torsdag 31. desember 2009

Nyttår 2010






Det kjennes ikkje som ein dag for feiring for oss. I går mista me ein ung gut i familien.
Me tenner eit lys for han i kveld.

Vonar at 2010 vert eit godt år og at me som er att tek vare på kvarandre.

lørdag 26. desember 2009

Konkurranse

I  desse gåvetider har eg bestemt meg for å ha ein konkurranse på bloggen min. Det må feirast at eg snart har 6000 besøkande, samt at me straks skal ta til på eit nytt år.

Eg oppfordrar mine gode lesarar til å leggje att ein kommentar på denne posten, det gjev eit lodd. Legg du deg til som følgjar i tillegg, får du to lodd. Sjølvaste nyttårsafta trekkjer eg ein vinnar, og den utvalde får ein spennande pakke i posten eit lite stykke ut i det nye året.


Utsetjer trekninga til over helga....

mandag 21. desember 2009

Hardangervidda





Vakkert ver då me køyrde heim i dag. Dette biletet vart tatt i bilen på veg over Hardangervidda, det var nydeleg ljos ute, men ein kunne ikkje stoppe då det var så ufyseleg kulde ute. Me er glade for at me avbraut planen om å reise i går, sjølv om Mr.Sambuar var noko raud i toppen etter å ha bore ned - og oppatt - all bagasjen i gårtidleg. Det kjennes som ein risiko å farte over fjellovergangar på denne tida av året, og forskjellen mellom i dag og i går var stor.
No er me altså framkomne, og nyt varmen frå peisen og kvar sitt glass med raudvin.
Jolefreden kan med andre ord senke seg.

lørdag 19. desember 2009

Joleferie


Pakkane er klare for turen over fjellet

I fjor hadde me ei eiga lita jolefeiring i Oslo før me drog avgarde på ferie. Under fikentreet la me pakkane me ikkje hadde plass til å ta med oss til Sunnmøre. Medan Frank Sinatra song for oss, åt me jolehorn og drakk gløgg. Ein roleg og fin gåveseanse, det der. Ahh.. Det er nesten så ein får lyst å oppleva jol i eigen heim. Nesten.

I staden for å gjere som i fjor, spring me rundt oss sjølve i presangar, klesvask, husvask og ei lita jente. Me er på veg på joleferie, straks. Det kjennes nok betre i kveld når alt er i orden. Uansett veit eg at det kjem til å verte nokre riktig trivelege veker, og gler meg vilt til å kome heim til familien min. Mr. Sambuar har fått spesialtilpassa middagen på jolafta, så alt ligg til rette for glede og velstand.

Eg erklærer joleferien for opna, og gler meg over at me snart køyrer heim til jol.

torsdag 17. desember 2009

Hurra!

Hurra, hurra!

Eg har fått meg vikariat fram til 29års dagen min.
Deilig å få forsetja på arbeidsplassen eg trives så godt på,
med fine kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. 

I tillegg har eg meir rettigheiter når eg jobbar fullt,
og ein fin ting til, som eg plutseleg kom på;
Eg får full løn! Det kjem nok til å merkast hjå Familien Flint.

mandag 14. desember 2009

Potensielt jolekortmateriale



Tok bileter til jolekort i går. (Ja, me er alltid seint ute...)
Etter alt å døme kan det verte interessante kort i år.

Det var sjølvsagt ein stk hoppeball og ein sterk pappa involvert,
samt ei fortvila mamma som skulle fotografere nokre riktig gode blinkskot.
Vesle nissen ville ikkje vere med på opplegget, sånn eigentleg.








lørdag 12. desember 2009

Balkongutsikt




Eg gjev dykk dagens balkongutsikt..

Noko av det eg likte best med husveret før me kjøpte det, var utsikta. Dei store vindauga i stova gjer at det kjennes som ein får heile himmelen inn, og det er slett ikkje verst når det er som i dag.
God helg, alle!

torsdag 10. desember 2009

Welcome to Oslo, Mr.President



Bilete er laga av Shepard Fairey


I dag er dagen.
Her i hovudstaden høyrer me lyden av helikopter i lufta.
På jobb følgjer me NRK1, og følgjer med på heile oppstandelsen.
Obama er i byen.

mandag 7. desember 2009

Jolestemning




Trollhasselen er komen i jolestemning og pyntar seg med alskens nydeleg jolepynt.
Desse er frå 1950 og kjøpt brukt i København.


Pynten minnar meg om besteforeldra mine sitt joletre. Dersom eg kjem over meir gamalt i same sort,
så skal eg investere. Det er så fint å tenkje på at akkurat denne pynten har hengt på andre sitt
joletre, og eg plar fundere litt over korleis jola hjå dei menneska såg ut. Var det song, latter og barneglede?

Eg foreslår at de også funderer litt over det, det er ein fin pause i vår hektiske førjolskvardag.

søndag 6. desember 2009

Stas med mørke kveldar



Etter ein kveldstur i mørkret tindra augo...

I går kveld var me ein tur ute i mørkret. Vesle trulta måtte få kjenne litt på snø og oppleve kaldt og surt utever. Det var stasleg, meinte ho. Då me kom innatt i varmen tok eg nokre bilete, og var spesielt nøgd med dette. Det nye kameraet mitt har opna ei ny verd for meg, alle bilete vert litt betre, tykkjer eg.

lørdag 5. desember 2009

Eg har landa..

Eg hadde tidenes beste ettermiddag i går. Frikveld.

3 timar med spabehandling ved det eldste badet i hovudstaden. Eg fekk peeling, massasje, innpakning, ansiktsbehandling og fotbehandling. Eg var nærmast ikkje nedpå jorda då eg gjekk ut der i frå. Fantastisk deilig å få litt tid for seg sjølv og få litt stell. Snille, snille sambuaren som ordna til meg.

