torsdag 17. februar 2011

Medisinkutt

Vår trend hjå apoteket har snudd. Dei siste åra har eg mottatt litervis av ernæringsdrikke, kjøpt gud-veit-kor- mange pakkar med klystèr og boksar, på boksar med medisinar.
Apotekbesøk i 2011;  1 nasespray, takk.

Sakte men sikkert har me trappa ned medisinar i laupet av hausten, like før jol kutta me ut siste rest. Det går kjempebra.  Det er ein del jobb med stramt kosthold, men det er verd det når ein ser resultatet. Det er nesten så me ikkje trur det sjølve, det var dette me drøymde om då me starta med Family Hope i august.

3 kommentarer:

Inger Lise sa...

For en flott blogg, og ej so ikkje viste om na en gong. Veldi kjekt å lese om framgong. Nasespray må no vi alle ha frå apoteke i disse tidene.

besten sa...

Jaaa, det var eit fornuftig standpunkt. Litt enklare for oss vestafjells å fylgja med korleis det står til i småbygda austafor, når me får oppdatering på bloggen.
Fantastiske resultat de har oppnådd, tenk at lassevis med medisiner er redusert til forbruk av nasespray, nesten ikkje til å tru. Gratulerer

Berna Marie sa...

Det er så utrolig flott! Dere er så flinke å stå på, og så herlig når det gir slike resultater:) mange som kunne lært noe av dere og det dere har oppnådd ved å se muligheter framfor begrensninger.