Først og framst, tusen takk til dere fine vener som skriv kommentarar på bloggen min og sender sms om at de har lese innlegg. Takk for at de oppmuntrar til å forsetje blogginga. Set stor pris på det! Legg gjerne att kommentarar, det er så hyggjeleg!!
Det har kome mange sigrar vår veg dei siste to vekene. Ein del av bøkene me les har spørsmålsark til sist, plutseleg har ho fått sjansen til å vise om ho forstår kva me les. Kjennes magisk når ho då kan seie at "ein må vere 18 år for å ha stemmerett i Noreg". Ho forstår!!
Det er jo noko eg har sagt heile tida, men når ein er den som skal dra lasset og ha steinhard tru på det utan å vike så er det tungt i periodar. Ein kan ikkje miste motet og ikkje miste den draumen som er langt der framme. Draumen om at ho ein dag kan ha augestyrt kommunikasjonsverkty og seie dei raraste ting.
Kanskje at ho er klin forbanna på meg fordi eg er streng og ikkje så grei alltid, men at ho elskar meg likevel fordi eg aldri har gitt ho opp? Det drøymer eg om.
I dag blei den draumen litt meir verkeleg. Eg hadde ein telefonsamtale med ei som inspirerer meg veldig, som har mykje erfaring og som har trua på den store vesle jenta mi. Kor fantastisk kjensle det er når ho seier at det sjølvsagt må gå an at ho får til dette verktyet. Eg skal be om utprøving så snart det let seg gjere, har høyrt det kan ta oppimot eitt år før ein får hjelpemiddelet og er i gang med testing. Eitt år er lang tid!
3 kommentarer:
Tenk så deilig for Eir å få et sånt verktøy. Skal se hun blir den skravlebøtta!
Dette blir spennande!
Ein er ofte mest irritert (el klin forbanna) på dei som er oss sjølve mest lik. Så her er vel stikkorda sta og engasjert! Nett det som har vore nødvendig for å koma der de er i dag!
Legg inn en kommentar