Viser innlegg med etiketten Teikneserie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teikneserie. Vis alle innlegg

onsdag 3. mars 2010

Craig Thompson: Blankets



Åh, denne fine, fine teikna romanen er eg akkurat ferdig med. For tida utvekslar eg teikneseriar / teikna romanar med ein kollega, det er så stas å finne noko nytt og spennande som eg ikkje kan mykje om. Det er ein jungel der ute, så det er moro å få litt hjelp og idear. Det geniale med teikneseriar er at det går fort å lese,  heilt grei lektyre på tbanen.



I Blankets forteljer Craig Thompson om sin eigen barndom og oppvekst, om det å tru og ikkje tru. Det er noko sårt over forteljinga om den unge guten som ikkje kan finne seg til rette i familien og menigheita. Me følgjer endringa i livet hans då han treff nokon som forstår. I tillegg til den fine historia, byr boka på fantastisk flotte teikningar, stemninga er heilt spesiell.

Eg brukte ekstra lang tid på kvar side, det burde kanskje de også vurdere?

mandag 2. november 2009

Känslan man har



Etter å ha lånt Känslan man har av ei venninne, har eg bestemt meg for å samle på bøkene til Jan Stenmark. Eg vil ikkje kalle boka eg har lese for teikneserie, det er meir enkelte bilete med underfundige tekstar.
Enkelte kallar Stenmark for biletpoet, det syntes eg at klinger så godt at eg vil føye meg i rekka. Stenmark har mange morsomme detaljar i bileta sine, så ein vert ikkje riktig ferdig med det fyrste.

Det er absolutt verd å tilbringe ein time i sofakroken i lag med Stenmark og ein kopp te, dersom ein ynskjer lett underhaldning i haustmørkret.

onsdag 26. august 2009

Fiske og Kverneland: Kanon

Som bibliotekarspire kjenner eg meg programforplikta til å spreie det glade bodskap om bøker, eller i dette tilfellet, teikneseriar. Kanskje ikkje fullt så intellektuelt, men det er minst like skøy. Eg kom over denne morsomme teikneserien i studietida, har lenge tenkt eg skulle lese den og no er det gjort. Det er nesten ironisk at serien dukka opp i Aftenposten sundagsutgåva, veka etter eg hadde kjøpt den. Eg har leita etter den i 2 år, og no er den altså komen i nytt opplag.

I Kanon får ein historia om Edvard Munch, August Strindberg og Kurt Schwitters sine liv i Tyskland på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900. Steffen Kverneland har flotte teikningar, i tillegg liker eg spesielt godt måten det er framstilt korleis Munch fekk idèar til bileta sine.