lørdag 28. april 2012

På betringens veg?

Dei siste månadane har vore harde. Vesla har vore i veldig dårleg form, frykteleg stiv i kroppen og magen har ikkje fungert slik den skal. Det har sjølvsagt gått ut over søvnen. No har aldri vesla vår vore så glad i å sove, men når det betyr at me sit oppe halve eller heile nettene med ein grinete unge, over fleire månadar, så er det klart at ein mistar litt motet sjølv også.

Den framgangen me hadde sett, stoppa plutseleg opp, ho har hatt nok med å vere i kroppen sin. Fokusere på å ikkje ha det vondt. Det slo meg i dag, at me ikkje har lest i bøker og leika med instrument dei siste månadane. Ting ho liker godt. Ingen har orka.

På onsdag avslutta me ein kur ho har gått på, og me har mistenkt at den kunne vere medvirkande til problema. I går var plutseleg humøret heilt annleis. I natt har ho sove 11 timar samanhengande!!!!! Og absolutt alt ser litt lysare ut. Det skal ikkje så mykje til :)

Eg håpar den dårlege perioden er over, den treng aldri aldri kome attende til oss. Dette er slik me treng å sjå jenta vår og det er slik ho treng å ha det sjølv.


2 kommentarer:

Else sa...

hurra! fram med tamburinen :)

Anonym sa...

Herlig. Så smilande og fin. Ja, vi krysser fingrer og tær for en bedre periode. Det har dere ærlig fortjent.
Bestemor