Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg

mandag 15. april 2013

Gi meg eit hus og bli ferdig med det!



Eg treng eit slikt hus, helst ferdigbygd i dag!
Førre veka gav me over husteikningar til eit byggjefirma, i laupet av månaden vil me få tilbakemelding på om det er innanfor dei økonomiske rammene me ser for oss. Etter to mislykka forsøk hjå arkitekt, (fantastiske teikningar - problemet er at dei er langt over vår maksgrense. Fleire millionar, faktisk!) har me bestemt oss for å setje opp eige forslag til korleis me vil ha romløysinga og deretter få teikna det av arkitekt. Det blir veldig spennande om me kan bruke dei løysingane me har tenkt oss fram til no, eg byrjar å bli utolmodig og lei, rett og slett. Det har vore så mykje fram og tilbake med desse teikningane tidlegare og etter forsøk hjå den første arkitekten så har eg eigentleg mista både lysta og interessa for heile huset. Prøver å grave den fram av og til, stakkars mannen min har slitt med mi motvilje lenge no.


Av og til tenkjer eg at me kan bu slik me gjer no, men altså me kan ikkje forsetje å bu i eit hus som ikkje er tilpassa våre behov på nokon måte. Eg veit det.

Difor prøver eg å mote meg opp og dra fram det eg har av interesse gøymd ein stad lengst bak i hovudet.
Kanskje me er i gang allerie til sommaren?! Eg gler meg berre til å ha kome over dette stadiet og vere i gang. Det blir nok eit bra resultat til sist!


torsdag 28. februar 2013

Ein smakebit


Hyllene mine byrjar å fyllast opp, det blir mykje dobbeltplassering for tida. Bakdelen med å jobbe der eg gjer er den spennande butikken. Eg må gå forbi den kvar dag både til og frå kontoret. Eg endar gjerne med å kjøpe litt for mange bøker der.
Bibliotekar, sa du?

tirsdag 12. februar 2013

Husplanar



Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men her står det altså to karar som peiker og måler og tenkjer og pratar.
Hus, hus, hus. Skal det byggjast bakover (attover), bortover eller oppover (ovapå)? Det er neimen ikkje lett å bestemme seg og alle tenkelege løysingar blir vurdert no. Godt med hjelp!

Me har nokre dyre teikningar frå arkitekt, han har sprengt budsjettet vårt med ca. 4 millionar i første skissa og 3 i skissa etterpå. Han er flink til å teikne, men det anar meg at han ikkje er så stødig i matematikk. For tida prøver me (les: min gode ektemann) å ta utgangspunkt i dei første skissene og teikne dei litt om. Så får me sjå kor me endar til slutt. Det er mange ting som skal takast hensyn til i vårt tilfelle.

Me må ha eit hus som er tilpassa rullestol og tenkjer å gjere første etasje om til ei leiligheit. Der tenkjer me at all intensiv trening skal føregå, vi skal knytte bassenget med eit stort bad til den etasja. Vi skal ha soverom slik at ho kan ha avlastning der dersom det blir periodar med søvnvanskar, slik ho har innimellom. I tillegg er det tanken at ho kan bu i den leiligheita når ho blir 18, dersom det er aktuelt. Me har også tenkt at det kan vere aktuelt å skilje den ut i frå vår bustad og eventuelt leige ut eller selje den. (Mange år fram i tid, vanskeleg å tenkje så langt når vesla er 4 år...)

I andre etasje er planen å heve taket slik at det blir flatt og vi får full ståhøgde. Det er i denne etasjen me skal bu og ha vår stove, kjøkken og soverom. Her får me fin utsikt utover mot fjell, fjord og dei andre husa i nabolaget.

Problemet for oss er at me driv med treninga og har tre tilsette, me har behov for bassenget vårt. Korleis skal me få til ein kortast mogleg periode vekke i frå vårt eige hus? Også er det sjølvsagt eit poeng at me skal halde oss innanfor dei økonomiske rammene me har.

Det er tankane me har om hus så langt. Så får me sjå korleis det ser ut tilslutt. Me skal tenkje og teikne ein del til (les: sikkert min gode ektemann som skal teikne), så skal me kontakte nokon som vil gjere jobben med å lage arbeidsteikningar og bygging.

tirsdag 7. august 2012

Herlig hage


Gleda ved å flytte ut av  byen er ei tomt på to mål.
Gleda ved å overta eit gamalt hus, er at hagen allereie er etablert. 
Gleda ved å overta på hausten, er at ein ikkje anar kva alle trea og buskane på eigedomen eigentleg er. 
Kva skjuler seg fram i jorda fram til våren kjem? 

Det skulle vise seg at det blant anna var  

nydelege roser som lukta himmelsk 


kaprifol, mmm... lukta også godt !

