| 2/ 3 av det intensive treningsteamet |
Siste dag med pleiepengar i denne familien. Det var godt så lenge det varte. Dei siste månadane har me jobba mykje med å prøve finne nye, gode løysingar for kvardagen og den intensive treninga. Me har ringt og sendt e-postar til politikarar, vore i kontakt med aviser og fjernsyn, fått nokre artiklar i Sumpen. Me har fulgt opp politikarane når pleiepengar vart tatt opp i spørretimen i Stortinget, prøvd å legge press på. Har klaga på NAV- vedtaket. Lagt vaken om nettene og tenkt.
Me har fått til ei slags løysing. Eg må byrje i full jobb igjen, og Mr. Sambuar / Mann / Husbond (soon to be) har valgt å ta permisjon i frå Dr.grada si. Han får no 60 % stilling frå kommunen for å ta seg av treninga til vesla, me kjem til å stå med mindre inntekt, men opplegget rundt ho vil i allefall vere solid og stabilt.
Vonar at det vil løyse seg med pleiepengar når Kaasa- utvalet er behandla i Stortinget om nokre år. Eg er forbanna og oppgitt over at me som familie skal ha mindre inntekt, når me gjer ein stor innsats for å betre livsvilkåra for jenta vår. Ein jobb som eigentleg burde vore gjort av det offentelege, men dei har ikkje noko reelt tilbod slik situasjonen er no. Det kan ikkje måle seg med det me gjer vesla vår. Kvifor skal ikkje me få betalt for den jobben? Kvifor skal me skvisast frå alle kantar, forstår ikkje kommune og stat at dei slit oss ut når dei lessar oss ned med papir, avslag og kampar me må ta for å få det me har rett på? Dei siste månadane med pleiepengar har me faktisk ikkje kunna hatt så mykje fokus på sølve treninga, kjempinga for den alternative løysinga har tatt frykteleg mykje tid.
-
Herremannen min, eg er stolt av valet ditt. Eg trudde du kom til å verte ein god far når me fekk barn. Det viser seg at du er fantastisk! Eg er så glad for at det er deg eg kom i dette uføret i lag med.
