Eg har mista mi kjære mormor i år, og det kjem aldri til å verte heilt det same utan ho. Det byrjar å nærme seg eit halvt år sidan, likevel tenkjer eg ofte på ho. Det var spesielt at det ikkje låg gåve frå "Nissen på skarvet", under treet i år. Eg hadde planar om å ta eit bilete av fire generasjonar, med trulta, meg, mamma og mormor - plutseleg er det for seint.
I dag kunne eg hatt ein hoppande glad liten toåring, som sprang rundt beina på meg og masa som Skravlekaspar frå Hønefoss. Det har eg ikkje - tingen er at eg ikkje tenkjer så mykje på akkurat det lenger.
Me har vore heldige, og har verdas beste vesle jente uansett. Eg trur at gjennom vårt valg av trening vil ho kunne gjere mykje når ho vert eldre. Det kjennes godt å prøve og eg kjem aldri til å gje ho opp.
Det er ikkje alt her i verda ein kan styre. Same kor mykje riktig og godt ein gjer så er ikkje alt styrt av karma. Eg har sett kor skjørt livet kan vere, og tek ingenting for gitt lenger. Det er ein god tanke å ha med seg inn i eitt nytt år.
Ein er ikkje sikra god helse, langt liv og lukke heile livet - ta vare på stundene og dei de er glad i.
Ynskjer dykk alt godt for 2011 -
Familien Flint

6 kommentarer:
Kloke ord framfor det nye året frå deg! Godt nyttår og lukke til med valet de har gjort m.o.t. trening:)
hurra for frøken dings!! blir spennende å se hva treningen bringer i 2011 :)
Et ønske om alt godt i 2011, sendes tilbake til familien flint. Dere er fantastiske!
Masse klemmer
Det viser på skrivinga at de har hatt gode dagar på Søre Møre og vorte dulla skikkeleg med alle tre. Det kjem vel me når ein skal springa i motbakke resten av året. Det er nok rett at det ikkje er alt ein kan styre, faktisk veldig lite, men derimot kan ein velja å gjera noko med det som vert påtvinga ein. Her er det eg synest de verkeleg fortenar ros, så får de gle dykk litt over ordtaket om at små menneske har små utfordringar og problem, store menneske tek store utfordringar og løyser store problem. Fin kveld til treningsEir og trenar teamet hennar
Hei, kjempeflott blogg. Vil nok følgje dine oppdateringar vidare framover. Stor klem til dykk fra Torunn
Vi ønsker dere alt godt i det nye året. Klem fra Ingelin og Helge
Legg inn en kommentar