Das Leben der Anderen, er eit tysk drama. Det kan høyrast avskrekkande ut, men legg fordommane dine på hylla, så skal du få ei positiv overrasking.
Settinga er Aust-Berlin før muren fall. Stasi er travelt opptekne med overvakning av samfunnet. Gerd Wiesler får i oppdrag å overvake dramatikeren Georg Dreyman. Kulturministeren som har iverksatt oppdraget har ein eigen agenda, når det gjeld Dreyman. Det involverer Dreymans kjæreste , Christa-Maria Sieland.
Filmen inneheld alt ein kan ynskje seg. Spenning, ei veldig god historie og tilbakeblikk på ei svunnen tid. Då filmen kom vann den fleire prisar.
Den er verd å sjå, og det kan du gjere på NRK 2, kl 21.05 i dag, onsdag 4.november

2 kommentarer:
Alt som du kan og veit, kanskje ikkje så rart at du føl med på nrk agendaen forresten. er nok vorte den 6 før eg fekk dette med meg. God helg til samtlege blogg (adictede)avhengige
Du kan låne filmen av meg, har den liggjande..
God helg!
Legg inn en kommentar