fredag 2. juli 2010

Late bloggdagar

Har jobba masse i det siste, spennande og krevjande å vere del av ein redaksjon. Det betyr litt lite blogging, men det gjer gjerne ikkje noko. Dei fleste er vel opptekne med ferie og sol, uansett.

Det er helg og sola skin i hovudstaden, bestemor og besten er på besøk og eg skal gå tidleg i frå jobb i dag. Fin start på ei deilig helg. Me tjuvstarta helga i går, då me var på Sommaråpentsendinga på Youngstorget. Der fekk me skikkeleg sommarstemning og det var kjekt å få eit nærmare blikk på det eg brukar dagane mine på å jobbe fram.

Fin helg til alle !

2 kommentarer:

besten sa...

Heilt konge, å sitja i stova og plutseleg sjå kjentfolk på skjermen, her er adressa for dei som ikkje fekk med seg sommaråpent torsdag 01.07.10 http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/648715/
og orkar du ikkje sjå alt kjem bibliotekaren i ruta frå ca minutt 43 og litt utover hei ein framifrå pc kveld

ane sa...

Stas å sjå deg LIVE på tv, og lese namnet ditt... HURRA! GRATULERER! Eg fekk kosetid med gulljenta, noko eg hadde sett fram til leeenge...og denne tida var berre sooo god for meg. Tusen takk for lånet! Klem