fredag 31. desember 2010

Nytt år - nye moglegheiter


Etter ei god veke med joleferie på Sunnmøre er me straks klare for å hoppe inn i eit nytt år. Eg ser attende på  året som er gått med ettertanke, og glede.

Eg har mista mi kjære mormor i år, og det kjem aldri til å verte heilt det same utan ho. Det byrjar å nærme seg eit halvt år sidan, likevel tenkjer eg ofte på ho. Det var spesielt at det ikkje låg gåve frå "Nissen på skarvet", under treet i år. Eg hadde planar om å ta eit bilete av fire generasjonar, med trulta, meg, mamma og mormor - plutseleg er det for seint.

I dag kunne eg hatt ein hoppande glad liten toåring, som sprang rundt beina på meg og masa som Skravlekaspar frå Hønefoss. Det har eg ikkje - tingen er at eg ikkje tenkjer så mykje på akkurat det lenger.
Me har vore heldige, og har verdas beste vesle jente uansett. Eg trur at gjennom vårt valg av trening vil ho kunne gjere mykje når ho vert eldre. Det kjennes godt å prøve og eg kjem aldri til å gje ho opp.

Det er ikkje alt her i verda ein kan styre. Same kor mykje riktig og godt ein gjer så er ikkje alt styrt av karma. Eg har sett kor skjørt livet kan vere, og tek ingenting for gitt lenger. Det er ein god tanke å ha med seg inn i eitt nytt år.

Ein er ikkje sikra god helse, langt liv og lukke heile livet - ta vare på stundene og dei de er glad i. 

Ynskjer dykk alt godt for 2011 - 
Familien Flint  

mandag 13. desember 2010

Barnet mitt er ingen hest


men det er ikkje langt i frå.
For tida tippar me at ho et omlag like mykje som denne
vesle Falabellaen.
I over eitt år har me sloss for å få ho til å gå opp
nokre hundre gram i vekt,
og no har ho lagt på seg meir på tre månedar
enn ho har gjort på eit heilt år. 

HURRA!! 

torsdag 9. desember 2010

Furting


Makan...
Tenk at mor tok seg tid til å ta bileter, midt i den
største furteleppa av alle.

onsdag 8. desember 2010

Reality check

Eg har alltid trudd at vesle Ruskesara mi forstår mykje, at det bur mykje i ho. Det kan vere vanskeleg å forstå når det ikkje er språk og augo ser litt i kryss og tvers. Eg har alltid trudd, og kjent det - men det har vore vanskeleg å vere aleine om slikt og ein vert usikker, ustødig.

Den siste tida har me vorte kjend med fleire andre foreldre som også trener som oss. Det er så fint å høyre om framgangen til borna deira, born med store skadar som er ikkje ligg tilbake for andre jamnaldrande intellektuelt.
Mange av desse har fysiske vanskar, men er mentalt sterke. Dei seier at det virkar å vere slik for mi Ruskesara også. Så har eg kanskje rett, då?!

Dagens "reality check" er ikkje av det dårlege slaget.

mandag 29. november 2010

Bryllaupsplanar

Eg har bryllaupsplanar.

Ikkje for meg sjølv, men eg vil få med meg Kate og William sitt bryllaup. Eg har booka bustad i april, og har fått sms frå min kjære venn om å kle meg fint, men at det ikkje er naudsynt å ta med gåve. Ein treng gjerne ikkje kjøpe noko til brudeparet når ein berre skal sjå dei på tv, eller kanskje ri forbi ?!

London baby!

fredag 26. november 2010

Hesteleg



Hest er topp! 


Me har fått oss ein ny hobby. Hest.
Til vår eigen store begeistring syng me Bonanza- kjenningen, mens me er på ridetur i stova. Trulta syns det er mest stas når pappa roper ut ville vrinsk, og svinger pisken og dreg i tømmane til "hesten", Grønne-skjønne Tom.

Eg er byrja å innstille meg mentalt på husmorferien eg skal ha frå i ettermiddag til i morgon.
God helg, alle!

tirsdag 23. november 2010

Travle veker

Sjukdom, vekkreist mann og bestemor på besøk var forrige vekes ingrediensar. Når de veit grunnen, så er det nok forståeleg at eg ikkje har latt høyre frå meg på ei stund. Me var heldige, det kom mykje godt ut av den bloggfrie veka. Nedvaska kjøkken, rykande ferske bollar og kringle, over 50 porsjonar med middagsmat i alle variantar til Trultemor, ny kjole vart sydd til vesla og huset vart vaska. Skulle ynskje eg kunne seie det var eg sjølv som hadde gjort alt, men det var nok ho mor. Eg er heldig!

Min innsats gjekk i trening, og akkurat det er eg stolt av. No har me hatt nokre gode treningsdagar - me er på veg opp i antall øvingar, endeleg.

Kvelden skal eg bruka til klargjering av morgondagens økt, og nokre timar i sofakroken med ei god bok og ein kopp te. Me fyrer i ovnen og nyt vinterkvelden. Fin kveld !!

Nb. Takk til alle mine 30 støttemedlemmar hjå Hjernebarna. Me fekk applaus på årsmøtet, då me var den einaste familien som hadde sett i gang verving. Eg vonar de vil forsetje til neste år - sjølv om informasjonen frå den kanten ikkje har vore all verda.

mandag 15. november 2010

Olav H.