Etterpå gjekk eg saman med ei venninne og spiste tapas, og sladra om gamle kjende. Det var ein riktig fin kveld! Fint å ha ei venninne heimefrå i byen, det er alltid litt ekstra stas med ho som eg har kjend sidan me var ørsmå.

No har eg landa. Eg fekk sove lenge i dag, og har såleis vore ekstra heldig. Helga går med til litt vask i hus og mykje kos med trultemor. Så får me sjå om me klara å dra i land nokre jolepakka etterkvart, det ser ikkje så veldig lyst ut enno.
Ynskje mine gode lesarar ei fin helg!

tirsdag 1. desember 2009

Velkommen til Nederland..


Jeg blir ofte spurt om å forklare
hvordan det er å ha et handikappet barn,
for å prøve å hjelpe de som ikke har delt denne unike opplevelsen
 til å forstå hvordan det er,
slik at de kan forestille seg hvordan det føles.

Når du venter et barn,
er det som å planlegge en fantastisk ferietur til Italia.
Du kjøper en stabel med guidebøker og legger store planer.
Colloseum, Michelangelos David. Gondolene i Venezia.
Kanskje lærer du noen nyttige fraser på italiensk.
Alt er veldig spennende!

Etter måneder med ivrig forventning
kommer endelig dagen.
Du pakker kofferten og drar avsted.
Flere timer senere lander flyet.
Flyvertinnen tar mikrofonen og sier,
“Velkommen til Nederland”
“Nederland?!” sier du.”Hva er det du sier, Nederland?
Jeg hadde bestilt tur til Italia!
Jeg skulle vært i Italia nå.
Hele livet mitt har jeg drømt om å få reise til Italia.”

Men det er en endring i flyets rute.
Du har landet i Nederland og der er du nødt til å bli.
Det viktigste er
at de ikke har tatt deg med til et forferdelig sted
fyllt med nød og sykdom.
Det er bare et annet sted.
Så du må gå å kjøpe nye guidebøker.
Og du må lære et helt nytt språk.
Og du vil bli nødt til å møte en hel del mennesker
som du ellers aldri ville ha møtt.

Det er et annerledes sted.
Det er roligere enn Italia,
ikke så flott som Italia,
men når du har vært der en stund
og du har fått pusten igjen,
ser du deg rundt…og du begynner å legge merke til
at Nederland har vindmøller.
Og Nederland har tulipaner.
Nederland har til og med Rembrandt.

Men alle du kjenner er travelt opptatt
med å reise frem og tilbake til Italia,
og alle skryter av hvor fabelaktig flott de har hatt det.
Og for resten av ditt liv kommer du til å si:
“Ja, det var dit jeg hadde tenkt meg også.
Det var det jeg hadde planlagt.”

Og smerten ved det vil aldri, aldri bli borte,
fordi tapet av en drøm er et veldig, veldig tap.
Men hvis du tilbringer livet med å sørge over
at du ikke kom til Italia,
vil du aldri føle deg fri til å nyte de helt spesielle og skjønne sidene ved Nederland.

Emily Pearl Kingsley


Takk til Linda som gav meg dette diktet.
Me nikka gjenkjennande.

mandag 30. november 2009

28 år





I dag fyller eg år! 28 og framleis i perfekt stand :)
Bildet er akkurat 1 år gamalt.
Meir blogging i morgon for no er det kakemekking!

Oppdatering: No er besøket gått, seks kjekke jenter var her og feira i lag med meg. Var ei lita kråke som var vaken og ville vere med på feiringa også. Sidan ho var roleg og grei, gjekk det heilt greit. At eg er i perfekt stand er det herren i huset som skreiv, men eg seier meg nøgd med det :0)

søndag 29. november 2009

Gratulera



Min fine sambuar feirer 31 år i dag!

Ein varm haustdag i 2001 traff eg deg, og her sit me i dag. Med eit barn og leiligheit.
Trass tøffe tider har me vore heldige, og eg er så takknemleg for at det er deg eg skal stå i lag med gjennom det heile. Du betyr alt **

Me har allereie feira litt med bollar og smoothies, i tillegg skal du få ein ekstra god middag.
Ynskjer deg ein flott bursdag!

lørdag 28. november 2009

Smugkikk



Årets jolekalendar,
merk deg mummi-tematikken..

Oppskrift på ei fryktleg krevjande veke



1 forsvunnen sambuar.
1 skrikete og sjukt barn.
1 bestemor, som er hjelpsom som husmor.
(men som ikkje er god nok til bæring for vesla.)
 = 1 frykteleg sleten mamma

Tidlegare denne veka sa eg at eg skulle prøve å vere litt meir utfyllande. Eg har diverre ikkje rukke noko som helst anna enn trøsting og bæring dei siste dagane. No er bestemor sendt heim med tårer i augnekroken, og Mr. Sambuar er på veg heimatt til oss. Eg håpar inderleg at helga vert mykje betre enn dei andre dagane denne veka. Uansett har eg tenkt å sove leeeeeeeenge i morgon, sjølv om det ikkje er min bursdag. Noko må ein vel få att som gode når ein har vore heime og jobba slik?! Håpar bestemor også får sove lenge og full oppvartning når ho er heime hjå seg sjølv.


Midt oppi alt ståket har eg fått ein nyvaska heim, 3 ferske brød, ei kake og masse reine klede. Det har vore rein luksus, og eg ser at eg godt kan ynskje meg ein hushjelp i jolegåve i år. I går kveld hadde vesla ein pause, då tok me til med pepperkakebaking. Og no har eg ein koseleg adventskalendar hengande i vindauget.

mandag 23. november 2009

Heimattkomen

Oi, plutseleg var eg vekke ei veke. Hadde store planar om å la det verte med to korte dagar, men så vart det visst meir. No er eg heime att, ein infeksjon og ein slange rikare. Dekryptiser den om du klarer...

