Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg

søndag 22. juli 2012

To Rome with Love






Bilete lånt frå IMDB.com

 "To Rome with love", ein ny Woody Allen film som eg har ikkje har sett enno. 
Eg har dei siste åra sett fleire filmar av Allen, og likar han betre og betre. Dei siste to, 
"Midnight in Paris" og "Vicky Christina Barcelona" gjev fin innsikt i byane og estetikken er nydeleg. I "Midnight in Paris" var eg spesielt fascinert av musikken, og jobba hardt med å få med meg referansane til dei ulike kulturpersonlegdomane som vart nemnt. 
Sidan eg har vorte begeistra for dei andre filmane av Allen, så har eg god tru på at denne filmen som føregår i Roma ikkje kan verte feil. 

Gimle i august, håpar eg.
Herlig, herlig kor eg gler meg!




lørdag 7. juli 2012

Eat - pray - love


Eg har sett filmen fleire gongar og vert ikkje lei av dei fantastiske bileta - ei heller musikken.
Du kan velje sjølv mellom bok og film.

"Dolce far niente
the sweetness of doing nothing!"
Italiensk slagord


Fin, fin historie som fangar nokre av dei beste tinga ved Roma.


Ete haugevis med is.
(Les høgt med innleving: GELATO!)

Nyte verdas vakraste by i soloppgang.  

Vandre rundt i trange gater ved Trastevere.  


Ete vilt god mat og drikke vin midt på dagen.


Bilete lånt frå IMBD.com

Dette fører sjølvsagt til at ein plutseleg legg ut på ei ferd til India og Bali etterpå,
og verda er fylt med kjærleik.
Eg fokuserer som vanleg mest på den italienske biten.


fredag 6. juli 2012

Vacanze romane

Eg sit oppe om nettene med vesla, og då vert det mykje film.
I det siste har eg prøvd å skape Roma- stemning, slik kan eg glede meg litt til september.
Liker å sjå filmar frå Roma, kikke etter kjende stader og plassar eg har vore - og utfordre meg sjølv på namna. Hugsar ein del framleis, men har jammen gløymt litt også.
Denne filmen sel dei kort og plakatar frå overalt i Roma, stas å endeleg fått sett den.

Viss du skal vere med til Italia til hausten kan du følgje mine tilrådingar
innan film og bøker framover.






Bilete lånt i frå IMBD.com

For ekstra stemning tek me rulleteksten på italiensk:

Vacanze romane (Roman Holiday)
è un film del 1953 diretto da William Wyler,
interpretato da Gregory Peck e Audrey Hepburn.

Bene!

fredag 13. november 2009

Pride and prejudice






Colin Firth will always be my Mr. Darcy.... 

Mr. Sambuar er på jobbreise, og eg har besøk av mi kjære svigermor. I tillegg til god hjelp, har eg fått ein medsamansvoren Pride and prejudice-fan.. Dei siste kveldane har me slukt 4 timar med god, engelsk bbc- drama. Det er med tårer i augo eg kan informere om at den siste episoden står for tur straks.
God helg til mine lesara!

onsdag 4. november 2009

Das Leben der Anderen





Das Leben der Anderen, er eit tysk drama. Det kan høyrast avskrekkande ut, men legg fordommane dine på hylla, så skal du få ei positiv overrasking.

Settinga er Aust-Berlin før muren fall.  Stasi er travelt opptekne med overvakning av samfunnet. Gerd Wiesler får i oppdrag å overvake dramatikeren Georg Dreyman. Kulturministeren som har iverksatt oppdraget har ein eigen agenda, når det gjeld Dreyman. Det involverer Dreymans kjæreste , Christa-Maria Sieland.

Filmen inneheld alt ein kan ynskje seg. Spenning, ei veldig god historie og tilbakeblikk på ei svunnen tid. Då filmen kom vann den fleire prisar.

Den er verd å sjå, og det kan du gjere på NRK 2, kl 21.05 i dag, onsdag 4.november