Eg har lagt med feber nokre dagar = ferdig med brevvekslingane mellom Hauge og Cappelen. Det er ei flott bok, den har gjort inntrykk på meg. Tenk at dei møttes fordi Bodil Cappelen hadde lese ei diktsamling Olav H.Hauge, og sende han eit brev. Fem år med brevveksling - så stod ho plutseleg der og plukka eple i Ulvik ho også.

Har sagt det før, det er noko eige over språket hans. No har eg fått inspirasjon til å sjekke ut dikt av Robert Bly og lese Dagbøkene til Hauge som vart publisert i 2000, tippa det utgjer nokre hundre sider.

"Eg trur eg må ut å fjuka meir, det gjeng strjukande. Når ein ikkje dett ned; det er ikkje mykje å halda seg i um noko skulde klikka. " 

(Sitat er henta direkte frå den flotta bokji!! )

onsdag 10. november 2010

Du veit at Family Hope virkar når..


du står med drit langt oppetter øyrene kvar dag
- og takkar for det !

Endeleg, endeleg, endeleg er det slutt på forstoppelse her i huset.
Når ein har vore med på eit heilt år med slike problem,
kan ein ikkje anna enn å glede seg over alt som kjem ut.
Sjølv om det følgjer med ein del ekstra klevask.

mandag 8. november 2010

Brev


Kjære Bodil Strømsted.

Hjarteleg takk for uventa brev! Eit friskt velskrive brev,
og uventa ting gled oss kanskje mest.
Drøymer om eit stilt rom med bøker, kven gjer ikkje
det?Men det vert minder og minder tid til å roa seg der.
[...]
Olav H. Hauge - Bodil Cappelen   Brev 1970- 1975

Eg starta på boka som inneheld brevkorrespondansen mellom Bodil Cappelen og Olav H. Hauge i dag. 
Ovanfor er det eit utdrag av det fyrste brevet Hauge skriv til Bodil. Eg starta forsiktig å smuglese det allereie
på perrongen mens eg venta på at banen skulle kome og føre meg heim. Det var uforsiktig av meg. Fenga av det eg las, enda det med at eg med nasa altfor langt ned i boka, gjekk på feil bane. Eg las og las, og verkeleg kosa meg då eg oppdaga at eg plutseleg var komen til Tveita. (Altså ikkje riktig i det heile tatt). Forvirralusa hadde også gløymt lommeboka si på jobb - eg kunne ikkje ta buss heim, fordi eg ikkje hadde kort. Eg måtte snike på banen eit stykke tilbake, før eg så kunne snike på banen på riktig veg heim.

Hjelpes! Olav H. set meg heilt ut.
Frå no av kan berre Hauge nytast innanfor heimen.


Og forresten - tusen takk til alle som kommenterer, eg ser dykk og les dei - og set pris på det !

fredag 5. november 2010

Familien Flint on tour


Me var i Roma for litt sidan,
då tok Besten desse morsomme bileta av oss.

Dersom eg går lei av bibliotekaryrke nokon gong,
så har eg gode sjansar til å verte ein strålande bob- køyrar. 
Prognosane vert vel ekstra gode, sidan eg har nesten fulltallig mannskap og
me har øvd på å leggje oss i svingane, som de ser.
Neste OL, kanskje?!

torsdag 4. november 2010

Visdomsord


Nok eit kjøleskapsdikt.
Magnetane "Snakk litt med kjøleskåpet" inneheld ord og
utrykk henta frå Olav H.Hauge og Geirr Tveitt.

Hauge er min absolutte favorittdiktar, ingenting
kan slå måten han skriv på.
Eg elskar den gamle nynorsken han brukar,
og fell heilt i stavar når eg les ord som
um, haustsoli, stjernor og attum.

Ein dag skal eg gje dykk eit nytt Hauge dikt,
det er viktig å frelse flest mogleg!

mandag 1. november 2010

Dikt for dagen


direkte frå kjøleskapsmagnetane mine. 

torsdag 28. oktober 2010

Roma mi amore


 Sant'Ivo alla Sapienza



Eg simpelthen elskar Roma !

fredag 8. oktober 2010

Vesle engelen min

Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.

Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.

Eg har sett krigaren i deg, og er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt.

Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.

tirsdag 28. september 2010

Musikk til glede



.. ein tysdags føremiddag. Ida's sommervise slo godt an hjå denne frøkna då ho vakna i dag. Det var etter lur nummer 2. Når ein er vaken heile nettene treng ein nemleg fleire lurar på dagtid. No vonar eg dette vert ei natt med mykje søte draumar og lange lange søvnintervall. Det vil vere det beste både for frøken og slitne foreldre.

onsdag 22. september 2010

Døttrene mine


                                                                                     
                                                                                                 Hhv. Den eldste og den yngste


Eg kasta inn handkledet.

Eg er ikkje 30 enno, men i Usa vart eg fleire gongar spurd om eg var mora til assistenten vår (!), som er sju år yngre enn meg. Like godt å adoptere ho med ein gong.

søndag 19. september 2010

Takk og lov for håp og draumar!

 



    
Turen til Statane og FHC har vore ei fantastisk positiv opplevelse og har gjeve oss skikkeleg boost. Trass nokre startproblemar med Gps i leigebilen då me skulle leggje ut på Highwayen til Philadelphia, kom me fram og dagane på senteret slik me har venta på.

