onsdag 21. mai 2014

Kva er eit menneske verd?

Kva er eit menneske eigentleg verd?
Det er ein sak eg har fundert på mange gongar etter me fekk jenta vår.

Eg sit og jobbar med ein rapport som skal inn i forbindelse med anka vår. Det er 17 månedar sidan saka blei vidaresendt til nemda for anke. Saka kjem opp antan før eller etter sommarferien. No har me fått beskjed om å ta video av at ho liker ting, ikkje er likegyldig til det som skjer rundt seg. Det er tipset advokaten vår gir. Det blir gjort store forskjellar ut i frå kognitive ferdigheiter i forhold til erstatning.

Filmen skal ikkje vare lenge, maks to minuttar og kommentarane våre kan ikkje vere lange. Det blir behandla noko og 30 saker på same møte. Dei har mykje papir om vesla, mest av alt er dei opptekne av diagnosa hennar. Ein diagnose som ut i frå gamle tankesett ikkje høyrer saman med intelligens, kan ein kanskje seie. Vel, det er ikkje noko tvil om at frøkna her i garden gjer dei tankane til skamme. Men frustrasjon blir det likevel. Kvifor skal ein måtte bevise ting som at ho koser seg i basseng? Er ho meir verd om ho koser seg i basseng enn om ho ikkje gjer det? Kva med dei som gleder seg over ting, men som manglar mimikk. Er dei mindre verd? Er mi jente mindre verd fordi ho er seint i gang med kommunikasjon? Ei påført skade som har gjort språk og syn utfordrande er hennar store problem i denne samanhengen. Er andre med godt syn meir verd enn ho?

Kvifor skal ein få meir i erstatning om ein har vore utsett for same type skade, men skada har gitt ulike utslag? Kvifor er ikkje det ein samanheng mellom større skade = meir erstatning? Ikkje  mindre skade = større nyttiggjeringsverdi, slik sakane er i dag. Eg tør påstå at det er meir utfordrande dess meir omfattande skade ein har fått. Det betyr ikkje at det ikkje er moglegheiter, men det betyr at det må jobbast ekstra mykje for. Det er vel kanskje der erstatninga og nemnda bommar, dei meiner gjerne at det ikkje er vits i.

Det er eit skammeleg menneskesyn Pasientskadeerstatninga og Pasientskadenemda har.


onsdag 14. mai 2014

Elektrodresstest

Elektrodressen blei programmert på fredag. Den er så tøff! No er me superspende på dei langvarige resultata, like etterpå er vesla i alle høve mjuk og fin. Det er så kjekt å vere i gang med noko me ha tenkt på så lenge.

Heng godt etter på oppdateringsfronten på bloggen, har drukna i papirarbeide i det siste. Då blir blogg nedprioritert. Me kavar med å finne ei god økonomisk løysing for å få i havn huset vårt. Det er ikkje så lett å få gjennomslag på søknadar tydlegvis. Meir om dette ein annan dag.

God natt!

søndag 4. mai 2014

Vel overstått påske og 1.mai

Jadå, her har me hatt nokre laaange rundar med sjukdom. Først mageproblem for storesyster, igjen. Det varte ganske lenge. Så blei veslebroren sjuk. Deretter blei mammo sjuk. Og pappen har stort sett hengt i strikken og jobba på.

Men me er her altså ;
og alle er byrja kome seg til hektene igjen.


Og snart er me klare for våren og kanskje litt betre blogging ?!  Det er målet!