Mykje kunne vore sagt om tida som er passert sidan sist eg har blogga. Raskt oppsummert vil eg berre seie : me har hatt ein god sommar og no er jammen meg veslebroren vår blitt 1 år alt.
Eg sit her og funderer på korleis ein forklarer førskuleungar dette med å vere annleis. Det slår meg, at det kanskje er me vaksne som lagar så stort fuzz ut av slikt. Ikkje borna. Dei stiller spørsmåla dei lurer på, ærleg, utan filter. Og det må me tole å høyre. Og gi ærlege svar attende til dei.
I bunn og grunn er me jo alle forskjellige. Me er gode på forskjellige ting og har ulike kvalitetar.
Eg skriv ei lita bok som jentungen kan ha med seg i barnehagen, slik at dei kan få litt svar på det dei lurer på. Limer inn bilete også, så kan dette vere hennar måte å fortelje om seg sjølv på. Det er ikkje alltid så lett å svare når ein ikkje har språk. Sjølv om eg til stadig tek meg i å tenkje at ein får uttrykt uendeleg mykje likevel.
Sukk, gode jenta mi. Kor eg tenkjer og tenkjer på deg.
Suss frå mammo
1 kommentar:
Flotte jentene våre , synest de er flinke foreldre som takkar dei store utfordringane på ein så positiv måte, må vera ei stor gleda for jenta å få fortelja og delta på ein slik måte, spent på å høyra resultatet
Besten
Legg inn en kommentar