Kjære mormor -
Snart er det påskeferie og me skal på Seljestad,
i år er ikkje du der.
Det beste med påsken før var hyggen på Gamlestøl.
Klumpete potetstappa og pølser smakte alltid ekstra godt på hytta.
Lese i hytteboka og gamle Romantikk.
Strikka ein halv sokk med restegarn, eg vart sjeldan ferdig.
Påskerenn og latter.
Drikka verdas beste vatn frå elva og snika snop i skapet.
Yatzy og kort om kveldane.
Kryssord.
Takk for alle dei fine minnene.
Eg tenkjer ofte på deg,
det vert ein rar påske.
3 kommentarer:
Ja no er det nye generasjonar som må halda tradisjonane ved like. Me ser fram til at de dukkar opp. Me er allereie på plass på hytto med fyr i ovnen og lass på lass med "påske" dratt bort på pulk. Gratis med ny bil, og køyr forsiktig.
Åh, no satt du meg bare mange år tilbake i tid... Huske så godt stillheten i hytta på kveldene, den gamle vekkerklokka som tikka jevnt, elvesusen... Tårene kom med en gang eg leste innlegget ditt..Verdens beste mormor! E så gla for alle gode minner! Huske så innmari godt alt du har nevnt i innlegget ditt...og må jo nevne at eg huske så godt når vi spilla svarteper, med sot på nesa til den som tapte.. ;) - Vi har vært heldige som har hatt ei så flott mormor, og som har så mange gode minner å ta vare på.. <3
Fin, fint Linda. Me har vore utruleg heldige, og det er godt å tenkje tilbake på.
Legg inn en kommentar