Frykteleg sleten, så det vert med dette vesle livsteiknet for i dag. Prøver med ein betre post i morgon.

tirsdag 17. november 2009

Et eventyr



Det var en gang en konge og en dronning
som ønsket seg en prinsesse
Langt om lenge kom du,
og landet fløt over av melk og honning
biene sang i gresset!
Nei, det var ikke et eventyr
Det var en tid da honning var forbudt,
bier farlige,
og etterspørselen etter melk
vokste like inn i himmelen med deg
Jo, det var et eventyr
Vi hadde fangene fulle av nye rim og regler
Så mye ga vi bort: Halve kongeriket, hele tiden

Så mye fikk vi igjen: Hele deg hele livet!

Cathrine Grøndahl

søndag 15. november 2009

Flate sundagsbollar og mykje latter



Balkongutsikt då vesla tok seg ein ettermiddags lur

Nok ei helg nærmar seg slutten, dei siste helgene har me vore relativt sosiale. Den siste helga har ikkje vore noko unntak. Forutan besøk av svigermor, har me i føremiddag hatt besøk av gode vennar. I tillegg til to avbalanserte og flotte pedagogar, kom to aktive karar og ei lita, vakker jente. Begeistra tok gutane fatt på innefotball med svære pilatesballar. Det endte med at ein av brødrene datt rett i bollane som stod til heving. Til pass åt meg når eg sat dei på golvet, ikkje sant?! Me fekk oss ein god latter i alle fall.

fredag 13. november 2009

Pride and prejudice






Colin Firth will always be my Mr. Darcy.... 

Mr. Sambuar er på jobbreise, og eg har besøk av mi kjære svigermor. I tillegg til god hjelp, har eg fått ein medsamansvoren Pride and prejudice-fan.. Dei siste kveldane har me slukt 4 timar med god, engelsk bbc- drama. Det er med tårer i augo eg kan informere om at den siste episoden står for tur straks.
God helg til mine lesara!

onsdag 11. november 2009

Kor er..

jakka mi? kor er buksa mi? og så bortetter. Frå spøk til alvor.
Kor i alle dager er brillene mine, eg er sikker på eg hadde dei i går. Lurer på om dei er på seminar i Birmingham i lag med sambuaren min. Så fall håpa eg dei har ein fin tur.. Og at dei kjøper Chanel neglelakk til meg på vegen heimatt.. Orange fuzz.. Takk, takk snille!

Oppdatering:
I det eg hadde skrive innlegget fann eg dei akkurat der eg trudde eg skulle finne dei, i brilleetuiet... Forvirra?

søndag 8. november 2009

God farsdag!





            To fine hoppeball entusiastar


Kjære pappa.

Gratulera så masse med farsdagen. Du er verdas beste på hoppeball, bæring, nasekos og alt anna ein pappa skal vere god på. Også er du verdas sterkaste.
Eg er så heldig som har ein pappa som vil meg alt det beste.

Stor nasekos frå veslejenta di

fredag 6. november 2009

Fredag og besøk

Denne helga vert det besøk frå fleire kantar. Sidan det er slik vinterstemning ute med snø, så har eg diska opp med nysteikte bollar og kakao til team nr.1, Cupfinalefamilien.
No sit eg og ventar på at team nr.2, med nordnorsk sjarm skal kome, dei skal vere på overnatting til sundag. Stasleg!

Eg er klar for gullrekka og alt som følgjer med den (dvs. nysteikte bollar - igjen, og te! ).
Ynskjer alle ei god helg!

onsdag 4. november 2009

Das Leben der Anderen





Das Leben der Anderen, er eit tysk drama. Det kan høyrast avskrekkande ut, men legg fordommane dine på hylla, så skal du få ei positiv overrasking.

Settinga er Aust-Berlin før muren fall.  Stasi er travelt opptekne med overvakning av samfunnet. Gerd Wiesler får i oppdrag å overvake dramatikeren Georg Dreyman. Kulturministeren som har iverksatt oppdraget har ein eigen agenda, når det gjeld Dreyman. Det involverer Dreymans kjæreste , Christa-Maria Sieland.

Filmen inneheld alt ein kan ynskje seg. Spenning, ei veldig god historie og tilbakeblikk på ei svunnen tid. Då filmen kom vann den fleire prisar.

Den er verd å sjå, og det kan du gjere på NRK 2, kl 21.05 i dag, onsdag 4.november

tirsdag 3. november 2009

Hurra!



Eg har mykje å juble for i dag.

For eksempel kunne eg ha jubla over at eg ikkje vart dårleg då eg presterte å drikke ei 14 dagar gamal mjølk i helga... (eg sparte den til vafler, men gjekk på limpinnen og drakk den sjølv i stadenfor).
Eg kunne juble for mi kjære dotter, som har vore fantastisk flink på trening i dag.
For Glenn Doman, som gjev meg idear og "boost" til å forsetje.
Og for at det endeleg er november, og den tunge månaden er over. No kan eg sjå framover!

I staden for jublar eg for min kjære far.
Det er eit år sidan han låg på Rikshospitalet. Ingen visste sikkert korleis dette kom til å gå. Heldigvis var det noko som gjekk på skinner i fjor, og det har vore fantastisk å stå ved sida og sjå kva innverknad heile operasjonen har hatt på han. Det er fint å ha ein frisk og rask pappa!

Og kjære bror, eg jublar for deg også.
Eg veit du ikkje vil høyre noko om det, men likevel;
tusen takk!

mandag 2. november 2009

Känslan man har



Etter å ha lånt Känslan man har av ei venninne, har eg bestemt meg for å samle på bøkene til Jan Stenmark. Eg vil ikkje kalle boka eg har lese for teikneserie, det er meir enkelte bilete med underfundige tekstar.
Enkelte kallar Stenmark for biletpoet, det syntes eg at klinger så godt at eg vil føye meg i rekka. Stenmark har mange morsomme detaljar i bileta sine, så ein vert ikkje riktig ferdig med det fyrste.

