Det er andre gongen me har vore i Usa, tredje gongen me har truffe folka frå teamet på FHC.
Det har vore fantastisk. Det har vore vendepunktet i familien vår. Etter me traff Matthew, Carol, Greg, Andrea, Dr.Bernardo og Donna så har alt endra seg - eller eigentleg så endra det seg litt allereie då me høyrde om dei.
Då vesla var seks månedar gamal såg det som svartast ut for ho, og dermed også oss. Hennar framtidsutsikter var dårlege, og det var vanskeleg å svelgje når ein lege sa rett ut at ho kunne gløymast, få eit nytt barn i staden. Når du sit med det vakraste velse jentebarnet i armane, og du kjenner kjærleik, men også redsel, frykt og engstelse - korleis kan ein nokon gong gje opp?
Eg hugsar heile den sommaren som grå, kald og våt - det regna og regna. Eg prøvde desperat å få i ho mat, og taktikken var å bruke vippestol, synge og alt anna som kunne få avleda merksemda hennar slik at det sklei inn noko graut i den medisinerte kroppen. Eg amma og ho beit. Eg trur ikkje me såg spesielt lukkelege ut, heller fullstendig utslitne og redde. Svigermor mi nemde så vidt Doman og Liveåtte, så var det i gang. Me googla og googla, og me byrja lese alt me kom over - og mens me gjekk trilleturar for å lokke fram svevnen hjå frøkena, byrja me å draume og håpe.
Det er eg så uendeleg glad for i dag. Frøken Dings er ikkje berre på veg fram og opp, men resten av familien har det også betre. Det er godt å kunne føle at ein har kontroll og styring sjølv.
Ps. 2 år og 4 mnd gamal har ho byrja å lese.
Kvifor skulle me gje opp?