søndag 25. september 2011

Halvvegs på plass

Me har brukt mykje tid på huset vårt den siste veka. Det har stort sett gått i nedvasking, det har vore ein stor jobb. Det var nesten så det hang rotter fast i spindelveva... berre nesten.



I helga byrja me måle stova, me har måla med Sens frå Jotun, med ein lys farge og to ulike bruntonar (som ikkje er så lett å sjå på bileta.) Heldigvis er det godt med hjelp, elles hadde me nok ikkje flytta inn før til jol.

Er litt spent på korleis peisen kjem til å sjå ut med nokre lag til med måling, 
håpar eg vert nøgd. 

I morgon er det nokre strøk til, 
finne ut av kva me gjer med rommet til vesla og 
korleis gangen skal sjå ut. 
Deretter tenkjer me å starte innflytting sakte men sikkert, 
heldigvis har eg tolmodige svigerforeldre. 

Fin sundag til dere! 

søndag 18. september 2011

Me pakkar ned livet i Oslo





- og set kursen mot vest i morgontidleg. 

Eg og Mr. Sambuar drøymde aldri om å bu i Oslo, 
før me plutseleg var her. 
Me drøymde aldri om å vere lenger i byen enn 
å ha tid nok til å fullføre utdanninga. 
Plutseleg hadde me kjøpt leiligheit, 
fått ei jente og byrja jobbe her. 
Plutseleg var det her me levde livet,
seks år. 
Me har opplevd mykje her, 
både lått og tårer.  
No er det over. 
Det kjennes vemodig. 
Eit nytt kapittel skal skrivast i våre liv-
ein annan stad i landet.



fredag 16. september 2011

Siste dag


Radiohuset. Bilete lånt frå nrk.no

I morgon er min siste dag på jobb i Norsk Rikskringkasting. 
Det har vore nokre spennande år, 
eg har lært mykje og eg synes eg er heldig som fekk jobbe 
i hjarta av norsk media. 

Litt vemodig at det heile er over, 
eg har vandra inn og ut av radiohuset sidan 2006. 

No er eg klar for ny eventyr på 
Vestlandet. 

Skal berre feire litt med gode kollegaer fyrst. 

tirsdag 13. september 2011

I eit hus med hage..


skal me bu - 
og leve lukkeleg 
alle våre dagar ?! 

Flyttar straks inn i eige hus, 
jøss kor vaksen ein kan verte. 

tirsdag 30. august 2011

Essensen

Fin utsikt - snart kan eg nyte det heile tida..

Me skal flytte til Vestlandet igjen,
rart og litt uvant.
Plutseleg vart tida i Oslo mykje
kortare enn planlagt.

Herremannen held utkikk

Sjølv om ting går litt fort i svingane
så gler me oss veldig.
Familie, kjekk jobb og
gode dagar for bornet vårt er
essensen i dette flytteprosjektet.

No treng me berre ein stad å bu,
så kan me slappe av med flotte fjellturar som
den ovanfor!


lørdag 20. august 2011

Visning

Me seljer vår treroms - 
og er klare for å flytte ut av hovudstaden. 


Har rydda og vaska i dagesvis  - 


  
  ca ti minuttar etter visning ... 

søndag 7. august 2011

tirsdag 5. juli 2011

Vestlandssommar

Snuppelura elska søskenbarna sine...
I dag har ho leika med ein av heltane. 

Trampoline er så moro! 


Kosa med ein veldig fin Lurvepus. 


Rart når han sleika på handa.

Lukkeleg familie i Hardanger i dag !

Ferie



Ferien er i gang.
For min del starta den med eit spennande jobbtilbod, og desse flotte blomane som kom levert på døra. Tusen takk, London. Har så langt også fått tid til massasje på Spa og ei kjekk festivaloppleving med gode vener.
Nyter livet, med andre ord.
God ferie til dere der ute også!

søndag 19. juni 2011

Her søv me ikkje

- altså bloggar me ikkje heller.

mandag 6. juni 2011

Kvardagsluksus

Eg fekk denne leveransen på døra mi i dag.


Kva som var i pakken?


        Ingrediensar og oppskriftar for tre middagar til dei vaksne
i huset.


Meny denne veka:
Lun nudelsalat med tandoorikylling & syrlig soyadressing
Stekt ris med peanøttsmør
Marinert og grillet steinbitspyd med kald/lun pastasalat

Det er rein luksus i ein hektisk kvardag.
Takk o' lov for internettet!

torsdag 2. juni 2011

Sidan eg ikkje skriv i avisa

Den siste tida har det vore mykje i media om menneske som har fått livet øydelagt i helsevesenet. Det er mange vonde historiar. Her er vår.

Fullkomen lukke.
Eg har venta på deg i 41 veker og 2 dagar,
i følge ultralydterminen.
Er du gut eller jente?
Liknar du oss?
Korleis vil det verte å vere mamma?
Endeleg skulle me få sjå deg.
Fødsel i to døgn.
Eg vart ikkje høyrt.
Legen kom altfor seint.

Du -

Skreik
ikkje.

Pusta
ikkje.


Kjære Ullevål sjukehus:
De reiv ned alle håp og draumar,
tok ikkje omsyn til oss
som stod knuste tilbake.
Den vesle jenta mi må kjempe for alt i livet,
på grunn av dere.

Eg kjem aldri til å tilgje det.

torsdag 19. mai 2011

17. mai -

er vi så glad i ...

For fyrste gong kunne me feire 17. mai med vesla vår,
så i år gjorde me det skikkeleg.
Bunad, rømmegraut og flagg - 
hipp, hipp !! 

tirsdag 10. mai 2011

Loppeskatt


I helga fann eg eit nydeleg koppesett til vesla mi,
sidan eg har nådd eigne koppesett- grenser,
får eg gå over til å kjøpe til ho i staden.

mandag 9. mai 2011

Londra - Ingelterra

Opphaldet i London var fantastisk, så fantastisk at eg må omtale det på italiensk i tittelen. Perfetto.
Det er det beste komplimentet eg kan gje.


Eg var så heldig at eg kunne besøke ei av mine beste venninner, og fekk med ein heil del morsomme fakta, guiding og songar på kjøpet. (Nemn ein song og ho er i gang, denne gongen dreiv ho Melodi Grand Prix reklame i London, så eg trur det kjem mange stemmer til "Haba, Haba" frå England i år.) :0)

                                                 

Mest stas av alt var vel kanskje å sitje i Hyde Park i lag med 300.000 andre menneske og feire bryllaupet til Prins William og Kate Middelton. Det var stor stemning -  tett med flagg, glade royalistar,  hattar og fjør. Og det var kjærleik i lufta, det kunne ein kjenne.





   To veldig glade champagnejenter. Legg merke til hårpryden !!

Etter ein lang dag, og litt champagne var det to venninner som var einige om ein ting;
me er veldig søte.

*** Søtaste G i London,  Thank you! ***