Det er sjeldan me vert møtt med ein slik varme og forståelse som dei ansatte på senteret har gjeve oss. Eg har aldri opplevd at nokon legar her heime har forstått korleis det kjennes å vere i vår situasjon, mange har sagt at me kan få eit nytt barn som sikkert vert frisk. Dei forstår ikkje kvifor me vil kjempe for dette barnet, kvifor me vil trene intensivt og slite oss ut, det er det som karakteriserer intensiv trening for dei. FHC seier akkurat det me kjenner sjølve; det er mykje meir slitsomt å sitje hjelpelaust i baksetet og ikkje ha kontroll, enn å setje seg i førarsetet og bestemme vegen sjølv. 

No er me attende og gler oss vilt til å kome i rute, og prøve å få til programmet mest og best mogleg. Me har nokre store utfordringar knytta til problemar med mage og søvn, men desse har FHC prøvd å hjelpe oss med. Dårlege dagar skal me trene på minimums nivå, og me satsar på at det vert færre av dei dårlege dagane framover.

onsdag 15. september 2010

Jet lag

Me er heime, me er framleis trøytte og forvirra.
Og - me kjem sterkare attende i bloggverda om litt.

vh
Familien reisande Mac

tirsdag 7. september 2010

One day you'll dance for me, New York city ...


 

Resultatet av fotosafari i gaarkveld. Me oevde oss paa lukketid, det vart betre og betre bileter...

mandag 6. september 2010

Coolest kid in town

Ein liten,rask oppdatering i fraa dei forente statar.
Flyturen gjekk fint, sjolv om me ikkje fekk bassinett som me hadde bestilt. Utan seng var det frykteleg vanskeleg aa sove,  etter eit kvarter over fanget hjaa mor og far hadde veslemor bestemt seg for at det var nok vekkasta tid. Spennande aa reise til USA, og me kom fram etter uttallige passkontrollar, skjemautfylling, forsikring om at bagasjen vaar var bombefri, samt forklaring om at den eldste elektronikken me hadde med var ei ti aar gamal barbermaskin. Vesla satt i den nye baereselen paa ryggen min naar me gjekk paa flyplassane, til stor begeistring hjaa samtlege ansatte saa var ho faktisk ikkje ein ryggsekk \ handbagasje slik dei trudde. Dei oppdaga det fyrst daa dei saag to smaa musehalar stikke ut, dei ante ingenting daa dei saag armane og foetene som hang ned. (Det plar alle sekkar vanlegvis vere utstyrt med).
Ekstra morsomt i passkontrollen paa Newark, daa eine tollaren trudde Herr Flint var daarleg i magen sidan han remja saann, mens det i roeynda berre var eit lite gull som var overtroeytt og MEGET sliten.

                                                                                       Coolest kid in town

               Alle dei kule kidsa i NY maa ha solbriller paa, det er jo rundt 30 grader og sol :0)
Me har brukt dagen paa aa gaa oppover og nedover Manhattan, har kosa oss og er superslitne no.

Manhattan skyline

Takkar for lukkestoev, det kan me trenge!

fredag 3. september 2010

Familien Flint has left the building

i alle fall straks..

I morgon på denne tida er me i USA.  9 timar på fly med ei lita, viljesterk snella kan verte ei stor utfordring. Vonar det går betre enn eg fryktar.



Send oss lukkestøv og gode ynskjer!

torsdag 2. september 2010

Jeg er en astronaut

For litt sidan vann eg ein superfin Dab-radio med docking til Ipod. No høyrer me Nrk Super heile tida, og der går det tidt og ofte songar eg aldri har høyrt før. Det er full førebuing til Melodi grand prix junior, og eg trur den rocka songen  "Abbor, livretten min så god som no`n" vinner heile rukla i år. Utanom Melodi grand prix, er vesle snella spesielt glad i songen "Jeg er en astronaut", og Lars Vaular "Jeg må ha solbriller på". (At ho liker akkurat den songen forstår eg ikkje, for solbriller er ho vanlegvis heilt uinteressert i. Sjølv om ho har verdas kulaste Baby Banz)


Nrk Super er faktisk ein veldig bra kanal, for dere som har ungar der ute så kan det verkeleg anbefalast. I tillegg til bra musikkutvalg kan Super også by på fine høyrespel. For tida ventar me i spenning på å høyre meir om kva som skjer med dei tøyste sauane som er flytta inn på herregården til Herr Balder. Dei skal i grunn klippe plenen, men er meir interessert i kald Champagne og flatskjerm fargetv. Brekinga til sauane er grunn god nok til å følgje med vidare, synes me.

Fin dag til alle! Her er me sjølvsagt i pakkeparadis og reisemodus..

tirsdag 31. august 2010

Nye hus


Vesle trultemor har fått seg nye hus. Eg var i mitt ess
der eg sat og limte dei på veggen tidlegare i dag. 
Ein riktig flott liten landsby har landa i leikeparadiset!

I dag har eg vore så utruleg stolt av snella -
ho var superflink og kom seg raskt ned inclined floor.
Ho var tydeleg stolt sjølv også,
og det var kjekt å sjå.
Sjølvsagt dansa me litt rundt som belønning, det slår
aldri feil :0)

onsdag 25. august 2010

Ein intensiv dag

I dag har me endeleg nådd dei oppsatte måla for programmet denne veka. Kvar veke aukar me den intensive stimuleringa, og eg skal innrømme at eg har kjent meg litt famlande i starten. Det vert mykje utprøving sidan me er i startfasen, ein skal finne gode rutinar og smarte løysingar for at alt skal gå lettast mogleg. Litt startvanskar og ei øyrebetent jente har gjort at starten har vore meir forsiktig enn planlagt. Det ser ut til at alt løyser seg når me berre har fått tid nok til å lære programmet og få det inn i henda, og dei gode løysingane dukkar opp etterkvart.  

