tirsdag 6. mars 2012

Beretninger om begynnelser

På torsdag i førre veke såg eg eit ansikt i fjernsynsruta, ei kvinne eg ikkje hadde sett på tre år. Det sugde meg automatisk inn i dokumentarenserien Beretninger om begynnelser. 

Me møtte Nina og Målfrid då me låg på Obs.posten på Ullevål. Du var nyfødd, me var kasta ut i eit reint helvete der kontrastane var så enorme. Gleda og forventningane over å verte foreldre kontra alvoret og krisa. Me visste rett og slett ikkje om du kom til å overleve. Å sjå film frå avdelinga vekkjer minner som eg mest ikkje visste at eg hadde. 

Angsten for pipa som oppkallinga på personsøkjarane til legane gjev. Duren av dispensarar med antibac. Dei alvorlege samtalane med Nina, Målfrid og dei andre på avdelinga.
Den lange, lange, lange gangen der eg ein gong gjekk med kroppen full av innsovingsmedisin. Eg måtte ned til deg, det stod alvorleg til. Eg trudde du kom til å dø før eg rakk fram. 
Å vakne midt på natta og håpe at ein er død sjølv. 

Panikken som greip meg då dei i serien trilla ei av mødrene inn på føden. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på at det kunne vere "vår" jordmor som var der som fødselshjelpar. Det er best å ikkje vite kva ho gjer i dag.
Legane på føden, så trygt alt ser ut. God oppfølgjing.

Eg kjem nok alltid til å tenkje at eg ikkje forstår kvifor det ikkje kom nokon til oss den gongen. Eg kjem nok aldri til å få eit godt svar på det. Eg kjem nok aldri til å kome over det heller. 

Uansett, serien er viktig. Eg tenkjer det er viktig å vite at alt ikkje alltid går bra for andre enn oss også. Den viser litt korleis me opplevde livet når me vart foreldre. Når lukka vert snudd til fortviling, og ein finn seg sjølv att i eit kaos ein ikkje finn vegen ut av. 

Neste episode går på tv2  på torsdag. Eg forsetjer mi bearbeiding då. 

Ps. Eg skriv stadig og ubevisst feil, det vert alltid Jordmord - 
og frå no av trur eg at eg berre skal late det stå slik.


Jordmord


3 kommentarer:

itla sa...

Jeg har lest og felt noen tårer. Du skriver så fint - og så vondt. Jeg husker meldingene jeg skrev med deg i de dagene. Det var så nært, men samtidig så uendelig fjernt. Så umulig å prøve å forstå. Jeg klarer fortsatt ikke helt å forstå, tror jeg.

Jeg tenker på deg, ofte. Ikke alltid så flink til å formidle det, bare...

Anonym sa...

Grin! Grin! Grin! Sterke ord, frå ei som har ordet i si makt. Stå på vidare! Eg er ny her inne, og les ulike bloggar for å få eit visst overblikk...men denne verda er stor. Takk for at eg kom innom deg... Du er stor! Ha einvakker sundag, med dine vakre ikring deg. Varm klem frå ENIA

9nah sa...

grin grin grin ja... berre skriv jordmord du. Det lyt vera lov :) Klem på du!! :)