Plutseleg er me starta på eit nytt år,
og eg har ikkje skrive noko i jola.
Oppsummert i korte trekk var den slik:
Fyrste gong me har hatt joletre i eiga stove.
Denne nissen har fulgt sambuaren min kvar
jol sidan han var liten. No vil den bu hjå oss.
Flott juggel frå vatikanet -
petersplassen kan du så vidt sjå på biletet.
Eg reknar med paven høyrer bønene mine.
Størst av alt er kjærleiken - eller tolmodet?
Uansett,
me har trulova oss.
Lukke!
Dei to vakraste menneska eg veit om..
Mammo sin joleskatt!
Lita snella -
sosial og vaken om kvelden ,
akkurat som vanleg.
Vonar de har hatt ei fin jolehøgtid også -
alt godt ynskjer me for det nye året.
1 kommentar:
Grattuuuuulllera, no gler me oss til bryllaup, savna dykk i Jula, men med det været som blei var det nok rett at de heldt dykk i ro, sjølv om det var straumlause ei stund. Ser no framover mot å treffast om ikkje lenge
Legg inn en kommentar