søndag 30. juni 2013

Trøyttesen

Klokka er snart to på natta og den vesle hønsa vår ligg over fanget mitt.. Dårleg i magen og dårleg i pusten, det heng saman for tida. No har ho vore "av og på" -  sjuk sidan 16.mai. Det har vore lite søvn i denne perioden og mykje stress, eg trur det er ekstra lett å vere dramatisk når ein opplever så mykje utfordringar.

Ho har byrja få mykje slim på lungene og eg håpar, håpar, håpar at det berre er eit virus. Det har vart lenge no og det er vanskeleg å få gjort noko med det. Me har prøvd medisinar, hostesaft og innimellom er ho betre. Eg er redd det er noko nytt som er kome for å bli, sånn når me er komne eit steg vidare på ei side så kjem det nye hinder i vegen. Noko som skal plage vesla lenge og gjere alt vanskelegare. Førre veke var betre, då slo ho til og sov fleire netter på rad. Foreldra blei menneske att og  klarte tenkje på andre ting enn ho om kvelden. Det gjekk over på sundag og no har me hatt ei veke med lite søvn att. Rekorden var då ho la seg klokka seks fredagsmorgon og sov heilt til klokka var ni. Nett nok til å halde det gåande ein heil dag!
Me er ikkje den blidaste gjengen for tida.


2 kommentarer:

Anonym sa...

Uff og uff. Stakkars liten. Skjønar at det er vanskelig å halde humøret oppe etter slike netter. Håpar det går over snart. Har dere fått noko tilbakemelding på søknad om nattevakt, forresten? Silje:)

Bibliotekarspira sa...

Nattevakt får me to dagar i veka i ein periode framover. Det hjelp nok ein heil del. Skal ta til med det så snart me er heime frå Danmark!