tirsdag 16. april 2013

Berg- og dalbane

Livet mitt kjennes ofte som ein berg- og dalbane, det svingar mellom gode og dårlege periodar for jenta mi. Og me to andre, me heng på! Det blir til at motet går opp og ned hjå oss også. Spesielt har det vore utfordrande med mageproblematikken. Kvar gong me får nye tips og idèar må me vere optimistiske og tru at det kjem til å hjelpe.

For tida skjer det ei spennande endring hjå vesla, den er ikkje så god å peike på, den berre er der. Kvar månad køyrer me to timar for å ha ein time hjå barneosteopat og deretter dreg me heimatt. Me starta med osteopatibehandling allereie då ho var seks månadar og har alltid følt at det hjelper ho. Men det er ikkje godt å seie kva som skjer, dei jobbar med hjernen og veskene rundt nervesystemet, i tillegg til alt anna vi tilfører av trykktank og trening så endrar ho seg.

Dei siste to gongane hjå osteopat har han vore veldig nøgd. Det er skjedd ei endring i kroppen, der systemet tidlegare nekta å ta i mot behandling er det no blitt mottakeleg. Det jobbar ikkje i mot. Denne gongen fekk han tilogmed til å jobbe med tarmane.

Eg håpar; kryssar alt eg har, bankar handa i bordet og hovudet i veggen:

Eg håpar dette kan hjelpe ho.

4 kommentarer:

besten sa...

Det hjelper, men det tek litt tid, og igjen DET NYTTAR. Trass i alletilbakeslag har ho kome seg betrakteleg det går jo framover sakte men sikkert

Anonym sa...

Eg er imponert over kor mykje dere står på! Og eg er sikker på at det hjelper. Sjølv om det er to steg fram og eit tilbake. Silje:)

Else sa...

for en fantastisk belønning for hardt arbeid :) hurra for osteopat!

Anonym sa...

Det var kjekt å lese; alt som kan gjere det betre må vere verdt å prøve. Men for en jungel- alt ein kan velje i! Dåkke er fantastisk flinke :) God klem frå Hilde