Kjære vakre vennar og familie -
jolehelsing for 2011 legg eg ut på bloggen, i staden for å sende det i posten. Hausten har nemleg vore meir enn hektisk nok for oss.
Me kjøpte oss hus og flytta frå Oslo til Vestlandet i september. Me har funne oss godt til rette blant familie og vener i området. Med flyttinga har det også fulgt ny jobb for mor og litt tid i barnehage for vesla, me trives båe to. Assistenten flytta med frå aust til vest, ho har hjelpt oss gjennom ein periode med mykje endring, og me er glade for at ho kunne vere ein stabil faktor i kvardagen for oss. No har ho takka for seg, og er attende i storbyen. Me kjem nok til å sakne ho ein heil del.
Jola er straks her, og me er ikkje spesielt godt førebudde. Fyrste delen av desember var me i Oslo, og den siste veka har det vore sjukdom hjå heile familien. Eg trur det vert ei fin jolehøgtid her vest, sjølv om kakemenna er kjøpte, jolehorna er brente og edelgrana litt skakk.
Alle gode ynskjer for jolehøgtida og det nye året, kjære dere!
torsdag 22. desember 2011
søndag 11. desember 2011
Hu hei, kor tida går
Er attende i frå travle Oslo.
Me har vore på kommunikasjonsteam, og fekk mykje utav det oppholdet. Ti dagar vekke frå hus og heim like før jol, betyr også at me er langt bakpå når det gjeld joleførebuing. Altså har me hektiske dagar, då me prøver å redde jolestemninga, jolegåvehandelen, jolekorta og jolejola! De forstår ?!
Bloggar meir ein dag eg har noko fornuftig å kome med...
Godo joleførebuing, så lenge!
tirsdag 15. november 2011
Episode 2
Nytt inngangsparti, så me kan sprade rett inn til bassenget -
utan gjørmete fotar.
Praktisk!
The pool
Godgjorde seg i 5,5 timar med å fylle vatn,
deretter to dagar på å varme opp i frå sju grader til
38.
38 er heilt klart å foretrekke :0)
fredag 11. november 2011
Episodar frå ein kvardag
*Dette hende i førre episode:
(den har ikkje vore vist offentleg før no)
Me får vindauge og veggar også....
Bassenget kom i frå oven, litt vanskeleg å kome skikkeleg til, så
det måtte heisast over hustaket før det landa trygt og godt der det var meint.
*Episode 2: to be continued
onsdag 5. oktober 2011
Utan nett - utan tid
Skal byrje oppdatere så snart me har nettilgang heimefrå.. Altså - når telenor si nettpatrulje er ute.
Det kan ta litt tid med andre ord.
Me har flytta inn.
Eg har byrja i den nye jobben.
Det var dagens oppdatering.
Det kan ta litt tid med andre ord.
Me har flytta inn.
Eg har byrja i den nye jobben.
Det var dagens oppdatering.
søndag 25. september 2011
Halvvegs på plass
Me har brukt mykje tid på huset vårt den siste veka. Det har stort sett gått i nedvasking, det har vore ein stor jobb. Det var nesten så det hang rotter fast i spindelveva... berre nesten.
I helga byrja me måle stova, me har måla med Sens frå Jotun, med ein lys farge og to ulike bruntonar (som ikkje er så lett å sjå på bileta.) Heldigvis er det godt med hjelp, elles hadde me nok ikkje flytta inn før til jol.
Er litt spent på korleis peisen kjem til å sjå ut med nokre lag til med måling,
håpar eg vert nøgd.
I morgon er det nokre strøk til,
finne ut av kva me gjer med rommet til vesla og
korleis gangen skal sjå ut.
Deretter tenkjer me å starte innflytting sakte men sikkert,
heldigvis har eg tolmodige svigerforeldre.
Fin sundag til dere!
søndag 18. september 2011
Me pakkar ned livet i Oslo
- og set kursen mot vest i morgontidleg.
Eg og Mr. Sambuar drøymde aldri om å bu i Oslo,
før me plutseleg var her.
Me drøymde aldri om å vere lenger i byen enn
å ha tid nok til å fullføre utdanninga.
Plutseleg hadde me kjøpt leiligheit,
fått ei jente og byrja jobbe her.
Plutseleg var det her me levde livet,
seks år.
Me har opplevd mykje her,
både lått og tårer.
No er det over.
Det kjennes vemodig.
Eit nytt kapittel skal skrivast i våre liv-
ein annan stad i landet.
fredag 16. september 2011
Siste dag
Radiohuset. Bilete lånt frå nrk.no
I morgon er min siste dag på jobb i Norsk Rikskringkasting.
Det har vore nokre spennande år,
eg har lært mykje og eg synes eg er heldig som fekk jobbe
i hjarta av norsk media.
Litt vemodig at det heile er over,
eg har vandra inn og ut av radiohuset sidan 2006.
No er eg klar for ny eventyr på
Vestlandet.
Skal berre feire litt med gode kollegaer fyrst.
tirsdag 13. september 2011
I eit hus med hage..
skal me bu -
og leve lukkeleg
alle våre dagar ?!
Flyttar straks inn i eige hus,
jøss kor vaksen ein kan verte.
tirsdag 30. august 2011
Essensen
Fin utsikt - snart kan eg nyte det heile tida..
Me skal flytte til Vestlandet igjen,
rart og litt uvant.
Plutseleg vart tida i Oslo mykje
kortare enn planlagt.
Herremannen held utkikk
Sjølv om ting går litt fort i svingane
så gler me oss veldig.
Familie, kjekk jobb og
Familie, kjekk jobb og
gode dagar for bornet vårt er
essensen i dette flytteprosjektet.
No treng me berre ein stad å bu,
så kan me slappe av med flotte fjellturar som
den ovanfor!
lørdag 20. august 2011
Visning
Me seljer vår treroms -
og er klare for å flytte ut av hovudstaden.
Har rydda og vaska i dagesvis -
ca ti minuttar etter visning ...
søndag 7. august 2011
tirsdag 5. juli 2011
Vestlandssommar
Snuppelura elska søskenbarna sine...
I dag har ho leika med ein av heltane.
Trampoline er så moro!
Kosa med ein veldig fin Lurvepus.
Rart når han sleika på handa.
Lukkeleg familie i Hardanger i dag !
Ferie
Ferien er i gang.
For min del starta den med eit spennande jobbtilbod, og desse flotte blomane som kom levert på døra. Tusen takk, London. Har så langt også fått tid til massasje på Spa og ei kjekk festivaloppleving med gode vener.
Nyter livet, med andre ord.
God ferie til dere der ute også!
søndag 19. juni 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)



