torsdag 19. mai 2011

17. mai -

er vi så glad i ...

For fyrste gong kunne me feire 17. mai med vesla vår,
så i år gjorde me det skikkeleg.
Bunad, rømmegraut og flagg - 
hipp, hipp !! 

tirsdag 10. mai 2011

Loppeskatt


I helga fann eg eit nydeleg koppesett til vesla mi,
sidan eg har nådd eigne koppesett- grenser,
får eg gå over til å kjøpe til ho i staden.

mandag 9. mai 2011

Londra - Ingelterra

Opphaldet i London var fantastisk, så fantastisk at eg må omtale det på italiensk i tittelen. Perfetto.
Det er det beste komplimentet eg kan gje.


Eg var så heldig at eg kunne besøke ei av mine beste venninner, og fekk med ein heil del morsomme fakta, guiding og songar på kjøpet. (Nemn ein song og ho er i gang, denne gongen dreiv ho Melodi Grand Prix reklame i London, så eg trur det kjem mange stemmer til "Haba, Haba" frå England i år.) :0)

                                                 

Mest stas av alt var vel kanskje å sitje i Hyde Park i lag med 300.000 andre menneske og feire bryllaupet til Prins William og Kate Middelton. Det var stor stemning -  tett med flagg, glade royalistar,  hattar og fjør. Og det var kjærleik i lufta, det kunne ein kjenne.





   To veldig glade champagnejenter. Legg merke til hårpryden !!

Etter ein lang dag, og litt champagne var det to venninner som var einige om ein ting;
me er veldig søte.

*** Søtaste G i London,  Thank you! ***

Finaste helga

Nokre helger er betre enn andre.
Dette har definitivt vore ei av dei betre på lang tid.

Våren er balkongtid  - i år som i fjor...

Me har vore på loppemarknad, eg viser skattane i anna innlegg snart... På balkongen har me nytt fantastisk fint vêr, og lytta til fuglesong. Steikt vafler ute, drukke kaffe og sjølvsagt drøymt om huset vårt. "Eg vil ha stort kjøkken!" "Masse vindauge!" roper eg entusiastisk. Mens han som sit på andre sida av bordet, tenkjer meir på romløysingar og antal kvaderat. Eg lurer på om me kjem i havn ein vakker dag, og om me får eit resultat som alle tre er nøgde med.