ein dag ikkje er her meir?

Det er vanskeleg å slappe av for tida.
Ho har fått nytt soverom og ligg nede der det alltid er ein vaksen om natta. Men dei timane ho søv på kvelden før det er nokon der, er eg alltid på vakt. Må ta meg i å ikkje springe ned med ein gong eg høyrer ein lyd i frå ho. Eg er så redd for å kome ned og finne ho livlaus. Eg har drøymt om det fleire gongar i det siste.
Eg kan ikkje forstille meg eit liv utan denne jenta.

Me har legar på telefonen, har tatt fleire testar, Skypa og mailar jamnleg med USA. Noreg tenkjer medisinar og skal gjere nokre fleire testar. Det tar så fordømrade lang tid å få gjort slike ting. No skal me vente til slutten av november før dei får gjort fleire undersøkjingar! USA tek av og på medisinar, av og på ulik mat. No er me i gang med litt raskare karbohydrat for å sjå om det går litt fortare gjennom systemet og kanskje det hjelper med magen? Det er stadig nye idèar, heldigvis. Kjenner det er vanskeleg å ikkje verte motlaus, men det hjelp å få snakke med dei i USA på Skype. Det gjer det meir personleg og eg prøver å grave fram nytt håp.

Samstundes skal me som om alt var normalsituasjon ta stilling til skulestart, få fart på Sit-ski prosess og få i gang hestesport ei gong i veka. Eg veit ikkje eingong om formen er bra nok til å sitje i bilsetet, men eg må berre tru at det skal ordne seg veldig snart.

Kontrastane er store når ein har ein liten frisk tass i hus på same tid. Han utviklar seg fort og er byrja rulle allereie og pratar i veg med stor innleving. Så heldig han er så er så frisk. Så heldige me er alle saman. Barnedåp til helga - og viss me er heldige er systra litt betre og klarer å delta.

torsdag 19. september 2013

Lukke


Lukka 
kan vere så mangt - 
av og til 
ein sovande baby på magen 
og djupdykk i ei god bok !


søndag 7. juli 2013

Jonsokbrura vår


Denna vesle snella feira Jonsokaftan på hytta i lag med besteforeldra, onkel, tante og 
foreldra sine. Me hadde førebudd oss med å ha jonsok som tema på bileta og lesekorta hennar heile veka. Blomar har også vore tema  i det siste, 
så kva passa vel betre enn ein blomsterkrans i håret på "jonsokbrura" vår? 

Ho var i alle høve veldig nøgd med dagen sjølv - 
ho fekk oppleve eit lite jonsokbål, ete hamburger for første gong og naut merksemda ho fekk frå familien. 

Veslesøta!

søndag 30. juni 2013

Trøyttesen

Klokka er snart to på natta og den vesle hønsa vår ligg over fanget mitt.. Dårleg i magen og dårleg i pusten, det heng saman for tida. No har ho vore "av og på" -  sjuk sidan 16.mai. Det har vore lite søvn i denne perioden og mykje stress, eg trur det er ekstra lett å vere dramatisk når ein opplever så mykje utfordringar.

Ho har byrja få mykje slim på lungene og eg håpar, håpar, håpar at det berre er eit virus. Det har vart lenge no og det er vanskeleg å få gjort noko med det. Me har prøvd medisinar, hostesaft og innimellom er ho betre. Eg er redd det er noko nytt som er kome for å bli, sånn når me er komne eit steg vidare på ei side så kjem det nye hinder i vegen. Noko som skal plage vesla lenge og gjere alt vanskelegare. Førre veke var betre, då slo ho til og sov fleire netter på rad. Foreldra blei menneske att og  klarte tenkje på andre ting enn ho om kvelden. Det gjekk over på sundag og no har me hatt ei veke med lite søvn att. Rekorden var då ho la seg klokka seks fredagsmorgon og sov heilt til klokka var ni. Nett nok til å halde det gåande ein heil dag!
Me er ikkje den blidaste gjengen for tida.


onsdag 19. juni 2013

Hoho, eg blir sett!