Det er absolutt verd å tilbringe ein time i sofakroken i lag med Stenmark og ein kopp te, dersom ein ynskjer lett underhaldning i haustmørkret.

fredag 30. oktober 2009

I dag er det eit år sidan




Vår vakre vesle jente,
gjorde seg klar for heimreise.  
Ho tok det heile med stor ro.

torsdag 29. oktober 2009

På blogginga laus...

Det har gått litt på blogginga laus i det siste, eg har vore litt fråværande og med god grunn. Det rausar inn med papir frå alle kantar. Søknadar skal skrivast, brev skal sorterast og informasjon skal lesast og fordøyast. Og ikkje minst; oppgåver skal fordelast. Eg spring mellom jobb og barnehage for å korte ned dagen til vesla så godt eg kan. På toppen av dette prøver eg å gjere ein god jobb som mamma, då skortar det litt på bloggen, det seier seg sjølv.

Eg har tatt meg kraftig saman i det siste. Veslejenta har byrja få skikkeleg mat, ikkje slik tullemat frå glas og pulvergraut. Det tek litt tid å lage mat frå botnen med gode ingrediensar, dei siste dagane kjennes det ut som om eg har laga mat eller vaska opp heile ettermiddagane. Sjølv om det tek litt ekstra tid, så ser eg at det gjev resultat. Ho liker det, og det er jo det viktigaste no når mat er litt vanskeleg. Me gjekk til innkjøp av blender sist helg, og den har allereie vore brukt mykje. No veit eg at det ikkje er tidenes mest interessante emne akkurat kva mat mitt barn et, men eg fortel det likevel. Det kan kanskje gleda ein onkel eller ei bestemor der ute. I det siste har ho fått både torskemiddag, og risgryte med kjøtt og kvitlauk. Det kjennes også tusen gongar betre å gje heimelaga havregraut med eple og kanel til frukost, enn ein kjip, halvlunka pulvergraut frå Nestle. Eg må seie meg litt stolt og nøgd **
Takk til Lisa som gjev meg all verda med gode tips!

I gårkveld var eg på jentemiddag med fleire gamle gymnasvennar. Det var riktig triveleg å sjå dei att, og det vart ein staseleg kveld.

tirsdag 27. oktober 2009

Hjartesukk..

I desse svineinfluensa tider, saknar eg badet på hotellet i Sveits. Det flotte hotellet vårt hadde jamnleg desinfisering av heile badet. Sukk!
Det var det reinaste hotellbadet eg har vore på, og det gleda meg stort. Eg liker reine bad!
Den som fekk gjort det heime i ny og ne. Det skulle eg ha ynskja meg i jolepresang :0)

mandag 26. oktober 2009

Det er den draumen..


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H.Hauge

I dag gjev eg dykk eit av dei vakraste dikta eg veit. Eg les det no og då, det gjev meg håp. Håp om betre tider, og håp for framtida.
Takk, Olav!

lørdag 24. oktober 2009

Laurdagsgodt..


Nokon et løvebiff, mens andre et biff av storfe.

Ei lita frøken, som har svoltestreika i nokre dagar, kjende tydeleg svolten melde seg i dag. Ho tok til å gnage på løva, i håp om at det kom eit skikkeleg kjøttstykke hennar veg. Det beste eg kunne tilby var banan og avocado, og det tok ho til takke med.

Inspirert av den omtala løvebiffen, har Mr. sambuar diska opp med biff til oss i kveld. Så no er me mette og gode, heilt klar for slaraffenliv på sofaen ei stund. God helg!

onsdag 21. oktober 2009

Switzerland


Kan det vere eit teikn frå oven?
Slik såg alpane ut den dagen vesle jenta vår fekk behandling.



Roomservice, på 5.stjerners....
akkurat slik det skal vere !



Under behandlinga, trulte var nøgd :0)


Me er tilbake, med fornya håp og entusiasme. Turen til Sveits har vore fin, me fekk ein deilig pause i frå alt. Det vart tid til litt lesing, ein del turar med vogna, leite etter matvarebutikk (slett ikkje så enkelt som ein skulle tru) fomling med fransk og masse god mat.

Fyrste dagane var me utanfor hovudstaden. Me passa på å skjemme oss sjølve litt vekk, budde bra og spiste godt. Om kveldane sat me i glaskarmen og såg ut vindauga på alle flya som letta. Det var ein flott plass å sitje og filosofere, og draume om framtida. Som vanleg når me er ute og reiser skal alt vere så praktisk, det endte med at me gjekk rundt i jeans midt blant alle dei oppdressa folka på hotellet. Eg kjenner meg alltid så urnorsk i slike samanhengar, me var to gode fjosnissar på tur. Angrar alltid på at eg ikkje klarer å tenkje betre når eg pakkar. Neste gong, skal eg vere flinkare!

Deretter drog me med tog tre timar inn i landet. Togreisa var fin, fekk sett mykje og vesla var nøgd. Det var i grunn det viktigaste. Hotellet var ein stor nedtur etter det vidunderlege 5-stjerners me hadde i Geneve. Det var knappast plass til oss på rommet, kloakklukta var heller ikkje eit pluss.

Det mest kuriose var i grunn matsalen. Me hadde bestilt middag på hotellet, og skulle ete der kvar kveld. Me var dei einaste i heile salen, og spiste kvar for oss sidan trultemor sov. Det var ein kokk og ein kelner på jobb for å varte oss opp. Kvar kveld diska dei opp med 5 (!) middelmådige rettar, radioen på full guffe, ukveikte stearinlys og ein trippande kelner. Det burde ikkje overraske oss at kokken skrudde av lyset og gjekk med eingong siste rett var servert. Dermed sat me att og funderte på om det var meininga at me skulle rydde opp etter oss...

tirsdag 20. oktober 2009

Attende frå Switzerland

Familien Flint er attende i gamle landet, med sjukdom i bagasjen. Når ting har roa seg og me er ferdig utpakka kjem oppdateringa om turen, og nokre bilete. Takk for gode vibbar og støtte som er sendt. Set stor pris på det!

mandag 12. oktober 2009

Stikk i taren om litt..