Men den beste overraskinga eg kunne fått av hagen min. 
Den store buska som stod der ute var duftsjasmin. Den er flott og sjå på, 
men aller best likar eg lukta. 
Verdas beste lukt. 
Tek meg rett tilbake til farmor og farfar sin hage, 
sommar ute ved steinbordet i hagen.
Sommarlukke som lite barn. 

Stor tomt med gamal hage, inneheldt også tjukt med sneglar. Dei skjuler seg også i jorda om hausten og vinteren. Me har hatt dagleg trim med innsanking. No byrjar det å roe seg litt, trur eg. Skal nok ut ein tur i kveld også, for sikkerhets skuld. 

Fin kveld!


søndag 6. mai 2012

Meir hus

Me må bestemme oss for arkitekt snart, og det er så spennande.
Planen er å gjere noko med romløysingane i huset vårt. Eg må innrømme at eg har lettare
for å henge meg opp i detaljane enn dei store linene.
Som her:

Bibliotekarhjarta mitt bankar for desse hyllene.

Detaljar i frå nok eit Steven Holl hus.


http://www.stevenholl.com/project-detail.php?type=houses&id=57&page=0


fredag 4. mai 2012

Eit hus i vente

I går starta me med prosessen kring endringar av huset vårt. 


Planen er å byggje ein ny del til Vesla, der skal det vere mogleg å gjennomføre treningsdagane og ha avlastning. Det skal vere praktisk tilpassa dei behova ho har no, og dei ho kan ha om 20 år. 
Eg elskar funkishus, og har ein draum om at hennar del kan vere funkis og firkanta. Vårt hus skal det også gjerast noko med, og eg vonar det kan vere mogleg å byggje desse husa saman utan at det vert enorme stilbrot. Kanskje fasadane kan tilpassast.




I dag har eg hengt litt på nettstaden til Steven Holl. Den New York baserte arkitekten teikna Hamsunsenteret på Hamarøy. Eg var der på studietur i vinter og vart veldig begeistra for arkitekturen.  Holl er bruker lys som verkemiddel i bygg, og det likar eg.



 Bill Timmermann har teke bileta eg lånte frå Holl si heimeside.
http://www.stevenholl.com/project-detail.php?type=houses&id=57&page=0


torsdag 26. april 2012

Drøymehuset

Kjøttmeis observert med reirmateriale i nebbet. 
Den flytta rett inn i det vakre huset som vart satt opp førre helg. 

Det næraste eg nokon gong kjem funkishus, sikkert. 

torsdag 23. februar 2012

Parkeringsplass



i dag har me endeleg fått ekstra parkering ved huset vårt. 
No kan me ta i mot besøk, utan at me treng å tenkje på parkeringsplassar. 
Hurra!! 



tirsdag 15. november 2011

Episode 2


Nytt inngangsparti, så me kan sprade rett inn til bassenget - 
utan gjørmete fotar. 
Praktisk! 



The pool 
Godgjorde seg i 5,5 timar med å fylle vatn, 
deretter to dagar på å varme opp i frå sju grader til 
38. 


38 er heilt klart å foretrekke :0)





fredag 11. november 2011

Episodar frå ein kvardag



*Dette hende i førre episode:
(den har ikkje vore vist offentleg før no)

 Dugnad: felling av tre på eigendomen

Dugnad: Bygging av "Poolhouse"

Me får vindauge og veggar også.... 

Bassenget kom i frå oven, litt vanskeleg å kome skikkeleg til, så 
det måtte heisast over hustaket før det landa trygt og godt der det var meint. 

*Episode 2: to be continued 

søndag 18. september 2011

Me pakkar ned livet i Oslo





- og set kursen mot vest i morgontidleg. 

Eg og Mr. Sambuar drøymde aldri om å bu i Oslo, 
før me plutseleg var her. 
Me drøymde aldri om å vere lenger i byen enn 
å ha tid nok til å fullføre utdanninga. 
Plutseleg hadde me kjøpt leiligheit, 
fått ei jente og byrja jobbe her. 
Plutseleg var det her me levde livet,
seks år. 
Me har opplevd mykje her, 
både lått og tårer.  
No er det over. 
Det kjennes vemodig. 
Eit nytt kapittel skal skrivast i våre liv-
ein annan stad i landet.



tirsdag 13. september 2011

I eit hus med hage..


skal me bu - 
og leve lukkeleg 
alle våre dagar ?! 

Flyttar straks inn i eige hus, 
jøss kor vaksen ein kan verte. 

torsdag 14. april 2011

Visionboard


Me var på besøk hjå vennar i går, der fekk eg sjå eit visionboard.
No er eg inspirert, og har lyst å lage eit sjølv over ulike hus eg liker.
Dette er eit av dei, her bur familien Cullen i filmen Twilight.
Elskar dei store vindaugene,
og at det består av både tre og mur.

** Draume, Draume **