Denne helga har me hatt barnefri. Ja, frå ho som er utanfor magen.
Den andre drassa eg rundt på enno, heldigvis får ein seie.
Drass, drass..
Me bestemte oss i hurten og sturten for ein sundagstur,
pakka med ein god frukost i bilen og køyrde avgarde til eit gamalt fyr.
Den forblåste øya var verkeleg vakker i dag.
Bonus var utstillinga med Ørnulf Opdahl sine verk,
me har sett oss ut eit trykk (eller kanskje to?!) me vil kjøpe når me får på plass det nye huset.
Hoho, eg gler meg!