fredag 8. oktober 2010

Vesle engelen min

Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.

Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.

Eg har sett krigaren i deg, og er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt.

Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.

4 kommentarer:

itla sa...

Kjære deg, dere gir henne alt alt hun trenger, og mere til. Hun er så heldig som har nettopp dere som foreldre. Det slår meg hver eneste gang jeg ser dere sammen.

Gratulerer til den vakre lille jenta di!

ane sa...

Vakkert! Poetisk! Fantastisk! Å, kor eg kjenner håret reise seg... Tusen takk for at du deler... Varm klem

besten sa...

Har nett lese boka til Jan Gulliou "Ordets makt og avmakt" der han fortel om forfattarlivet sitt på godt og vondt. ( forøvrig lesnad eg vil anbefala sterkt)

Verkeleg godt skrive, du tek oss med inn i situasjonen så me føler me er der, eg må sei eg tykkjer du har ein gjevnad til å formidla tankar og følelsar samt biletlege detaljar som gjer at eg byrjar lura på om bloggtittelen eigentleg gjeld deg sjølv. Er kanskje"bibliotekarspira og forfatterfrøet same person ?" Ser fram til neste innlegg

Berna Marie sa...

Du skriver så nydelig, lever meg veldig inn i den stemningen du formidler. Må bare si meg enig med besten, du har virkelig en gave i å skrive!