Klokka er snart to på natta og den vesle hønsa vår ligg over fanget mitt.. Dårleg i magen og dårleg i pusten, det heng saman for tida. No har ho vore "av og på" - sjuk sidan 16.mai. Det har vore lite søvn i denne perioden og mykje stress, eg trur det er ekstra lett å vere dramatisk når ein opplever så mykje utfordringar.
Ho har byrja få mykje slim på lungene og eg håpar, håpar, håpar at det berre er eit virus. Det har vart lenge no og det er vanskeleg å få gjort noko med det. Me har prøvd medisinar, hostesaft og innimellom er ho betre. Eg er redd det er noko nytt som er kome for å bli, sånn når me er komne eit steg vidare på ei side så kjem det nye hinder i vegen. Noko som skal plage vesla lenge og gjere alt vanskelegare. Førre veke var betre, då slo ho til og sov fleire netter på rad. Foreldra blei menneske att og klarte tenkje på andre ting enn ho om kvelden. Det gjekk over på sundag og no har me hatt ei veke med lite søvn att. Rekorden var då ho la seg klokka seks fredagsmorgon og sov heilt til klokka var ni. Nett nok til å halde det gåande ein heil dag!
Me er ikkje den blidaste gjengen for tida.
søndag 30. juni 2013
torsdag 20. juni 2013
Stien te verdens ende
Vi syns vi kunne se te verdens ende
og visste åssen åra ville bli
da livet pluts’lig svinga av fra veien
og tok en kronglete og ulendt sti.
Der stengte fjellet steilt på alle kantær.
Da sa du stille: ”Vi kan klatre vi.”
Vi følte kronglesti’n langs bratte stupet.
Og ingen av oss torde se i djupet.
Nå har vi føllt den bratte, trange stien
med stup på si’ene i mange år.
Det kan nok hende vi misunner andre
den strake landeveien der de går.
Det ser så lett ut, men en veit jo aldri,
og kronglestien har blitt veldig vår.
Det var den sti’n vi fikk, det hjælper ikke
å følge andres jevne vei med blikket.
Og vi har lært å ikke sture over
den rette veiens rike blomsterflor.
For det gror blomster også langs med sti’n vår,
og gleden over dem er like stor.
Ja, kanskje større, for de er så sjeldne,
en må se nøye for å se de gror.
De ligger ofte skjult blant vissne bla’er,
men duftær ekstra sterkt på fine da’er.
La gå at det kan komma vonde ti’er
da sti’n vår kjennas vanskelig og bratt.
Men den har lært oss at det vokser blomster
på både slåpetorn og nypekratt.
Og ingen ting i verden er så vakkert
som nyperoser i ei St. Hans natt.
Og når vi sitter sammen kan vi kjenne
at også vår sti når te verdens ende.
Margaret Skjelbred

onsdag 19. juni 2013
Hoho, eg blir sett!
Det siste halve året har eg kjent at treninga har gått trått, me har slitt med lite søvn og mange dårlege dagar. Treninga har svinga mellom gode og dårlege dagar, men stadig har det blitt for lite. Det blir det alltid.
Kanskje kjem det av lite søvn, graviditet eller at eg rett og slett har stått midt oppi alt og ikkje løfta blikket;
men i dag innsåg eg ein ting: det siste halve året har det jo vore ei fantastisk utvikling for jenta vår.
1) Ho har bryja å le, stadig meir og det har utvikla seg til å bli sosialt. Der det før var store smil, ingen lyd og nesten latter - der gapskrattar ho no. Verdas finaste lått, sjølvsagt!
2) Synet er betydeleg betre. Eg har merka det dei siste vekene, det er blitt meir tydeleg for meg. Ho har aldri vore noko interessert i ansikt før, har ikkje sett dei. På sundag kom eg heim etter å ha vore vekke frå ho i fire dagar, ho ser på ansiktet mitt og ler. Eg laga ikkje ein einaste lyd likevel kjenner ho att mor si og gler seg!
Det er ei fantastisk kjensle! Eg vil berre rope på verandaen: "Hoho, jenta mi kan sjå meg!"
Etter fleire år med intens trening kjem desse tinga på plass, ting som er sjølvsagt for alle andre enn oss. Då me starta FHC såg vesla vår berre svart / kvitt kontrastar, ho var ikkje synsaktiv desto meir interessert i lydar. Norsk helsevesen kunne tilby briller men det er jo ikkje det som er problemet, fysisk sett er augene hennar gode. Det er koplingane i hjerna som er utfordringa. Og no skjer det altså noko. Me set så stor pris på å få oppleve dette. Det gjer alle timane med intensiv stimulering vel verdt det!
Eg feira dagen med å lese ei historie om "Henrik And" for jenta mi og til mi store glede fulgte ho interessert med både på bileta og historia. Me er på veg!
Kanskje kjem det av lite søvn, graviditet eller at eg rett og slett har stått midt oppi alt og ikkje løfta blikket;
men i dag innsåg eg ein ting: det siste halve året har det jo vore ei fantastisk utvikling for jenta vår.
1) Ho har bryja å le, stadig meir og det har utvikla seg til å bli sosialt. Der det før var store smil, ingen lyd og nesten latter - der gapskrattar ho no. Verdas finaste lått, sjølvsagt!
| Ei anna tid (2011), ein annan stad... |
Det er ei fantastisk kjensle! Eg vil berre rope på verandaen: "Hoho, jenta mi kan sjå meg!"
Etter fleire år med intens trening kjem desse tinga på plass, ting som er sjølvsagt for alle andre enn oss. Då me starta FHC såg vesla vår berre svart / kvitt kontrastar, ho var ikkje synsaktiv desto meir interessert i lydar. Norsk helsevesen kunne tilby briller men det er jo ikkje det som er problemet, fysisk sett er augene hennar gode. Det er koplingane i hjerna som er utfordringa. Og no skjer det altså noko. Me set så stor pris på å få oppleve dette. Det gjer alle timane med intensiv stimulering vel verdt det!
Eg feira dagen med å lese ei historie om "Henrik And" for jenta mi og til mi store glede fulgte ho interessert med både på bileta og historia. Me er på veg!
Etiketter:
Family Hope,
Intensiv trening,
Kvardag
onsdag 5. juni 2013
Vi skal ikkje sove bort sumarnatta
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|
Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|
Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|
Geirr Tveitt og Aslaug Låstad Lygre
Dess meir den vesle hønsa vår er vaken, dess mindre bloggar eg. Håpar det snart rettar seg!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)