Det siste halve året har eg kjent at treninga har gått trått, me har slitt med lite søvn og mange dårlege dagar. Treninga har svinga mellom gode og dårlege dagar, men stadig har det blitt for lite. Det blir det alltid.

Kanskje kjem det av lite søvn, graviditet eller at eg rett og slett har stått midt oppi alt og ikkje løfta blikket;
men i dag innsåg eg ein ting: det siste halve året har det jo vore ei fantastisk utvikling for jenta vår.

1) Ho har bryja å le, stadig meir og det har utvikla seg til å bli sosialt. Der det før var store smil, ingen lyd og nesten latter - der gapskrattar ho no. Verdas finaste lått, sjølvsagt!

Ei anna tid (2011), ein annan stad...
2) Synet er betydeleg betre. Eg har merka det dei siste vekene, det er blitt meir tydeleg for meg. Ho har aldri vore noko interessert i ansikt før, har ikkje sett dei. På sundag kom eg heim etter å ha vore vekke frå ho i fire dagar, ho ser på ansiktet mitt og ler. Eg laga ikkje ein einaste lyd likevel kjenner ho att mor si og gler seg!

Det er ei fantastisk kjensle! Eg vil berre rope på verandaen: "Hoho, jenta mi kan sjå meg!"

Etter fleire år med intens trening kjem desse tinga på plass, ting som er sjølvsagt for alle andre enn oss. Då me starta FHC såg vesla vår berre svart / kvitt kontrastar, ho var ikkje synsaktiv desto meir interessert i lydar. Norsk helsevesen kunne tilby briller men det er jo ikkje det som er problemet, fysisk sett er augene hennar gode. Det er koplingane i hjerna som er utfordringa. Og no skjer det altså noko. Me set så stor pris på å få oppleve dette. Det gjer alle timane med intensiv stimulering vel verdt det!

Eg feira dagen med å lese ei historie om "Henrik And" for jenta mi og til mi store glede fulgte ho interessert med både på bileta og historia. Me er på veg!

onsdag 5. juni 2013

Vi skal ikkje sove bort sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|


Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|

Geirr Tveitt  og  Aslaug Låstad Lygre

Dess meir den vesle hønsa vår er vaken, dess mindre bloggar eg. Håpar det snart rettar seg! 

søndag 5. mai 2013

OL-flokar

Dei to finingane er komne opp med ein ny favorittaktivitet: flokesangen!
Kven skulle vel trudd at denne songen framleis er superpopulær i 2013? 



Vi slår en god gammaldags floke, 
så hopper vi opp og ned!


Når det rykker i rockefoten, 
bare heng deg på! 




søndag 3. mars 2013

Lat sundag

Sein frukost
Har prøvd å nyte dagen som best me kan.
Sove lenge, ete frukost med varme rundstykker og te. 
Jobba altfor mykje med papir. 
(korleis kan det balle på seg så raskt ?! )  

 Også henta me verdas kjekkaste snuppeluppa heimatt. 
Gjett om eg var glad for å sjå ho! 
Eg veit ikkje kven som hadde sakna kvarandre mest, 
eg eller ho eller pappen. 
Men fint var det med gjensynsglede uansett. 

Veslesøta



mandag 11. februar 2013

Hjelpemiddel overkill

I Oslo budde me i ein treroms på 72 kvaderat. På slutten holdt eg på å bli gal av den vesle plassen. Uansett kvar og kva tid eg snudde meg rundt var det eitt eller anna å kome borti. Det var ein del hjelpemiddel og ein del utstyr til trening, i tillegg til alt anna ein treng i eit husvære.

No har me kome i same situasjon igjen. For nokre veker sidan kom det fire (!) - 4- stykker for å ordne med nye og gamle hjelpemiddel heime hjå oss. Dei var der i tre timar. Eg set pris på hjelpa, men eg byrjar å kjenne meg som eg snart bur i ein hjelpemiddelsentral. Denne gongen kom dei med nytt ståstativ, dostol, posisjoneringsutstyr til seng. Dei gjorde endringar på stolen og skulle gjerne gjort noko med vogna også, men det blei ikkje. 