Eit nassenøff lys for eit lite bursdagsbarn......
som var særs nøgd med dagen!


Min gode sambuar brukar utrykkjet "å stikke i taren" tidt og ofte. Det er eg jammen glad han ikkje har gjort. Men no prøve me oss på akkurat det i nokre dagar. Taren, i form av Sveits, vert eit spennande turprosjekt. Kanskje eg rekk å få skrive ein bloggkommentar eller to frå eit hotell, viss ikkje er eg attende om litt.

Det er viktig at alle de som les bloggen min sender oss positive-vibbar, slik at den godaste Verner får gjort underverk med veslegullet vårt. På førehand; riktig tusen hjartleg takk.

Og forresten!
Gratulerar med ballongar og hurramegrundt jubel til kjære Geitrams som vart mamma i går! Håpa du har det aldeles fantastisk. Eg gler meg til å få treffe vesle nurket.

søndag 11. oktober 2009

Høyrde du?

Eg er glad du ikkje ligg
på det mest alvorlege
rommet,
tenkte eg.

Og plutseleg var du
der.

Høyrde du mamma kviskra deg
i øyra?
Me treng deg
Vakre, vesle du

Kviskra,
me treng deg.
Vakre, vesle du.


lørdag 10. oktober 2009

Så nær..

Korleis kjendes det?
Du var så nær. Såg du lyset
i enden av tunnelen?

Var det slik dei seier?
Kan du framleis
hugse noko av det?



fredag 9. oktober 2009

God helg

Denne vakre krigaren har fått seg mykje nye klede dei siste dagane. Denne kom frå vest, og var ein gåve frå onkel og tante, samt syskjenborn. By Torinn kom vår veg i år også, heldigvis!
Har planar om å leggje ut fleire bileter etterkvart, men enn så lenge får de kosa dykk med dette.

torsdag 8. oktober 2009

Vesle engelen min

Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.

Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.

Det siste året har eg sett krigaren i deg. Eg er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt. Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.

onsdag 7. oktober 2009

Tankar på tbanen..



Eg står med beina planta
midt i fjoråret

Den lukkelege tida før
og krisa etterpå

Eg kjenner etter

Eg må det

tirsdag 6. oktober 2009


Eg er her enno, det har berre vore litt dårleg med blogging denne helga. Me har hatt besøk, og det har vore riktig triveleg. Treng litt kvalitetstid med familien. Det slår meg kvar gong at eg ser dei altfor sjeldan. Vesle snuppelura som eg er tante til, har slutta å vere liten, men er framleis snuppete. Heldigvis!

Me har vore reine tedrikke-lauget her desse dagane, eg skal love me har konsumert mange liter. Etter ein tur på Ultra vert det alltid slik. Eg kjem heimatt med 4 pakkar te, helst to av same sort og nokon nye, slik at utforskartrangen også vert stilt. Ekstra stas denne gongen, sidan brorsan og familien også er temennesker. Det enda med ein haug tepakkar, for ikkje å snakke om ei flaske med Chai-sirup. Eg lærde noko nytt også, kor koseleg det er å lage te i ei kanne og drikke utover kvelden. Det har eg starta med i kveld.

fredag 2. oktober 2009

Så glad, så glad

Så fantastisk flott kan ho vere, veslejenta mi. Den siste delen av veka har det gått bra på trening, og me har fått gjort meir enn tidlegare. Då er det ekstra godt å ta helg. Me får besøk av tante og onkel, og søskenbarnet til veslemor. Me gler oss og trur det skal verte ei kjekk helg!

onsdag 30. september 2009

Albert held oss i handa...

Biletet er lånt frå www.riktigeleker.no
Me er på intensiv opptrening for tida, veslegull har vore på utredning, og dei siste vekene har det vore full fres. Det går greit så lenge eg ikkje tenkjer på korleis livet eigentleg skulle ha vore, me skulle eigentleg ikkje ha vore der. Det knuser meg. Men på den andre sida, tenkjer vel alle som går inn dørene på opptreninga slik. Det skulle ha vore nokon andre. Ikkje meg, ikkje oss.

Sjølv om det kan kjennast tøft å verte konfrontert med situasjonen me er i, er det også litt godt. Godt å kome i gang, godt å kjenne at ein får hjelp og at me har eit felles mål om å få til mykje. Veslemor la til godsida under utredninga, og viste fram tolmodet sitt. Eit tolmod eg ikkje visste at eksisterte. Eg er usikker på kven som var lengst i maska, eg eller Mr.Sambuar, då ho presterte å gjennomføre ein time med testar og framleis smilte. Me nikka og smilte til alle lovorda om den flotte døtra vår, som var utruleg grei å ha med å gjere.

Sist veke byrja sjølve treninga, og då snudde ho tvert. Stort sett var ho utslitt då me kom om morgonen, hyling ein halvtime i bil eller mykje folk på banen ladar ho fullstendig ut. Det endte med at ho sov i fleire timar og spiste lite, for så å grine når dei starta på fysioterapi og treningsopplegg. Det seier seg sjølv at dei ikkje fekk gjennomført mykje. Denne veka har det gått nokolunde betre, men planane har vorte justerte, slik at dei passar betre for ei lita jente som vert fort sliten. Me vonar at den neste veka vil verte betre, me er takknemlege for alle framsteg.