1 stk. inclined floor

Her er ein liten smakebit av vårt dagsprogram denne veka:

13 masker
11 balanseøvingar
7 Inclined floor
2 skall x 40 min
2 bad x 20 min
10 luktar
10 lokalisere lyd
3 høge lydar
8 lokalisere lys
8 andre lysstimuli
7 sensory

Det vert spennande å sjå kor effektive me vert etterkvart som me legg på øvingane, me skal blant anna auke til  25 balanseøvingar. Reknar også med at me får ein del auke og nye øvingar når me får snakka med FHC når me reiser over.

Men altså - hurra for oss i dag! Me har vore flinke, og tenkjer forsetje i det sporet. Me er superglade for å vere i gang, og det kjennes så godt å ta grep om våre eigne liv. Hoho...

tirsdag 24. august 2010

Håpet

Håpet skal ein ikkje kimse av. 

Vårt håp heiter Family Hope, ikkje heilt ukjend for dykk som følgjer oss fast. Me er i gang med den intensive treninga, den starta i byrjinga av august. Ein heil del har ordna seg godt for oss den siste månaden. I tillegg til at me har fått ein superflink assistent i hus, har me fått timeavtale i Philadelphia. For tida er det høg førebuingsfaktor til USAturen, det vert ei spennande og krevjande veke i byrjinga av september. Me gler oss til å få eit meir skreddersydd opplegg til vesla.

tirsdag 17. august 2010

Å søte nattesvevn




Skulle ynskje dette var eit syn me fekk sjå oftare nattestid.
Trultemor og apen Ida i skjønn omfavnelse.

Har vore litt lite søvn på heile familien den siste tida
og me er slitne

søndag 15. august 2010

Bzzzzz.....


Bilete lånt frå http://www.samfunn.info

Det er registrert at det er høgre kvepseaktivitet hjå oss på seinsommaren, enn det har vore tidlegare. I dag fekk me kjenne det på kroppen.

Eg syns min gode sambuar var litt vel høglytt og dramatisk i dagtidleg, då han hadde plukka opp ein kveps for å kaste i bosset. Tommelen var hoven og stor, og han var kvalm og hadde ei pulserande hand, sa han klynkande. "Får du så vondt av kvepsestikk du", sa eg og tenkte at det ikkje kunne vere SÅ ille heller.

Angra eg då eg sjølv stod og plukka ut ein veps frå fotsolen min nokre timar seinare?

mandag 9. august 2010

Møte i blomstereng



Eit av dei finaste menneska i livet mitt er ikkje her lenger. Eg likar å tru at ho er reist for å møte maken sin, og at dei sit på ein benk i ei blomstereng og er lukkelege over endeleg å treffast igjen. Det fine er at eg tenkjer at dei vakar over oss og vil sjå til at det går oss vel.

Vonar me ein dag skal sjåast igjen, den trillande låtten vil nok leie oss riktig veg.

fredag 6. august 2010

Attende frå sommarferie


Bloggen er tilbake på plass etter ein lang pause, tok like godt sommarferie. I sommarferien har me brukt tida til å få tomatplantene til å gro. Håpa det betyr at me får tomater på balkongen, ikkje berre tomatblomar, som de ser ovanfor.

I dag er det eit år sidan eg litt famlande og stotrande tok til med blogging. Eg såg gjennom nokre av dei tidlegaste postane, og kan seie meg nøgd med at eg har dokumentert livet vårt på denne måten. Eg ville aldri ha hugsa dei detaljane dersom dei ikkje var nedskrivne.

Håpa alle har hatt ein fin ferie!
Helsing frå dei tre røvarane i Oslo

fredag 2. juli 2010

Late bloggdagar

Har jobba masse i det siste, spennande og krevjande å vere del av ein redaksjon. Det betyr litt lite blogging, men det gjer gjerne ikkje noko. Dei fleste er vel opptekne med ferie og sol, uansett.

Det er helg og sola skin i hovudstaden, bestemor og besten er på besøk og eg skal gå tidleg i frå jobb i dag. Fin start på ei deilig helg. Me tjuvstarta helga i går, då me var på Sommaråpentsendinga på Youngstorget. Der fekk me skikkeleg sommarstemning og det var kjekt å få eit nærmare blikk på det eg brukar dagane mine på å jobbe fram.

Fin helg til alle !

fredag 25. juni 2010

JUBEL i heimen

Her i gården har det virkeleg vore ei spesiell veke. Ikkje berre har eg fått meg nytt vikariat på den aller kjekkaste jobben, me har jammen fått fleire gode nyhender.

Ein av dei var å prøve nedtrapping av medisinar, det har vore ein del uheldige bieffektar i det siste.

Det andre er at frøkna vår har fått medhald, og vil få erstatning, eit slag mindre som skal kjempast. Ei sikrare framtid og kanskje litt enklare ?!

Og i dag kom det endå ein beskjed som me har venta på i spenning: Me får støtte til intensiv trening frå hausten av og Family Hope prøver å finne ein ledig plass i boka til oss.

Jubel, jubel for absolutt alt!

