Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg

torsdag 16. mai 2013

Bryllaupsfesten


På ein terasse med utsikt mot Peterskatedralen
hadde me bryllaupsfesten vår.

5 rettar, 20 personar
Roleg og fint! 
Kakebordet tok litt av,
dette var før kakene kom på bordet.
Verdas finaste cupcakes.


tirsdag 14. mai 2013

Ponte Sant'angelo

O` lukke! 
Eg kan nesten ikkje snakke om bryllaupet utan å få stjerner i augo.
Tenk så fantastisk at det framleis kjennes slik, 
over eit halvt år etter. 

Her får de eit bilete til: 

Fin-fine forlovarar og brudeparet


onsdag 17. april 2013

Endeleg

I dag kom det ein pakke frå Kortshop i posten.  


Den var så vakkert innpakka med band og små hjarter på.

Og bryllaupskorta var innpakka med silkepapir. 

Det var ei sann fryd å få ein slik flott pakke i posten, 
det kjendes så eksklusivt!

No gler eg meg til å få sendt ut korta, 
er som vanleg seint ute så eg gler meg til å få det unna. 
Måtte berre få valgt ut kort som me var nøgde med først, 
det er ikkje så lett når ein er så oppteken av detaljar :) 

tirsdag 19. mars 2013

Chiesa Valdese

Eg hadde på førehand vore litt nervøs for at det skulle kjennast
 lite personleg å gifte seg i ei kyrkje med nesten tomme benkar. 
Det var ikkje tilfelle. 
 Det var verkeleg ei fin oppleving å gifte seg med berre dei aller næraste tilstades.

Eg hadde førestilt meg ei ganske keisam kyrkje innvendig -
men kom igjen (!), dette er Italia!
Aldri kyrkjer utan gull, glam og mosaikk!

Den fin- fine italienske presten! 

Sitat frå "Bibbia" 







mandag 18. mars 2013

Ein fantastisk haustdag ei tid tilbake


Draum, von, kjærleik

Alt klappa og klart

Forlovaren min tok ansvar for hår og sminke. 
Heldigvis! 

Forlovaren hans tok ansvar for ringar og 
blomen som skulle i knappholet.
Heldigvis!

Den blivande fru.. 

Denne bloggposten har eg usett fleire gongar. 
Ikkje fordi eg gruar meg på noko vis, 
men fordi eg på ingen måte kan klare å gjenfortelje for dykk korleis denne dagen opplevdes. 
For oss var den heilt magisk, 
det håpar eg nokre av bileta kan vise dykk.. 


Fleire bilete følgjer i seinare post....

Bileta er tekne av bror min og han gjorde jammen meg ein fantastisk jobb denne dagen. 
Takk, takk! 

tirsdag 14. august 2012

Utdrukken!

Eg er ferdig utdrukken,
det var ei fin oppleving!

Førre laurdag i Oslo,
med nydeleg ver,
nydeleg spabehandling,
nydeleg piknik i parken.
Nydelege Ekeberg restauranten.

Og mine fine, fine venninner!
Tusen takk !!


Lekker piknik, sjekk fatet! Verdas mest kreative forlovar?

Enda til sist på Ekeberg restauranten. Hurra!


Fin fin forlovar og prosecco - og meg!

Nokre av dei aldeles fin- fine jentene mine!


tirsdag 17. juli 2012

Ting som fell på plass

Litt småstressa for bryllaupet, men det ser ut til at det ikkje er nokon grunn til.

Brudekjole - check
Eg gjekk inn i ein butikk i Ålesund med nokre bileter og forklarte kva type kjole eg ville ha. Eg er ikkje så veldig glad i dei tradisjonelle kjolane, der eg trur eg ville sett ut som ei blautkake. Eg er frykteleg spent på å sjå resultatet, etter nokre mål vart det nemleg sendt til Kina for å verte sydd der.  I morgon skal eg til byen i lag med mor mi for å prøve den, då får eg vite om det er katastrofe eller lukke... Hjelpes!
Har ei kriseløysing klar i hovudet mitt..

Ringar - check
Bestilte dei før me reiste til Danmark, i dag fekk eg melding om at dei var komne til butikken. Spennande!

Det er framleis to månadar att, heldigvis, ein del ting som må ordast før me er klare. Men ah, gler oss!

OPPDATERING: Wæææææ.... ikkje vellukka kjole! Helsing brud i naud!