Eg har mykje å juble for i dag.
For eksempel kunne eg ha jubla over at eg ikkje vart dårleg då eg presterte å drikke ei 14 dagar gamal mjølk i helga... (eg sparte den til vafler, men gjekk på limpinnen og drakk den sjølv i stadenfor).
Eg kunne juble for mi kjære dotter, som har vore fantastisk flink på trening i dag.
For Glenn Doman, som gjev meg idear og "boost" til å forsetje.
Og for at det endeleg er november, og den tunge månaden er over. No kan eg sjå framover!
I staden for jublar eg for min kjære far.
Det er eit år sidan han låg på Rikshospitalet. Ingen visste sikkert korleis dette kom til å gå. Heldigvis var det noko som gjekk på skinner i fjor, og det har vore fantastisk å stå ved sida og sjå kva innverknad heile operasjonen har hatt på han. Det er fint å ha ein frisk og rask pappa!
Og kjære bror, eg jublar for deg også.
Eg veit du ikkje vil høyre noko om det, men likevel;
tusen takk!