Den siste veka dukka det opp uventa støtte frå ein utanforståande. Albert, som de ser ovanfor, har stått ved veslegull si side gjennom tjukt og tynt dei siste dagane. Han høyrer diverre til på hab.senteret, så no må me gå til innkjøp av vår eigen. Det er viktig med riktig støtte og oppbacking når ein skal ut i den store verda, og dette kan han alt om, han lokkar fram smil og glede hjå oss.

mandag 28. september 2009

Kjære Gambrinius

Hausten er her.
Det regnar og bles ute, og ein slitsom hoste har byrja snike seg inn på meg.
Eg drøymer om ei spesifikk italiensk strand, som serverer pizza bianca og cola på boks.
Mens sleske Giovanni'ar spradar rundt i små speedos,
eller vent litt..
Det kan eg i grunn spare meg for.
Likevel...
ahhh...
håpa eg får kome attende neste år.

søndag 27. september 2009

Müslieksplosjon


Det er sundagskveld, og det har akkurat stilna. Ei snørrete, lita trultemor har protestert høglytt og frykteleg lenge, sjølv om gjespane har vore himmelhøge. Då er det ubeskriveleg deilig når det endeleg vert tyst.

Dagen har gått med til masse leiking på golvet, me trener oss på det. No ligg både eg og Mr.Sambuar der i lag med ho, så ofte som me kan. Trulte er oppslukt av ei leike med mange fine fargar på, den snurrar me rundt og ho pratar i veg. Det er sjeldan ho får svar frå leika, sidan det er ei ordinær treleike. Me prøver difor å ta oss av responsen.

Eg øydelagte diverre ein del av dagen, då eg spiste müsli med trulte på fanget. I mens eg sat og funderte på om det var dumt, sidan ho kunne kaste seg bak og treffe fatet, så gjorde ho akkurat det. Mjølka skvatt, havregryn og rosiner låg strødd over alt. Det vart eit ramaskrik, det bur ei lita dramaqueen i veslejenta mi. Eg kan jo forstå at det ikkje var så kjekt å få ryggen full av mjølk og havregryn, men det var ikkje verre enn at det kunne vaskast vekk. Korleis det skal gå når støvlane hennar ein gong vert skitne, er eg usikker på.


Ny tannoppdatering: Etter eit horribelt tilbakespel, har oppsida tatt leiinga 4-3.

lørdag 26. september 2009

Romantikk midt i veka

Sånn skal det gjerast. Romantikk midt i veka inneheld ein stykk barnevakt (i vårt tilfelle, to stykker faktisk). Syklar, hovudlykt og vedkubbar. Eit stykke inn i Østmarka lagar ein bål og drikk te frå termos, mens ein ser på stjernene og funderer over livet...

tirsdag 22. september 2009

Den grønne hulken, det er meg..

Gårsdagen førte med seg ein tur på sjukehuset. Det drog ut i det uendlege i forbindelse med ein urinprøve, og eg som likar så dårleg å vere der. Godt de ikkje møter på meg i dei tider, eg bles meg opp og vert Hulken. Kanskje ikkje like grønn, men minst like stor og slem. Blodet bankar i tinninga og sinnet kjem snikande med ein gong eg går inn porten.
Jævlar, tenkjer eg.
Jævlar, det er de, alle saman.

mandag 21. september 2009

Langhåra og alvorleg

Lita og langhåra snuppelur

søndag 20. september 2009

Sundagskos og loppis med skrikarunge

Nam, Nam...

Nybaka pizzabollar og Friends, det må vere ein god sundagskombinasjon.



Helga har gått med til oppussing av gangen. Det vert påstått at veggfornyar er supert over gamal strie, men det er mykje meir arbeide enn forventa. Ekstra lim i etterkant, og sparkel, med eit noko usikkert resultat er ikkje spesielt stas.


I dag har me hatt ein loppemarked-date med nokre vennar. Det var på ingen måtar ei vellukka affære. Det hadde ingenting med vennane våre å gjere, berre for å ha det sagt fyrst som sist. Dei
gjorde plikta si, var hyggelege og spiste kake i lag med oss. Det er rett og slett ei utfordring å kome seg ut for tida. Bilsetet er ikkje populært, vogna er berre til soving og bæresele er uaktuelt. Kva gjer ein då? Me er i villrede. Som vanleg var det vanskeleg å få til vognturen, så i staden for å trille til loppis, måtte pappa bære Trulte halve vegen. Bæring er tingen, berre så synd me ikkje har funne noko god bæresele. Det er litt vanskeleg når beina stivnar slik, men no håpar me å få hjelp med å få tak i eit godt alternativ.

No er me slitne etter ein lang dag, skal sjå litt Friends og ete pizzabollar med pesto og fenalår, før me stuper til køys. Klar for ny hard veke, med mykje program.

torsdag 17. september 2009

Kven er de der ute?

I følgje teljaren på bloggen min, er det opptil 30 stykker som les bloggen min kvar dag. Det er sikkert dei same 30 pluss- minus som les den i laupet av veka. Eg syns det er litt stas, så no vil eg gjerne at de hjelper meg å tilfredsstille nysgerrigheita mi. Kven er de?

Dersom de ikkje har skrive kommentarar før, så oppfordra eg dere til å gjere det no. Eg prøver å vere nokolunde anonym, de gjer sjølve som de vil ;0)

Den etterlyste ynskjelista

Det byrjar nærme seg. Veslejenta vert 1 år om ikkje så lenge, og no har det byrje å kome spørsmål om kva ho ynskjer seg til dagen. Heilt ærleg, trur eg ikkje ho har fått augo opp for gåver enno. Og det er ikkje så rart i følgje faren hennar, ho har jo aldri feira bursdag før. Dersom trultemor sjølv skulle bestemme, trur eg ho hadde svart følgjande:

1. Måtte det aldri ta slutt på puppemjølk.

2. Håpar stovegardinene aldri vert byta ut.

3. Gje mamma betre songstemme.

4. Gje pappa meir hoppekrefter.

Dersom me vaksne i huset skal ha noko å seie i presangsaka, vil det sjå litt annleis ut:
Det er alltid ein slager med ullklede i friske, fine fargar. (Eg elskar Torinn, har også høyrt masse fint om Nøstebarn.) Ho skal nok vere mykje ute i vinter, så då er det deilig med varme klede under dressen. Ho skulle gjerne hatt nokre gode vintersko til barnehagen også. Elles er det stas med leiker som lagar lyd. Personleg er eg også glad i bøkene til Svein Nyhus og Gro Dale, det er så nydelege illustrasjonar. Det er kanskje litt langt fram i tid før ho får behov for dei?!

onsdag 16. september 2009

Arto Paasilinna: Den elskelige giftblandersken

Finske Arto Paasilinna har eg høyrt mykje om i det siste, så det var på tide at eg fekk lest noko av han. Eg slo til med Den elskelige giftblandersken, den viste seg å vere både lettlest og morosam.