Desse beskjedane har letta litt på det trykket som har vore i det siste. Eg kjenner det slit på meg når alt er så usikkert, eg liker å vite kva eg gjer nokre månedar fram i tid. Det er framleis ei heil raus med spørsmål som ikkje er svart på, men me kjenner oss tryggare på at våre framtidsplanar kan realiserast no.

Dei positive tankane er gode å ta med seg inn i helga!

fredag 18. juni 2010

Brokkolilukt

I karmen på kjøkkenglaset står det friske urter, oregano, basilikum og mynte. Det er fantastisk godt å ha friske urter i maten og dei pyntar fint opp. Kontrasten frå den gode myntelukta vert stor når me på ny har utforska verda av dårlege duftar. I nokre månedar lot me det ligge ein brokkoli og kose seg i karmen, den var riktignok innepakka i ein tett boks. Det fungerte faktisk ikkje så godt, den rotna jo ikkje, slik vår plan var. Me fekk ikkje brukt den i luktetreninga og Tupperwareboksen er merka for livet, sjølv etter 5 vask i oppvaskmaskina luktar den rart.

Altså kan det ikkje anbefalast å leggje brokkoli i tette boksar, eg foreslår heller at de lar den liggje fritt i karmen og la prosessen gå sin gang. Luktar det stygt, syns eg de skal ta det som me gjer her i huset, luktetrening for å stimulere hjernen. Det kan vel alle ha godt av ?!

God helg

mandag 14. juni 2010

Små ting

Det ujamne innleggsfrekvensen på bloggen er kanskje litt forvirrande for dere som prøver å følgje meg jamnt. Ei veke fem innlegg, andre veker ingen. Saka er at eg bruker bloggen min når det kjennes rett ut. Når eg kjenner at eg må skrive frå meg litt lukke eller ulukke. Meininga var at eg skulle prøve å snu dårlege dagar ved å kjenne på dei små og lukkelege stundene. Sjølv om alt til tider rasar rundt meg, har eg klart å halde fast ved at eg må tenkje ut noko fint å skrive. Det gjer godt.

No sit eg på kontoret og ser ut på ein flott sommarkveld. Eg har stått på kjøkkenet og kokkelert til veslefrøkna i mange timar. No har me både fiskekraft og laksemiddagar for ei stund framover. I dag er det lukke med tystnad.

søndag 13. juni 2010

Ruskande gal klokke

Sundag igjen, og eg har ikkje prioritert blogging spesielt høgt på lista mi denne veka heller. Her går det for seg, me er opptekne med å ta eit skritt framover og tre attende. Det er litt sjukdom på gang igjen, kursing på jobb og nye spennande arbeidsoppgåver som eg snart tek fatt på.

Nokon har byrja vakne midt på natta og drive med skråling for at dei andre i huset også skal stå opp. Me har hatt noko lunde kontroll på det, og det har skifta litt frå tid til anna om ho sovnar att. Det merkelege er at ho er tidsinnstilt. Det speler visst ikkje noka rolle om ho sovnar klokka åtte, (det skjer nesten aldri) eller om ho sovnar klokka ti (det skjer nesten alltid). Ho vaknar likevel klokka fire på natta. "Juba juba, folkens!", seie ho liksom. Det trur eg i allefall.

Eg tenkjer med meg sjølv at det er noko riv ruskande gale med den indre klokka hennar. Den går for fort, og er feilinnstilt, i allefall når det gjeld søvn. Rykta seier at ho har nokon å slektast på ?!

mandag 7. juni 2010

Stinkeost

Dei siste månadane har me hatt for oss eit spennande prosjekt her i heimen, me har dyrka fram ein heilt ny ost. Me har tatt ein Coeur de Lion (eller "Stinkeost", som tanteborna mine kallar den..) og latt det gå ca 4 månadar over siste forbruksdato. Stinkeosten har fortent namnet sitt, og hadde allereie før den var utgått ein kraftig nok lukt til at mor mi vaska kjøleskapet i jakta på det som var øydelagt. Dei siste dagane har osten solbada seg også, det må ein kunne kalle siste finpuss av verket.  

Eit ledd i Family Hope er stimulering av luktesansen til vesle snella. Me pakkar ut prosjekt- osten frå ein boks og så av ein pose, deretter ein ny pose. Det renn litt damp frå posen. Så til saken: Far held osten innåt nasa hennar, mens han sjølv held pusten. Mor kjenner lukta heilt i frå balkongen og inn på kjøkkenet, umiddelbart opnar ho vindauga og startar utlufting.

Kva gjer snella?
Ho gliser... Ahhh, seier ho.
Av og til, er ho verkeleg den raraste eg veit om!

søndag 6. juni 2010

Nær himmelen



Den gong eg var ei lita kvikk jente, var ingenting nærare himmelen enn når mamma strauk meg over ansiktet då eg skulle sove. I kveld har eg prøvd same metoden med mi velsejente, og jammen meg, ho såg ut til å vere nær himmelen ho også. Så rolege små born ser ut når dei søv.
Nydeleg.

søndag 30. mai 2010

Laurdag ...


hadde me denne utsikta då me var ute på rakkedeis...
Oslo er ein flott by, ikkje sant?







fredag 28. mai 2010

8 år med lukke


Lykke

Hva lykke er?

Gå på gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær,
klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.
Å få et florlett spindelvev over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Kan hende vente på et brev.
Be prestekravene om råd,
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker - elsker ikke meg.

Men ennå ikke kjenne deg.

