Kvar kveld har me ei kosestund, då les me bøker. Vesla er like glad i desse seansane som oss, det er stas å få lese gjennom gode gamle klassikarar med eit lydhøyrt publikum som ho.
I dag var det Den vesle tigeren og bjørnen me kosa oss med.
Eg simpelthen elskar desse historiane, og lev meg inn med den med mi beste fortellarstemme. Historiane er så fine, og eg ler meg skakk av alle finurlighetane. I kveldens historie laga tigeren og bjørnen sin eigen telefon:
"Hallo tante Gås, det er din vesle tiger som ringjer.
Høyrer du meg, tante Gås?
Ja, det er eg, tigeren med den vesle tigerhalen bak,
nevøen din".
Ekstra plusspoeng for nydeleg, nydeleg nynorsk bruk!
søndag 10. april 2011
onsdag 6. april 2011
Spytteprat
"Kom igjen, spytt", etterfulgt av jubel når ynskjet vart innfridd.
Pappa pussa vesla sine tenner.
Eg stod og såg på desse to viktigaste personane i livet mitt.
Korleis klarer han å skape så mykje innlevelse i tannpussing?
Eg er litt usikker på akkurat det.
Men det eg veit er at ein slik rar ting har gjeve meg lukkekjensla i dag.

torsdag 24. mars 2011
Dicke Dick Dickens
Kongen på haugen og den aller farlegaste mannen i Chicago !
Såg Dicke og Effie på teater i går, og det var aldeles fantastisk! Til alle som er litt interessert i teater - og radiohøyrespel: de må gå å sjå det. Fantastisk samspel mellom dukker og levande menneske, heile stykket var løyst på ein humoristisk og god måte. Eg lo heile vegen heimatt.
tirsdag 22. mars 2011
LykkeLi
Bilete lånt i frå www.glowlight.com.au
Toppen av lukke på slutten av ein laaaaang måndag?
Fitness fusion - Glowstick special på Elixia, akkopagnert av Lykke Li "I follow rivers".
Alle stod og dansa med lysande armeband, slitne og smilande.
Fiiiiiint.

torsdag 10. mars 2011
onsdag 9. mars 2011
Vendepunktet
Det er andre gongen me har vore i Usa, tredje gongen me har truffe folka frå teamet på FHC.
Det har vore fantastisk. Det har vore vendepunktet i familien vår. Etter me traff Matthew, Carol, Greg, Andrea, Dr.Bernardo og Donna så har alt endra seg - eller eigentleg så endra det seg litt allereie då me høyrde om dei.
Då vesla var seks månedar gamal såg det som svartast ut for ho, og dermed også oss. Hennar framtidsutsikter var dårlege, og det var vanskeleg å svelgje når ein lege sa rett ut at ho kunne gløymast, få eit nytt barn i staden. Når du sit med det vakraste velse jentebarnet i armane, og du kjenner kjærleik, men også redsel, frykt og engstelse - korleis kan ein nokon gong gje opp?
Eg hugsar heile den sommaren som grå, kald og våt - det regna og regna. Eg prøvde desperat å få i ho mat, og taktikken var å bruke vippestol, synge og alt anna som kunne få avleda merksemda hennar slik at det sklei inn noko graut i den medisinerte kroppen. Eg amma og ho beit. Eg trur ikkje me såg spesielt lukkelege ut, heller fullstendig utslitne og redde. Svigermor mi nemde så vidt Doman og Liveåtte, så var det i gang. Me googla og googla, og me byrja lese alt me kom over - og mens me gjekk trilleturar for å lokke fram svevnen hjå frøkena, byrja me å draume og håpe.
Det er eg så uendeleg glad for i dag. Frøken Dings er ikkje berre på veg fram og opp, men resten av familien har det også betre. Det er godt å kunne føle at ein har kontroll og styring sjølv.
Ps. 2 år og 4 mnd gamal har ho byrja å lese.
Kvifor skulle me gje opp?