Eg kjenner ikkje så godt til Finland og finnar, men denne boka står i stil med fordommane eg opparbeida meg på finskebåten mellom Stockholm og Helsinki i år 2000. Altså er det litt badstu, mykje alkohol og banning. Ei gamal oberstinne, 3 gustne fyrar og ein lege er involvert når livet speler alle saman eit puss. Galgenhumoren er på plass, og det er ubetaleleg når det vert sagt at ein bør få fengselsstraff dersom ein tek livet av eit barn, derimot er det nok med bøter dersom det gjeld eit gamalt menneske. Dei skal trass alt dø snart likevel?!

Eg likte boka, men har endå større forventningar til Kollektivt selvmord. Det er notert at den skal lesast etterkvart. Kva med dykk, vil gjerne vite kva de der ute les.

tirsdag 15. september 2009

mandag 14. september 2009

Valthriller

Har site på nåler heile kvelden og sett på val09. Eg kryssa fingrane for raud-grønt fleirtal, og at me slepp å ha Siv Jensen som statsminister dei komande åra. Er ikkje tidenes mest interesserte i politikk, men eg liker valvake og vert veldig interessert når ein tel opp stemmene. Har hatt besøk av ei venninne, og me har kosa oss med te, nybaka brød og sjokolade. OG VAL, då..

fredag 11. september 2009

Strålande fredag

Nydeleg dag. Varmt og fint ver, deilig haustluft og skikkeleg fredagskjensle. Starta dagen roleg med kaffi når eg kom på jobb. Etter ein rask telefon til barnehagen fekk eg bekrefta at vesletrollet hadde det bra, så eg jobba litt lenger i dag. Ekstra god fredagskjensle når ein kan gå litt før det verste rushet startar, så ein får seg sitjeplass på banen også. Eg elskar jobben min. Det er så kjekt å vere attende :0)

Det beste av alt er at me ventar besøk, besteforeldra til vesletrollet kjem i kveld og skal vere med oss i helga. Eg gler meg! Håpar på å få litt tid ute på balkongen i lag med klematisen min, er så nøgd med at den endeleg står i full blom. Eg var litt bekymra ei stund, det såg dårleg ut då det var som kaldast og surast ute. Ynskjer alle ei fin helg!

torsdag 10. september 2009

Ny fase

Lausrivingsprosjekt barnehage gjekk inn i ein ny fase på onsdag denne veka. Vesletrulta har prøvd seg aleine, mens båe foreldra har vore på jobb. Det var ikkje ei kjekk oppleving fyrste dagen, det hadde vore mykje grining, svoltestreik, tørstestreik og sovestreik. Sånn sett passa ho på at personalet hadde litt å gjere den dagen, i alle fall.

I dag hadde det gått betre, og me håpar for all del at det forset slik. Byrja verte litt vanskeleg å få jobba timane sine, dersom ein skal kome seint og reise tidleg kvar dag.

onsdag 9. september 2009

Den gong eg trudde du var gut...

I dag er det eit år sidan eg gjekk ut i svangerskapspermisjon, den dagen kjende eg meg som verdas heldigaste menneske. Dagane gjekk. Eg fylde dei med lesing i solskinet på balkongen, og brukte mykje tid på å lure på kven vesle Kolo, som babyen heitte på det tidspunktet, var. Den gongen trudde eg at veslejenta mi var ein gut. Me spurde aldri på ultralyd kva kjønn det vesle mennesket i magen var, det skulle vere ei overrasking. Eg klarte nesten ikkje vente for å finne det ut.

I etterkant er det fint, samstundes litt trist å tenkje på korleis eg sat på balkongen og kjende sparka og bevegelsane til eit lite menneske, teiknet på kor frisk og vital ho var. Eg trudde at barnet hadde heile verda for sine føter. Året som har gått har inneholdt så mykje meir og mykje anna enn det eg hadde drøymd om. Trass alt, det er èin ting som er slik eg venta det. Den sterke kjærleiken knytta til det vesle mennesket.

mandag 7. september 2009

Ny taktikk, prosjektstart og tannstatus

Ei lita trultemor, særs nøgd med sin nye taktikk...
Det er ikkje så lett å forstå seg på verda. Eit av dei store spørsmåla eg stiller meg for tida er ikkje knytt til religion, krig, politikk og eksistens. Det er av meir kvardagsleg karakter; korleis er det mogleg at mengde saft har auka etter trultemor har drukke? Er det rein magi eller ein utspekulert anti-drikke taktikk? Skubbar ho inn spytt eller? Det har i alle fall skjedd opp til fleire gongar i det siste. Det er 5 ml meir i flaska når ho er ferdig, enn då ho starta. Det ser og høyres ut som ho drikker, så dette forstår eg slett ingenting av.

I dag har Mr. Sambuar hatt sin fyrste dag i ny jobb. Eg håpar det vert så spennande og gjevande at den lange tbaneturen vil kjennast som ein leik. Det er stas med ny jobb, men heilt ærleg trur eg det var litt overveldande då han fekk tildelt kontor og eit hyggeleg; det er berre å gå i gang. Kvar skal ein starte når ein tek til på eit 5 år langt prosjekt? Direkte på kjeldelista?!

