Kva er eit menneske eigentleg verd?
Det er ein sak eg har fundert på mange gongar etter me fekk jenta vår.
Eg sit og jobbar med ein rapport som skal inn i forbindelse med anka vår. Det er 17 månedar sidan saka blei vidaresendt til nemda for anke. Saka kjem opp antan før eller etter sommarferien. No har me fått beskjed om å ta video av at ho liker ting, ikkje er likegyldig til det som skjer rundt seg. Det er tipset advokaten vår gir. Det blir gjort store forskjellar ut i frå kognitive ferdigheiter i forhold til erstatning.
Filmen skal ikkje vare lenge, maks to minuttar og kommentarane våre kan ikkje vere lange. Det blir behandla noko og 30 saker på same møte. Dei har mykje papir om vesla, mest av alt er dei opptekne av diagnosa hennar. Ein diagnose som ut i frå gamle tankesett ikkje høyrer saman med intelligens, kan ein kanskje seie. Vel, det er ikkje noko tvil om at frøkna her i garden gjer dei tankane til skamme. Men frustrasjon blir det likevel. Kvifor skal ein måtte bevise ting som at ho koser seg i basseng? Er ho meir verd om ho koser seg i basseng enn om ho ikkje gjer det? Kva med dei som gleder seg over ting, men som manglar mimikk. Er dei mindre verd? Er mi jente mindre verd fordi ho er seint i gang med kommunikasjon? Ei påført skade som har gjort språk og syn utfordrande er hennar store problem i denne samanhengen. Er andre med godt syn meir verd enn ho?
Kvifor skal ein få meir i erstatning om ein har vore utsett for same type skade, men skada har gitt ulike utslag? Kvifor er ikkje det ein samanheng mellom større skade = meir erstatning? Ikkje mindre skade = større nyttiggjeringsverdi, slik sakane er i dag. Eg tør påstå at det er meir utfordrande dess meir omfattande skade ein har fått. Det betyr ikkje at det ikkje er moglegheiter, men det betyr at det må jobbast ekstra mykje for. Det er vel kanskje der erstatninga og nemnda bommar, dei meiner gjerne at det ikkje er vits i.
Det er eit skammeleg menneskesyn Pasientskadeerstatninga og Pasientskadenemda har.
2 kommentarer:
Lykke til med nemnda. Vil ho fortsatt bare ha på seg dei rosa skoene som er alt for små?
Det er nå ihvertfall et bevis på at hun blir glad for akkurat de samme tingene som alle andre jenter.
Takk Else!
Dei er altfor små no, kjem ikkje oppi dei lenger.. Men ja, du har rett i at ho er ei pyntedora som mange andre småjenter me kjenner ;0)
Legg inn en kommentar