JET LAG
Eg skriv det med store bokstavar, Frøken Dings har JET LAG. Me kom heimatt på sundag, men ho er framleis i villreie på tida. Ho har lagt vaken kvar natt, og i går sovna ho overalt midt på dagen. Etter fyrst å ha sovna frå leik på golvet, deretter i badekaret prøvde eg å leggje ho i senga - nei, takk mamma!
Me er enno ikkje ferdig utpakka, og eg har mykje å fortelje om dagane i Usa. Men akkurat no er det litt andre ting som må prioriterast. Ein stykk skrikarunge, f.eks.
Me er enno ikkje ferdig utpakka, og eg har mykje å fortelje om dagane i Usa. Men akkurat no er det litt andre ting som må prioriterast. Ein stykk skrikarunge, f.eks.
torsdag 3. mars 2011
A family with hope
1. dag på instituttet er over, det har vore ei intens, men flott oppleving denne gongen også. Me vert hjarteleg mottekne, folka som jobbar der er så flotte og positive. Det er alltid fokus på det ein får til, og det som er positivt, ikkje på kva som ikkje ser bra ut.
Testane i dag såg bra ut på mange områder, det er kjekt når det går framover - og me fekk mykje skryt for innsatsen me har gjort. No ligg me slagne på sofaen alle saman, me har 20 minuttar med DVD som skal sjåast til i morgon. Og nye 10 timar på instituttet framføre oss - best å vere utkvilte.
Det hjelper på med ostekake frå Cheesecake factory for å få motivasjonen på topp :0)
Me er glade og nøgde -
og let for all del ikkje vesla suse rundt aleine med Frøken Fryd (assistenten) -
dei kan finne på å kome attende med godteri og ein kvalp,
som de ser.....
fredag 25. februar 2011
Cause I'm leaving on a jet plaaaaaane
I don't know when I'll be back again...
Pakking på gang her i Tigerstaden. Som de ser - vilt kaos på bordet. Kofferten ser heldigvis litt meir organisert ut. Usa i morgon føremiddag, me gler oss og er spente på å treffe Matthew, Carol, Greg og Donna igjen.
Prøver å oppdatera litt forløpande, håpa på god nettilgang på hotellet.
Send oss gode tankar, det treng me - ** alltid **
God helg til dere som vert verande i heime også.
tirsdag 22. februar 2011
Bonjour!
Je m'appelle Girraffe.
Monsieur Giraffe .
Til og med giraffane veks fort i denne familien, no
er han snart konfirmant og har over natta fått bart.
mandag 21. februar 2011
Badeløve med røyrsler
I fjor på denne tida var me for fyrste gong i kontakt med Family Hope. Me var på kurs i Danmark. På det tidspunktet var veslejenta vår veldig utrygg. Ein av dei tinga me sleit med var bading, ho var hysterisk.
Eit år etter har me fått ei lita badeløve. Sidan me var på FHC i september, har me bada på kvardagar. Me startar dagane med å reise på bading, i laupet av hausten har dette vorte ein aktivitet me alle trives godt med. I 35 grader kosar me oss, leiker vannkenguru og syng ein heil masse. Denne badinga har hatt mykje å seie for kroppen hennar, no er ho mjukare og mykje meir i røyrsle i både basseng og på land. Det gjer godt å sjå.
Takk for fine kommentarar, kjekt å høyre frå dere der ute som les bloggen :0)

søndag 20. februar 2011
Vektauke
Mykje fint har fulgt med Family Hope for vår del, blant anna er Trultemoren verkeleg blitt ei trultemor. No er ho god og rund i kjakane og med ei god vektauke har at ho faktisk tatt att ein del av det tapte. I takt med nedtrapping av medisin, har matlysta auka. Akkurat slik me hadde håpa.
Vektauke betyr også at frøken kan gå opp ein størrelse i bleier. Andre foreldre tek det kanskje som ein sjølvsagt ting. Eg er rørt og har snakka om det i vekesvis.
Hurra så glad me vert av å få litt kjøtt på beina!
torsdag 17. februar 2011
Medisinkutt
Vår trend hjå apoteket har snudd. Dei siste åra har eg mottatt litervis av ernæringsdrikke, kjøpt gud-veit-kor- mange pakkar med klystèr og boksar, på boksar med medisinar.
Apotekbesøk i 2011; 1 nasespray, takk.
Sakte men sikkert har me trappa ned medisinar i laupet av hausten, like før jol kutta me ut siste rest. Det går kjempebra. Det er ein del jobb med stramt kosthold, men det er verd det når ein ser resultatet. Det er nesten så me ikkje trur det sjølve, det var dette me drøymde om då me starta med Family Hope i august.

onsdag 16. februar 2011
Oppdatering
Litt fram og tilbake i tankar og innlegg i det siste. Eg har tenkt mykje på om eg vil fortsetje med bloggen, og kvifor eg såfall skulle gjere det. Eg starta den for at nær familie og vennar skulle kunne følgje oss, etterkvart har eg følt at det kan vere viktig å formidle både dei kjenslene me har kring livet og den utfordringa det har vore å få ei jente med hjerneskade. Utfordring med helsevesenet, valg og gjennomføring av trening, og vise at det nyttar å gjere ting på sin eigen måte. Det vanskelege er å la vere å eksponere vesla for mykje, det er også det eg tenkjer mest på. På ei anna side var det ei slik side eg sakna mest sjølv når me vurderte moglegheitane våre, og det var ei lukke kvar gong me fann noko som kunne bekrefte at det var grunnlag for håp, og for ei betre framtid.
Tenkjer difor at eg held det gåande og kjenner litt etter på vegen kor grensene går.
Me har hatt mykje sjukdom hjå oss dei siste månadane. Me har rukke å vore innom både matforgifting, influensa og snørr / gørr. Treninga har gått så som så, og denne veka skal me eigentleg evaluere dei månadane som er gått sidan me sist var i Philadelphia. Me har fått til mykje av det me har ynskja oss, og er straks klare for å leggje ut på ei ny reise over dammen.
Kva me har fått til?
Det får du vite om du sjekkar innom igjen i morgon. Forsetjing følgjer..

søndag 23. januar 2011
Pause..
I samband med nytt år, sjukdom og prøvelsen med å innføre ein ny og betre livsstil-
har eg tatt meg ein pause.
Eg har logga av Facebook for ei stund, det same gjeld bloggen. Sosialt sjølvmord?
Eg håpar og trur eg er attende "first thing" i februar.
Ynskjer alle som følgjer oss forsatt god januar -
-Familien Flint
har eg tatt meg ein pause.
Eg har logga av Facebook for ei stund, det same gjeld bloggen. Sosialt sjølvmord?
Kanskje.
Eg håpar og trur eg er attende "first thing" i februar.
Ynskjer alle som følgjer oss forsatt god januar -
-Familien Flint
Abonner på:
Innlegg (Atom)