tirsdag 9. september 2014

Dette gjer meg glad

Dette gjer meg glad ein tysdag i september :


  • Det nydelege,rare veret. Skodde og mørkt, sol og varmt. Herleg blanding. 
  • Dei litt kaldare og klåre kveldane. 
  • At eg er så himla flink med maten for tida.
  • Og at eg er ørlitegranne betre på å ta vare på meg sjølv. 
  • Norske epler, sjølv om dei er kjøpt i butikken og ikkje plukka heime i Hardanger. 
  • Guten min som seier google- google heile tida. Eg lurer på om han googlar / scannar alt han kjem over for å forstå kva det er han ser? 
  • Jenta mi som har det ganske bra for tida.
  • Mannen min. 
  • At minsten klarer å leggje seg litt betre enn han har gjort. 
  • Alle telefonane og mailane eg har ordna i dag - og pågangsmotet dei har gitt meg. 
  • Assistentar som er nye, men alt har vore her lenge nok til å ha gangen i ting. 
  • At mammo og pappen kjem til helga. 




mandag 8. september 2014

I dag:

Mykje kunne vore sagt om tida som er passert sidan sist eg har blogga. Raskt oppsummert vil eg berre seie : me har hatt ein god sommar og no er jammen meg veslebroren vår blitt 1 år alt.

Eg sit her og funderer på korleis ein forklarer førskuleungar dette med å vere annleis. Det slår meg, at det kanskje er me vaksne som lagar så stort fuzz ut av slikt. Ikkje borna. Dei stiller spørsmåla dei lurer på, ærleg, utan filter. Og det må me tole å høyre. Og gi ærlege svar attende til dei.
I bunn og grunn er me jo alle forskjellige. Me er gode på forskjellige ting og har ulike kvalitetar.

Eg skriv ei lita bok som jentungen kan ha med seg i barnehagen, slik at dei kan få litt svar på det dei lurer på. Limer inn bilete også, så kan dette vere hennar måte å fortelje om seg sjølv på. Det er ikkje alltid så lett å svare når ein ikkje har språk. Sjølv om eg til stadig tek meg i å tenkje at ein får uttrykt uendeleg mykje likevel.

Sukk, gode jenta mi. Kor eg tenkjer og tenkjer på deg.
Suss frå mammo