søndag 28. februar 2010

Tusen takk

Me er heimattkomne etter ei hektisk veke i vårt flate naboland. Etter høgintensive seminardagar og reise, kjenner eg meg ganske tom, men glad. Det har vore eit gjevande kurs, me boblar over av inspirasjon og tankar. No skal det roast ned i nokre veker før me bestemmer oss for vegen vidare.

Tusen tusen takk til alle som har kryssa tær i Kongsberg, fingrar på Voss, sendt gode tankar frå Møre og Romsdal samt støtte rundt om i Hordaland! Det varmar, og eg trur jammen meg det hjalp.

Med ei slik støtte skal de sjå me klarer oss heilt til vegs ende, kor enn det måtte vere!

lørdag 27. februar 2010

Pay it-forward

Eg har fått ei utfordring frå den kreative bloggaren Ane. Eg tek det sjølvsagt på strak arm.

Dersom eg tok imot utfordringa, måtte eg skrive om Pay it - forward på bloggen min og sende noko lite til tre av dei som kommenterer innan 365 dagar. Sidan det ikkje er så mange av mine lesarar som har blogg, så gjer eg det på same måte som sist. Legg att ein kommentar, så trekk eg tre vinnarar om 14 dagar.. Du har god tid, eg har god tid. What`s not to like?

fredag 19. februar 2010

Danmark



Me reiser til Danmark i morgon.
Sommarfuglar i magen og ei lita høns i baksetet, dette vert spennande.
Send oss gode tankar.

mandag 15. februar 2010

Overstått fastelaven



Så flott fastelavensris kan ein faktisk få når ein er mamma til verdas beste vesle snupp. Det var ein vellukka Fastelavens og morsdagsfeiring i går, og mamma i huset fekk ei flott gåve :0)
I tillegg var det super komlemiddag og slett ikkje så galne bollar med krem etterpå!

fredag 12. februar 2010

Helgestemning

Det er helg! Og det byrja nærme seg vår. Litt tidleg å feire kanskje, men ingenting triggar vårkjensla som tulipanar og sola som skin inn stoveglasa. Eg har hatt heimedag / avtaledag, så eg har fått masse tid med prinsessa mi. No gler eg meg over at det er fleire dagar utan program, me skal kose oss masse i helga.
Planen er å helse på ein hest, viss me er heldige. Fleire planar: satsa på fastelavensbollar, då veslemor har laga fastelavensris i barnehagen. Det er einsbetydande med full fastelavensfeiring! Håpa å få vore litt ute i sola og gleda oss over det deilige veret.

Kva gjer lesarane mine i helga?

onsdag 10. februar 2010

Oss tre mot røkla


Eg er i faresonen for å høyres patetisk ut. 

Me har eit håp og ei tru. Det er sterkt, og det går langt fram i tid. Den vissheita eg kjenner, mistar eg av og til av syne. Det er mange som bidreg til dette, spesielt innanfor helsevesenet. Måten ein vert møtt på, gjer at eg vel mine ord med omhu. Dei vil ikkje høyre kva eg tenkjer uansett, dei kan ikkje sjå det eg ser. Dei byggjer meg ned, eg byggjer meg oppatt til neste møte.
Ein dag vert eg knallsterk!
Me dreg til Danmark snart. Vonar fleire vil sjå det same som oss der..


Eg er uansett sikker i mi sak

tirsdag 2. februar 2010

Tre steg fram, to attende..

Det byrjar kjennes noko typisk.
Kvardagen har byrja å betre seg, maten går ned i magen i staden for ut på golvet, så vesla veks og strekk seg i lengde og breidde. Søvn er litt varierande, men går stort sett greit. Eg slappar meir av og gledar meg over den vakre, vesle jenta mi. Då skjer det. Sjølvsagt.

Det hender eg lurer på om me aldri skal kome ovanpå. Tre steg fram, to attende.

The story of her life.

mandag 1. februar 2010

PC-kræsj

I dag har eg verkeleg mykje spennande å dele med dykk..

PCen vår har sagt takk og farvel, så det vert litt dårleg med blogging heimefrå for tida. Me fekk stort sett redda ut det me trengte, heldigvis har alle bileta vore sikra på nett frå før av. No lever pcen sitt eige liv, og det ser ut til at den ikkje kan gjenopplivast.

I helga har me hatt besøk av farfar og onkel, så vesle trultemor har fått masse kos og merksemd. Ekstra stasleg at onkel lærde seg hoppeteknikken. Me fekk oss gammal - ny ovn, og var kjempeglade for at me endeleg får steike mat utan å svi det. Også er vasken vår reparert, godt å ha ein svigerfar som handy. Det er flott gjort å kome køyrande heilt frå Vestlandet for å hjelpe oss, me veit me er heldige.. 

Sånn går no dagane...