mandag 9. mai 2011

Finaste helga

Nokre helger er betre enn andre.
Dette har definitivt vore ei av dei betre på lang tid.

Våren er balkongtid  - i år som i fjor...

Me har vore på loppemarknad, eg viser skattane i anna innlegg snart... På balkongen har me nytt fantastisk fint vêr, og lytta til fuglesong. Steikt vafler ute, drukke kaffe og sjølvsagt drøymt om huset vårt. "Eg vil ha stort kjøkken!" "Masse vindauge!" roper eg entusiastisk. Mens han som sit på andre sida av bordet, tenkjer meir på romløysingar og antal kvaderat. Eg lurer på om me kjem i havn ein vakker dag, og om me får eit resultat som alle tre er nøgde med.



2 kommentarer:

Geitrams sa...

Finaste helga og finaste jenta :)

Bibliotekarspira sa...

Og eldste biletet... Eit heilt år gammalt, ho er jo reint vaksen no.