I dag har me endeleg nådd dei oppsatte måla for programmet denne veka. Kvar veke aukar me den intensive stimuleringa, og eg skal innrømme at eg har kjent meg litt famlande i starten. Det vert mykje utprøving sidan me er i startfasen, ein skal finne gode rutinar og smarte løysingar for at alt skal gå lettast mogleg. Litt startvanskar og ei øyrebetent jente har gjort at starten har vore meir forsiktig enn planlagt. Det ser ut til at alt løyser seg når me berre har fått tid nok til å lære programmet og få det inn i henda, og dei gode løysingane dukkar opp etterkvart.
1 stk. inclined floor
Her er ein liten smakebit av vårt dagsprogram denne veka:
13 masker
11 balanseøvingar
7 Inclined floor
2 skall x 40 min
2 bad x 20 min
10 luktar
10 lokalisere lyd
3 høge lydar
8 lokalisere lys
8 andre lysstimuli
7 sensory
Det vert spennande å sjå kor effektive me vert etterkvart som me legg på øvingane, me skal blant anna auke til 25 balanseøvingar. Reknar også med at me får ein del auke og nye øvingar når me får snakka med FHC når me reiser over.
Men altså - hurra for oss i dag! Me har vore flinke, og tenkjer forsetje i det sporet. Me er superglade for å vere i gang, og det kjennes så godt å ta grep om våre eigne liv. Hoho...