fredag 30. oktober 2009

I dag er det eit år sidan




Vår vakre vesle jente,
gjorde seg klar for heimreise.  
Ho tok det heile med stor ro.

torsdag 29. oktober 2009

På blogginga laus...

Det har gått litt på blogginga laus i det siste, eg har vore litt fråværande og med god grunn. Det rausar inn med papir frå alle kantar. Søknadar skal skrivast, brev skal sorterast og informasjon skal lesast og fordøyast. Og ikkje minst; oppgåver skal fordelast. Eg spring mellom jobb og barnehage for å korte ned dagen til vesla så godt eg kan. På toppen av dette prøver eg å gjere ein god jobb som mamma, då skortar det litt på bloggen, det seier seg sjølv.

Eg har tatt meg kraftig saman i det siste. Veslejenta har byrja få skikkeleg mat, ikkje slik tullemat frå glas og pulvergraut. Det tek litt tid å lage mat frå botnen med gode ingrediensar, dei siste dagane kjennes det ut som om eg har laga mat eller vaska opp heile ettermiddagane. Sjølv om det tek litt ekstra tid, så ser eg at det gjev resultat. Ho liker det, og det er jo det viktigaste no når mat er litt vanskeleg. Me gjekk til innkjøp av blender sist helg, og den har allereie vore brukt mykje. No veit eg at det ikkje er tidenes mest interessante emne akkurat kva mat mitt barn et, men eg fortel det likevel. Det kan kanskje gleda ein onkel eller ei bestemor der ute. I det siste har ho fått både torskemiddag, og risgryte med kjøtt og kvitlauk. Det kjennes også tusen gongar betre å gje heimelaga havregraut med eple og kanel til frukost, enn ein kjip, halvlunka pulvergraut frå Nestle. Eg må seie meg litt stolt og nøgd **
Takk til Lisa som gjev meg all verda med gode tips!

I gårkveld var eg på jentemiddag med fleire gamle gymnasvennar. Det var riktig triveleg å sjå dei att, og det vart ein staseleg kveld.

tirsdag 27. oktober 2009

Hjartesukk..

I desse svineinfluensa tider, saknar eg badet på hotellet i Sveits. Det flotte hotellet vårt hadde jamnleg desinfisering av heile badet. Sukk!
Det var det reinaste hotellbadet eg har vore på, og det gleda meg stort. Eg liker reine bad!
Den som fekk gjort det heime i ny og ne. Det skulle eg ha ynskja meg i jolepresang :0)

mandag 26. oktober 2009

Det er den draumen..


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H.Hauge

I dag gjev eg dykk eit av dei vakraste dikta eg veit. Eg les det no og då, det gjev meg håp. Håp om betre tider, og håp for framtida.
Takk, Olav!

lørdag 24. oktober 2009

Laurdagsgodt..


Nokon et løvebiff, mens andre et biff av storfe.

Ei lita frøken, som har svoltestreika i nokre dagar, kjende tydeleg svolten melde seg i dag. Ho tok til å gnage på løva, i håp om at det kom eit skikkeleg kjøttstykke hennar veg. Det beste eg kunne tilby var banan og avocado, og det tok ho til takke med.

Inspirert av den omtala løvebiffen, har Mr. sambuar diska opp med biff til oss i kveld. Så no er me mette og gode, heilt klar for slaraffenliv på sofaen ei stund. God helg!

onsdag 21. oktober 2009

Switzerland


Kan det vere eit teikn frå oven?
Slik såg alpane ut den dagen vesle jenta vår fekk behandling.



Roomservice, på 5.stjerners....
akkurat slik det skal vere !



Under behandlinga, trulte var nøgd :0)


Me er tilbake, med fornya håp og entusiasme. Turen til Sveits har vore fin, me fekk ein deilig pause i frå alt. Det vart tid til litt lesing, ein del turar med vogna, leite etter matvarebutikk (slett ikkje så enkelt som ein skulle tru) fomling med fransk og masse god mat.

Fyrste dagane var me utanfor hovudstaden. Me passa på å skjemme oss sjølve litt vekk, budde bra og spiste godt. Om kveldane sat me i glaskarmen og såg ut vindauga på alle flya som letta. Det var ein flott plass å sitje og filosofere, og draume om framtida. Som vanleg når me er ute og reiser skal alt vere så praktisk, det endte med at me gjekk rundt i jeans midt blant alle dei oppdressa folka på hotellet. Eg kjenner meg alltid så urnorsk i slike samanhengar, me var to gode fjosnissar på tur. Angrar alltid på at eg ikkje klarer å tenkje betre når eg pakkar. Neste gong, skal eg vere flinkare!