-Inger Hagerup -


torsdag 20. mai 2010

Vennar


Ein dag i sist veke dukka det plutseleg opp ei gåve til meg i posten. Avsendaren var Geitrams, men eg plar vanlegvis berre kalle ho for Makalaus. Ho lev nemleg opp til namnet. I all løyndom og i smug har ho sete heime og laga det flottaste scrap-book albumet som tenkjast kan, til den vesle familien min. Det er så rørande å vite kor mykje tid og arbeid ho har lagt ned i det, og godt å vite kor mange gode tankar som vart send i lag med albumet.

Etter at den velse prinsessa kom i hus, har me fått mykje omsorg og omtanke frå dei rundt oss. Familien som me har kontakt med heile tida, men òg vennar. Vennar som viser sin omsorg for oss på ulike, flotte måtar. Nokon som stiller som barnevakt, nokon som passar på at me kjem oss ut litt kvar for oss, nokon som har med noko til jenta vår når dei kjem på besøk, nokon som sender blomar plutseleg, nokon som sender fine sms'ar  og gode ord, nokon som stiller for samtalar

- og me kjenner at desse spesielle menneska tek ein del av byrda for oss.

Tusen takk alle, de betyr meir enn de anar !

tirsdag 18. mai 2010

She's a saint



Italia - Sveits på tre døgn er overstått, og me er framleis litt døgnville etter den hektiske helga. Sjukdom og søvnlause ramma oss i det me skulle reise, så det var "løpande" vurdering heilt fram til innsjekk på Gardermoen. Me tok ei sjefsavgjerdsle, og hadde vondt i foreldrehjarta  resten av turen.


Behandling på klinikken, fire osteopatar og sju hender

Trass feber, oppkast og gråt - alt var verd det då me sundagsføremiddag var på klinikken og vesla fekk ein god time behandling. Foreldre er vel alltid svake for smiger, men det kjendes spesielt når den amerikanske superhelten / osteopaten konkluderte: "She's a little saint, isn't she?! "

Han har heilt rett, ho er nemleg akkurat det.
Vår vesle helgen.

torsdag 13. mai 2010

Sveits II



Me står på farten til å reise utanlands igjen, me skal nok ein tur til Sveits. Denne gongen skal me overnatte i Milano fyrst, mannen i huset set sin lit til meg når det gjeld språket. Eg for min del har friskt i minnet den gongen eg kjøpte hummar til 80 kr, eg trudde me gjorde eit kupp. Då rekninga kom på bordet, forstod eg at eg hadde bomma med ein null. Akk ja, ein må jo berre betale når ein sit på ein restaurant som er fylt til randen av suspekte mafiosos midt i Palermo. Denne gongen har eg ikkje tenkt å leggje ut på liknande italienske røvareventyr, det er eg på langt nær god nok til. Men eg gler meg over moglege pinlege samtalar, på stammande italiensk.

Planen er å reise til ein fjellandsby i Sveits på laurdag, Frøken Dings skal ha osteopatibehandling på ein barneklinikk og me er spent på kva det vil bringe denne gongen. Me ventar mannen med det klingande namnet, Mr.Jealous, vil gjere underverk med vårt vesle gull.

Stabbursmuseglimt


Til glede for besteforeldre og øvrige flotte lesarar, som 
har gjeve så god respons på det forrige innlegget;

Eit lite glimt av Stabbursmusa frå
 Hakkebakkeskogen


tirsdag 11. mai 2010

Stabbursmusa



Vesle dokka har teateroppsetning i barnehagen i dag,
ho speler stabbursmusa i hakkebakkeskogen.
Mamma er stolt!

søndag 9. mai 2010

Husking Reiing Dissing




Uansett kva det vert kalla -
 husking, reiing eller dissing -
er det heilt topp.

I dag har me hatt ei lita og lukkeleg stund ute, 
og vesla smilte allereie på veg ned trappene.
På med utedress og lue, ho visste kva det betydde.

tirsdag 4. mai 2010

Støttemedlemmar

Det er imponerande at så mange har ynskja å støtte Hjernebarna. Til no har bloggen verva 14 stykker, i allefall som eg veit om. Og fadder G, har vore super, ho har påtatt seg ansvar og verva fleire. Eg er glad !

Oppfordra fleire til å hive seg på, dersom dei ikkje allereie har gjort det.


 juba juba


Oppdatering: 4 nye medlemmar, desse overtalte eg på jobben min.
Takk til Plingelin og veslebroren til G også :0)

søndag 2. mai 2010

Brot på informasjonsplikt


 

I det siste har eg ikkje overholdt informasjonsplikta mi på bloggen.
Det har vore mykje gule tekanner, og lite kvardagsoppdatering om kva som skjer hjå oss.
Det skjer ein heil masse, både store og små ting. 
Av og til er det litt vanskeleg å sjå det når ein står midt i det sjølv. 

Eg gjev ei rask oppdatering frå nokre viktige hendingar dei siste vekene:

Eg la mobilen min i vaskebøtta, den drukna umiddelbart og det kan ikkje anbefalast dersom ein ikkje har intensjonar om å ta livet av den. Etter nokre veker med vurdering fram og tilbake, kjøpte eg meg ny. No har eg ei liste med omlag ti namn lagra, så dersom du syns eg skulle ha sendt deg sms, men ikkje har høyrt i frå meg på lenge: Eg har nok mista nummeret ditt!