Oppdatert tannstatus: Oppsida har utligna til 3-3, etter eit nytt gjennombrot til høgre.

søndag 6. september 2009

Dette gjer meg raskare frisk

Pausebilete frå tida mi i Roma. Deilig blå himmel, sol og sommar - ikkje ei bekymring i livet, anna enn om eg rekk bort på Della Palma før dei har seld ut siste skeia med Fragola gelato.

torsdag 3. september 2009

Sjukdom i heimen

Her ligg me flate alle tre, trultemor har fått med seg sjukdom heim frå barnehagen. Det er ingen av oss som har fått krølla hale enno, så me satsa på at det ikkje er svineinfluensa.

tirsdag 1. september 2009

Til ære for Geitrams...

Dette koselege gamle August-settet har eg arva av foreldra mine, det er litt slite då det har vore i båten før eg redda det. No er koppane tilsett som blomsterpotter i vindauga på kjøkkenet mitt.

mandag 31. august 2009

Siste dag i permisjon

I dag sluttar permisjonstida mi, og i morgon startar eg på jobb igjen. Håpa dere der ute sender gode tankar når eg sitt på banen i morgontidleg, det kan eg nemleg trenge. Vesla er sjuk og har vore heime frå barnehagen i dag. Satsar på at det går fort over!

søndag 30. august 2009

Sundagskos


Te og bok ein sundag føremiddag, mens lita frøken sov godt i vogna si.

lørdag 29. august 2009

Premiar for god oppdragelse

I går var vesletrulta aleine i barnehagen i 4 timar. Etter omlag 4 nussar og klemmar, var det med tårer i augo og hjartet i halsen at eg gjekk stille og rolig ut porten. Det kjendes rart å ikkje ha med seg ei lita urokråke på tbanen, i staden for å svett skifte stillingar, riste, gynge og synge las eg faktisk i boka mi. For å vere heilt ærleg, så var det litt deilig å kunne slappe av i den situasjonen. Eg fekk premiert meg sjølv med vellukka oppdragelse av veslejenta også, eg fortente visst to nye teikneseriar. Kanon 2 (Fiske og Kverneland) og Fun Home (Alison Bechdel). Skal leggje ut meir om sistnemnte seinare.

I forbindelse med lausrivingsprosjekt barnehage, hadde eg og Mr.Sambuar telefonkontakt opp til fleire gongar, i tillegg til at barnehagen ringte oss for å fortelje at alt stod bra til. Ho kikka på dei andre ungane, sov og spiste i laupet av dagen, så det må ein seie seg nøgd med. Likevel er det tydleg at ho ikkje er vand med å vere skild så lenge frå mamma, då eg kom inn døra satte ho i eit kjempehyl for å vise kor synd det var i ho. Ho var kosesjuk og skulle ammast, ingen tvil om det. Summa summarum har det gått kjempe bra fyrste barnehageveka, det viser seg at ein ikkje skal undervudere den vesle jenta vår. Me håpa ho kjem til å forsetje å vise slike gode taktar dei komande vekene. Må forresten fortelje at oppdragelsen er ekstra god, eg fekk nemleg premie av trulta når eg kom heim, ho hadde kjøpt nellikar til meg. Heilt utan at faren var klar over det ;0) Søtingane!

I dag har me hatt besøk av oldemor, ekstra kjekt at ho kom mens me har ein god periode. Ho såg nok stor forskjell, matsituasjonen har endra seg ein heil del. I staden for å gynge frenetisk på vippestolen, synge og riste på leiker, som i sommar, kunne me konsentrere oss om maten og prate litt.

onsdag 26. august 2009

Hoa hottentott og ny lukt

Det var en liten negergutt som hette vesle Hoa
han hadde fjær på hodet sitt og ring på tommel toa
han hadde bare bukse på, og buksa den var gjort av strå
men Hoa likte buksa godt, for han var en ekte hottentott.


Ny favorittsong i heimen, Thorbjørn Egner har ei vise om ein hottentott som heiter Hoa. Den er så fin i følgje Trultemora vår, masse trommer og fløyter i songen, så då speler det ikkje noko rolle om teksten er noko politisk ukorrekt. Berre ho ikkje syng den ute blant folk så skal dette gå kjempefint :0)

No har me hatt nesten ei veke med tilvenning i barnehagen. Dag for dag utvida me med ein time, forsiktig overgang, med andre ord. Det har gått over all forventning, i dag var ho i fleire timar med dei ansatte utan at me var tilstades. Godt å sjå at ho klarer seg fint, samstundes så er det jo nesten litt trist. Også kjennes det litt rart at babyen min plutseleg lukta heilt annleis, vesletrulta lukta barnehageansatt, ikkje mamma eller pappa. Me har forresten inngått ein avtale om at ho er mest glad i foreldra sine likevel, og alltid skal verte kjempe glad for å sjå dei. Den avtalen har ho haldt til no, me får smil og koselydar når ho ser oss.

Fiske og Kverneland: Kanon

Som bibliotekarspire kjenner eg meg programforplikta til å spreie det glade bodskap om bøker, eller i dette tilfellet, teikneseriar. Kanskje ikkje fullt så intellektuelt, men det er minst like skøy. Eg kom over denne morsomme teikneserien i studietida, har lenge tenkt eg skulle lese den og no er det gjort. Det er nesten ironisk at serien dukka opp i Aftenposten sundagsutgåva, veka etter eg hadde kjøpt den. Eg har leita etter den i 2 år, og no er den altså komen i nytt opplag.

I Kanon får ein historia om Edvard Munch, August Strindberg og Kurt Schwitters sine liv i Tyskland på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900. Steffen Kverneland har flotte teikningar, i tillegg liker eg spesielt godt måten det er framstilt korleis Munch fekk idèar til bileta sine.

tirsdag 25. august 2009

Viktige detaljar

Eit lite gull med krøllar små,
ingenting lukta
deiligare
enn
nyvaska babyhår.