Deretter drog me med tog tre timar inn i landet. Togreisa var fin, fekk sett mykje og vesla var nøgd. Det var i grunn det viktigaste. Hotellet var ein stor nedtur etter det vidunderlege 5-stjerners me hadde i Geneve. Det var knappast plass til oss på rommet, kloakklukta var heller ikkje eit pluss.

Det mest kuriose var i grunn matsalen. Me hadde bestilt middag på hotellet, og skulle ete der kvar kveld. Me var dei einaste i heile salen, og spiste kvar for oss sidan trultemor sov. Det var ein kokk og ein kelner på jobb for å varte oss opp. Kvar kveld diska dei opp med 5 (!) middelmådige rettar, radioen på full guffe, ukveikte stearinlys og ein trippande kelner. Det burde ikkje overraske oss at kokken skrudde av lyset og gjekk med eingong siste rett var servert. Dermed sat me att og funderte på om det var meininga at me skulle rydde opp etter oss...

tirsdag 20. oktober 2009

Attende frå Switzerland

Familien Flint er attende i gamle landet, med sjukdom i bagasjen. Når ting har roa seg og me er ferdig utpakka kjem oppdateringa om turen, og nokre bilete. Takk for gode vibbar og støtte som er sendt. Set stor pris på det!

mandag 12. oktober 2009

Stikk i taren om litt..


Eit nassenøff lys for eit lite bursdagsbarn......
som var særs nøgd med dagen!


Min gode sambuar brukar utrykkjet "å stikke i taren" tidt og ofte. Det er eg jammen glad han ikkje har gjort. Men no prøve me oss på akkurat det i nokre dagar. Taren, i form av Sveits, vert eit spennande turprosjekt. Kanskje eg rekk å få skrive ein bloggkommentar eller to frå eit hotell, viss ikkje er eg attende om litt.

Det er viktig at alle de som les bloggen min sender oss positive-vibbar, slik at den godaste Verner får gjort underverk med veslegullet vårt. På førehand; riktig tusen hjartleg takk.

Og forresten!
Gratulerar med ballongar og hurramegrundt jubel til kjære Geitrams som vart mamma i går! Håpa du har det aldeles fantastisk. Eg gler meg til å få treffe vesle nurket.

søndag 11. oktober 2009

Høyrde du?

Eg er glad du ikkje ligg
på det mest alvorlege
rommet,
tenkte eg.

Og plutseleg var du
der.

Høyrde du mamma kviskra deg
i øyra?
Me treng deg
Vakre, vesle du

Kviskra,
me treng deg.
Vakre, vesle du.


lørdag 10. oktober 2009

Så nær..

Korleis kjendes det?
Du var så nær. Såg du lyset
i enden av tunnelen?

Var det slik dei seier?
Kan du framleis
hugse noko av det?



fredag 9. oktober 2009

God helg

Denne vakre krigaren har fått seg mykje nye klede dei siste dagane. Denne kom frå vest, og var ein gåve frå onkel og tante, samt syskjenborn. By Torinn kom vår veg i år også, heldigvis!
Har planar om å leggje ut fleire bileter etterkvart, men enn så lenge får de kosa dykk med dette.

torsdag 8. oktober 2009

Vesle engelen min

Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.

Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.

Det siste året har eg sett krigaren i deg. Eg er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt. Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.

onsdag 7. oktober 2009

Tankar på tbanen..



Eg står med beina planta
midt i fjoråret

Den lukkelege tida før
og krisa etterpå

Eg kjenner etter

Eg må det

tirsdag 6. oktober 2009


Eg er her enno, det har berre vore litt dårleg med blogging denne helga. Me har hatt besøk, og det har vore riktig triveleg. Treng litt kvalitetstid med familien. Det slår meg kvar gong at eg ser dei altfor sjeldan. Vesle snuppelura som eg er tante til, har slutta å vere liten, men er framleis snuppete. Heldigvis!

Me har vore reine tedrikke-lauget her desse dagane, eg skal love me har konsumert mange liter. Etter ein tur på Ultra vert det alltid slik. Eg kjem heimatt med 4 pakkar te, helst to av same sort og nokon nye, slik at utforskartrangen også vert stilt. Ekstra stas denne gongen, sidan brorsan og familien også er temennesker. Det enda med ein haug tepakkar, for ikkje å snakke om ei flaske med Chai-sirup. Eg lærde noko nytt også, kor koseleg det er å lage te i ei kanne og drikke utover kvelden. Det har eg starta med i kveld.

fredag 2. oktober 2009

Så glad, så glad

Så fantastisk flott kan ho vere, veslejenta mi. Den siste delen av veka har det gått bra på trening, og me har fått gjort meir enn tidlegare. Då er det ekstra godt å ta helg. Me får besøk av tante og onkel, og søskenbarnet til veslemor. Me gler oss og trur det skal verte ei kjekk helg!