Som de ser ovanfor er vesla vår stort sett glad og nøgd. Veslegull har fått langt hår, og har strekt seg veldig i det siste. Eg har tydelegvis ikkje tatt dette heilt inn. Då eg var på handlerunde for å kjøpe nye klede til ho sist veke, var eg veldig klar på at ho er lita, så eg kan ikkje kjøpe så stor størrelse. Eg meinte alle kleda såg store ut. Då eg kom heim og prøvde dei på derimot... No må eg avgarde å byte i eit større nummer.

Kan det vere at ho er inspirert av tomatplantene som står i karmen på vindauget og veks raskt?
Dersom det er tilfelle må eg finne nokre plantar som veks utover også, kanskje det vil påvirke vekta hennar.

lørdag 24. april 2010

Hjernebarna


Kjære dere som følgjer oss

Å ha ei fantastisk, flott lita jente er ikkje nok til å gje oss støtte til å setje i gang eit intensivt treningsprosjekt.
Det er ikkje akkurat slik at NAV ringer og seier dei har høyrd om den vakre,veslejenta vår og vil satse litt pengar på ho. (Slik skulle det naturlegvis ha vore!)

Fleire familiar som ynskjer å trene intensivt med borna sine har byrja få problemar med støtte frå NAV. Det største problemet for tida er at dei ulike landsdelane har ulike rutiner for om foreldre får pleiepengar for å vere heime og trene borna sine. Pleiepengane er til gode for borna, som har sjanse for ei betre framtid og har familien si støtte rundt seg. For familiane vil pleiepengane vere viktig så dei slepp å verte økonomisk ruinerte.

Det er ein del familiar som oss, fleire som har opplevd mykje av det same som me har vore gjennom. No er det starta ein organisasjon som kallar seg "Hjernebarna Norge". Organisasjonen jobbar blant anna med å få til ei ordning der alle heimetrenande familiar skal ha same økonomiske rettar.

Kjære tanter og onklar, besteforeldre og vennar -
de er hjarteleg velkomne til å støtte vår veslejente,
og mange andre fantastiske born og foreldre
som gjer ein kjempe innsats for at borna deira skal ha ein
reell sjanse i livet.

Støttemedlemskap hjå Hjernebarna
kostar 100,-
og kan betalast inn på kontonr:  
9497 05 25925 i Handelsbanken 

fredag 23. april 2010

Loppelukke IV

Lovely?


Egersund kanner
Mor og barn?

Det gode 70-talet har flytta inn hjå oss,
velkomen skal det vere.


torsdag 22. april 2010

Loppelukke III


Del tre i Loppeføljetongen!


Grete - frå Figgjo

Kjøpte seks stykker når eg fyrst var i gang.
Fekk uheldigvis berre tak i eit grønt, og det var i grunn det finaste.
Eg må visst leite meir ved eit anna høve.

onsdag 21. april 2010

Loppelukke II



Litt gull, eldfastform i frå Rørstrand..

Og eg vart glad :0)

tirsdag 20. april 2010

Loppelukke


Det vart nokre skattar på loppis i helga.
Eg legg ut bileter som føljetong.



Turi-design, Figgjo

Stay tuned!


søndag 18. april 2010

Vinnarane

Tre stykker får kanskje ein betre litt start på veka enn dei hadde venta.

Vinnarane er trekt, det er Tante S og Ane får ei triveleg overrasking i posten plutseleg.

Iselin, vann også, du skal få ei overrasking personleg overlevert.

God sundagskveld til alle!

Kom igjen!

Ah, gode odds for dei ni som er med i konkurransen!
De som ikkje har meldt dykkar interesse for ei lita gåve i posten, har enno sjans..

Eg trekkjer i kveld !

fredag 16. april 2010

Friday I'm in love

Fredag og helg igjen. Fredag er den beste dagen i veka, tykkjer eg. No sit eg i sofaen og slappar av, har sendt mannen ut på lønningsfeiring.

Sjølv har eg ein date med Karl Ove Knausgård, fyrste boka, i kveld. Aller fyrst må det stilne på soverommet, for der lyder det nokre småul frå akkurat no. Satsar på nokre timar med skattejakt i morgon, eg er utstyrt med småpengar, ikkje spade. Loppis i "nabobygda". Me like!! Kanskje eg legg ut bilete av skattane dersom eg finn noko vakkert.

Minner dykk om å delta på konkurransen min, eg trekkjer på sundag.

Ha ei fin helg så lenge, alle mine gode lesarar!

tirsdag 13. april 2010

Heldige meg :0)

Åh, lukke og heldige meg.
Eg fekk dette nydelege sjalet i posten for litt sidan, hadde vunne på Ane sin blogg! Det er hekla i alpakkagarn, og er allereie ein favoritt hjå meg. Flott farge, og så varmt og deilig. Eg elskar å få overraskelsar i posten :0)
Då vert eg som eit lite barn, jublande glad! Så, tusen takk Ane!!!


For ei tid tilbake hadde eg ein konkurranse i bloggen. Den døde visst, og no prøver eg igjen.

3 heldige vinnarar - eg trekkjer til helga!
Legg att ein kommentar på denne posten, så får du eit lodd.
Legg deg til som følgjar i tillegg, to lodd..

Kanskje kjem det ei gåve rekande i posten til deg, plutseleg ?!

søndag 11. april 2010

Vår


Fantastisk vårstemning her i helga.



Sol både laurdag og sundag, varmt og deilig i lufta. Me starta vårsesongen med årets fyrste is, og ein lang trilletur. I lag med halve Oslo enda me på Plantasjen, det var visst ikkje berre me som hadde tenkt at det var på tide å starte balkonglivet og dermed måtte ha litt plantar.

tirsdag 6. april 2010

Gult kort!


