Kjære dere som følgjer oss
Å ha ei fantastisk, flott lita jente er ikkje nok til å gje oss støtte til å setje i gang eit intensivt treningsprosjekt.
Det er ikkje akkurat slik at NAV ringer og seier dei har høyrd om den vakre,veslejenta vår og vil satse litt pengar på ho. (Slik skulle det naturlegvis ha vore!)
Fleire familiar som ynskjer å trene intensivt med borna sine har byrja få problemar med støtte frå NAV. Det største problemet for tida er at dei ulike landsdelane har ulike rutiner for om foreldre får pleiepengar for å vere heime og trene borna sine. Pleiepengane er til gode for borna, som har sjanse for ei betre framtid og har familien si støtte rundt seg. For familiane vil pleiepengane vere viktig så dei slepp å verte økonomisk ruinerte.
Det er ein del familiar som oss, fleire som har opplevd mykje av det same som me har vore gjennom. No er det starta ein organisasjon som kallar seg "Hjernebarna Norge". Organisasjonen jobbar blant anna med å få til ei ordning der alle heimetrenande familiar skal ha same økonomiske rettar.
Kjære tanter og onklar, besteforeldre og vennar -
de er hjarteleg velkomne til å støtte vår veslejente,
og mange andre fantastiske born og foreldre
som gjer ein kjempe innsats for at borna deira skal ha ein
reell sjanse i livet.
Støttemedlemskap hjå Hjernebarna
kostar 100,-
og kan betalast inn på kontonr:
9497 05 25925 i Handelsbanken





