Litt småstressa for bryllaupet, men det ser ut til at det ikkje er nokon grunn til.
Brudekjole - check
Eg gjekk inn i ein butikk i Ålesund med nokre bileter og forklarte kva type kjole eg ville ha. Eg er ikkje så veldig glad i dei tradisjonelle kjolane, der eg trur eg ville sett ut som ei blautkake. Eg er frykteleg spent på å sjå resultatet, etter nokre mål vart det nemleg sendt til Kina for å verte sydd der. I morgon skal eg til byen i lag med mor mi for å prøve den, då får eg vite om det er katastrofe eller lukke... Hjelpes!
Har ei kriseløysing klar i hovudet mitt..
Ringar - check
Bestilte dei før me reiste til Danmark, i dag fekk eg melding om at dei var komne til butikken. Spennande!
Det er framleis to månadar att, heldigvis, ein del ting som må ordast før me er klare. Men ah, gler oss!
OPPDATERING: Wæææææ.... ikkje vellukka kjole! Helsing brud i naud!
3 kommentarer:
Når ein jobbar iherdig med ting, vert nok resultatet til sist kjempebra, gler meg til "wedding in september"
Men mest gled det meg at heimesituasjonen har betra seg ved at vesla har fått orden på magen. Takk for fine dagar på møre, men herregud de må sjå å gjera noko med det været.
Glada oss kjempe mykje til Italia og bryllup no ja!! Får ditte været e deprimerandes! :-/
Gleda oss også til å møte vesla igjen, høre at ho endeli e mykje bedre! :-)
-Tante S
Huhu, sol vert bra og fint! Alt er betre no, heldigvis!
Legg inn en kommentar