Hallo! Frå før har me benk, ståskall, innowalk, vogn, stol, rullestol, akebrett, sykkelvogn og maaaaaange posisjoneringsputer. Og no har eg sikkert gløymt noko.

Også er det utstyret i forbindelse med FHC. Basseng, trykktank, matter, ei tre meter lang sklie som står midt i stova. Og no har eg sikkert gløymt noko. 

Eg har byrja samle ein del utstyr på eit rom i første etasje, men no kan ein knapt gå inn der og gjennom til badet utan at ein går i noko. Ja, me treng større hus og det er eit presserande problem. 


lørdag 9. februar 2013

Årets første!

Etter ei veke inne fekk vesla endeleg kome ut ein tur. 
Det var topp å få sjå noko anna enn tapeten på stova og puste inn frisk luft.

Den første aketuren i år! Hoho!!

 Kosing i sola 

 Å bli båre rundt av farfar når ein er sliten, det er det beste! 



tirsdag 5. februar 2013

Korleis kan nokon som er så søt når ho søv sove så lite?


Sånn går no dagane og nettene no for tida. 
Det har vore veldig lite søvn i det siste.
Den vesle pasienten vil berre sove oppå nokon 
- i sitjande stilling. 
Det er ikkje så lett å ha med seg tolmod når ein har vore vaken heile natta, 
sjølv om eg forstår at opplevinga og operasjonen har vore tøft for ho. 
Er tøft. 

Men når magen ikkje spelar på lag og vesla er meir uthaldane enn sovemedisinen ho får, 
er det berre å ta seg saman. 

Gjesp! Helsing to jenter som høyrer på sovemusikken no, glad den vesle pasienten er så kul at ho elska Leonard Choen! 


mandag 7. september 2009

Ny taktikk, prosjektstart og tannstatus

Ei lita trultemor, særs nøgd med sin nye taktikk...
Det er ikkje så lett å forstå seg på verda. Eit av dei store spørsmåla eg stiller meg for tida er ikkje knytt til religion, krig, politikk og eksistens. Det er av meir kvardagsleg karakter; korleis er det mogleg at mengde saft har auka etter trultemor har drukke? Er det rein magi eller ein utspekulert anti-drikke taktikk? Skubbar ho inn spytt eller? Det har i alle fall skjedd opp til fleire gongar i det siste. Det er 5 ml meir i flaska når ho er ferdig, enn då ho starta. Det ser og høyres ut som ho drikker, så dette forstår eg slett ingenting av.

I dag har Mr. Sambuar hatt sin fyrste dag i ny jobb. Eg håpar det vert så spennande og gjevande at den lange tbaneturen vil kjennast som ein leik. Det er stas med ny jobb, men heilt ærleg trur eg det var litt overveldande då han fekk tildelt kontor og eit hyggeleg; det er berre å gå i gang. Kvar skal ein starte når ein tek til på eit 5 år langt prosjekt? Direkte på kjeldelista?!

Oppdatert tannstatus: Oppsida har utligna til 3-3, etter eit nytt gjennombrot til høgre.

mandag 10. august 2009

Ammemoderering og overrasking

Tida går og det er mykje som skal vere på plass før mor og far kan starte på jobb att. For at barnehagestarten skal gå så smertefritt som mogleg prøver eg å kutte ned på amminga. I sommar har eg amma minst like mykje som eg gjorde då ho var 3 månedar, altså har me gått i feil retning. Men no har vesletrulta sjølv innført ammestopp, problemet er at det berre gjeld på ei side. Altså trekkjer eg mot høgre når eg går..

Overrasking! Eg oppdaga plutseleg ei tann som var komen ut i dag. Den må ha bora seg gjennom i ekspressfart. No er tannstatusen 2-3 til nedsida. I den rasande farta dette går, er eg redd eg plutseleg ein dag kjem til å vakne med ein konfirmant i hus.