Det er fort gjort.


Eit lite liv spirer og gror

har verda for sine føter



Eit uoppmerksomt augneblink.

Nokre trøytte timar.

Eit komma
for deg

Gult kort.

Advarsel.


Eit punktum
for oss

Raudt kort.

Eit  liv som går i oppløysing.



Takk til Statens Helsetilsyn som gjer oss til eit nummer i rekkja av ubetydelege trasige saker.
Og livserfaringa at ein aldri skal stole på andre enn seg sjølve.


tirsdag 30. mars 2010

Gledeleg påske




Denne vesle fuglen får representere påskepynt på bloggen,
i røynda tek me han med oss på påskefjellet.
Vesla kan nemleg ikkje la vere å smile av den morsomme kvitringa,
foreldra kan godt dy seg for kvitter,
men kan ikkje la vere å smile av vesla.
Altså er den pakka og klar.

Ynskjer alle ei gledeleg påske!

Ny mann


Ein ny mann har entra livet mitt,
Dr.House.
Han er på besøk ein kveld innimellom, og me ler oss skakke av den skumle legen.
Er det mogleg å vere så arrogant og samstundes dyktig?
Eg hadde fyrt meg riktig godt opp om han hadde tatt i mot oss på eit venterom ein gong.

søndag 28. mars 2010

Loppelaurdag



                                Gjorde nokre loppiskupp i går..                                      
Veit ikkje om eg er mest nøgd med dei vakre baileys glasa,
eller
den flotte skåla frå Arabia..

fredag 26. mars 2010

Friday feeling....

Plutseleg helg igjen.

Helga starta med husrydding og vask i går, litt gjenstår framleis, men det er ikkje like ille som ein vanleg fredag i alle fall. Tidleg ferdig på jobb i dag, og det vert fint. Har planar om å handle inn nokre fine tulipanar, og litt ekstra god kvelds. Også te - litervis med te, skal konsumerast. Så skal me benke oss framføre TVen utover i dei mørke timane.

I dag skal nemleg nokre av tøffingane frå "Ingen grenser" på Skavlan. Og det har eg tenkt å sjå! Eg har venta på serien lenge, og må seie det er imponerande å sjå kor steintøffe desse folka er. Ekstra moro å sjå den blide bibliotekaren som utdanna seg samstundes som meg, han er ein riktig fin fyr. Å sjå muligheiter i staden for begrensningar er noko me prøver på sjølve også, då varmar det hjarta å sjå "Ingen grenser".

Ynskjer alle søtingane der ute ei riktig god helg, håpa de kjenner på fredagslukka, de også.
To arbeidsdagar att før det er påskeferie.. Åh, herlege tid!

tirsdag 23. mars 2010

Proteinbomber

Mykje har skjedd på få veker. Me er i gang med endring av kosthold, og det er både spennande og utfordrande. Det er i allefall ei stor endring å skulle kutte ut karbohydratar. Kjenner at det går greit så langt, me må nok vere kreative framover. Me lever langs den sunne middelvegen kalla proteinar no, der flyt det over med egg, oljer og myrra ( eller basilkum ).

Tek med takk i mot oppskrifter og gode tips, som ikkje inneheld poteter, mjøl, sukker og alt anna som kan reknast som "fy-mat" frå no av.

søndag 21. mars 2010

Sundagsoppdatering

Oi oi oi.. Her fyker vekene forbi, og eg ser det er vanskeleg å få tid til å blogge. Har vore nok ei hektisk veke, med kveldsjobbing, papirarbeid og førebuing til ein samtale me frykta på sjukehuset.


Den frykta samtalen gjorde at me var i full research når det gjaldt nervegift i lange tider. Fantastisk middel når det gjeld 30 år gamle modellar med stive smil i Hollywood, mykje mindre fantastisk når det skal brukast  på små uskuldege jenter med stiv kropp. For å oppklare med ein gong, me hadde lukka med oss og hadde ingenting å vere bekymra for på sjukehusfronten denne gongen. Kryss i taket! Researchen er på ingen måte fånyttes, og den har me tenkt å arkivere og bruke som argument ein anna gong dei angrip oss.

For å vise triumf og suksess slenger eg med eit bilete av velse vakre jenta vår i full akebrettvigør.
Bilete kan daterast til i dag, her har det snøa og vore fint ver om kvarandre. Slett ikkje dårlege forhold for utetid, med andre ord.

mandag 15. mars 2010

Sukk..




Etter ein lang dag, som inkluderer kveldsjobbing, tek eg meg ein pust i bakken og drøymer meg vekk.
I dag tok tankane meg med til Markusplassen i Venezia.
Tidleg morgon og nesten ikkje turistar..



Kvar reiser dere på ferie i tankane?
Evt. i røynda?

lørdag 13. mars 2010

* I love Arsenal *



Natta folkens!

Denne vesle snella var stuptrøytt og ligg godt under dyna si no. 
Ho søv nok ekstra godt med den nye pysjen ho fekk av faren då han kom i frå England sist helg. 
Om ho veks opp til å verte like glad i Arsenal (all fotball, eigentleg) som faren er, gjenstår å sjå, men det skal ikkje stå på innsatsen hans i alle fall.

Teksten på pysjen lyd som følgjande: 
"I love Arsenal"
Og eg lurer litt på kva tid ho skal få medlemsskap i Gunners...